Møsvatn er ein innsjø i Vinje (og ein liten del i Tinn) kommune, Telemark fylke. Sjøen har ei uregelmessig form med tre armar. Største lengd er om lag 40 kilometer. Møsvatn er eit etter norske tilhøve grunt fjellvatn; største djupn som er målt, er 45 meter. Møsvatns hovudtilløp Kvenna kjem frå fleire vatn på den sørvestlege delen av Hardangervidda. Sjøen har avløp gjennom Måne til Tinnsjå.

I 1904 byrja reguleringa av Møsvatn, som er det største magasinet for kraftverka ovanfor Rjukan. Det blir regulert mellom 918,5 og 900 meter over havet. Sjøarealet kan derfor variere sterkt; frå 78 kvadratkilometer til 80,9 kvadratkilometer. Møsvatn er den største innsjøen i Telemark.

Møsvatn er Noregs fjerde største reguleringsmagasin med eit energiinnhald som svarer til om lag 2300 GWh. Nedbørfeltet er på 1 500 kvadratkilometer, og det kan lagrast 1 064 millionar kubikkmeter vatn.

Det ligg ein del gardsbruk spreidd rundt vatnet; her finn ein nokre av dei høgastliggande gardane i landet. Møsstrond kyrkje ligg etter reguleringa på ei øy i Møsvatnet. Det er motorbåtrute med M/B Fjellvåken II mellom Skinnarbu i sørenden og Mogen i nordenden i sommarsesongen. Riksveg 37 på søraustsida knyter saman Rauland med Rjukan.

Namnet kan ha samanheng med elvenavnet Måne.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg