Mai er norsk form av det svenske kvinnenamnet Maj som er kortform av Maja. Mai kan også gå tilbake til månadsnamnet mai brukt som førenamn.
Mai
Kjende personar med namnet Mai
Eit utval personar med namnet Mai, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mai Lindegård Solem (1919–1968)
- Mai Zetterling (1925–1994)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 053 kvinner i Noreg som hadde Mai som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. Mai – med topp 1955–1964 – er i forma Maj er innlånt frå svensk. Mai kjem på linje med andre einstava nordiske namn som Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste har til liks med Mai og May ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974. Sidan år 1900 har May vore brukt over seks gongar meir enn Mai.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.