Faktaboks

Mao Zedong

Mao Tse-tung

Uttale
mao dzədʌŋ
Fødd
26. desember 1893
Død
9. september 1976
Mao Zedong

Mao Zedong var Kinas statsleiar frå 1949 til han døydde i 1976. Foto frå 1965.

Av /NTB Scanpix.

Mao Zedong var ein kinesisk statsmann og partileiar for Kinas kommunistparti. Mao var med på å etablere Folkerepublikken Kina i 1949. Han var formann i partiet fram til 1959 og de facto leiar i landet fram til han døydde i 1976. I desse åra styrte han landet med diktatorisk makt.

Dei første åra etter etableringa av folkerepublikken gjennomførde kommunistpartiet fleire reformar, som omfordeling av jord og fleire rettar til arbeidarar, kvinner og småbønder. Reformane gjorde Mao populær blant den fattige delen av befolkninga. Frå slutten av 1950-åra kom imidlertid problema med kampanjar som det store spranget, der målet var ei rask industrialisering av Kina. Imidlertid førte politikken, i kombinasjon med naturkatastrofar, til hungersnød, og millionar av menneske døydde.

At «det store spranget» var mislukka, førte til motsetningar mellom Mao og dei andre leiarane. Den såkalla firerbanden fekk meir makt. Kritikken frå dei andre leiarane gjorde at Mao utløyste kulturrevolusjonen i 1966, som hadde som mål å kvitte seg med gamle tradisjonar og institusjonar – og personar. Mao reknast, også blant kommunistpartiet sjølv, for å ha hovudansvaret for det store spranget og kulturrevolusjonen, og dei menneskelege omkostningane kampanjane førte med seg.

Maos politiske syn og praksis blir kalla maoisme, og fekk utbreiing i fleire andre asiatiske land, mellom anna Kambodsja og Nord-Korea. Maoismen fekk òg innverkning i fleire vestlege land under det såkalla studentopprøret i 1968.

Bakgrunn

Mao Zedong
Mao som ung revolusjonær. Foto frå 1920- eller 1930-åra.
Av /NTB Scanpix.

Mao Zedong i spissen for hæren sin, under forfølging av regjeringsstyrkane i Shanxi-området, vest for Huang He, i 1947. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

NTB / NTB Scanpix.

Mao blei fødd i Shaoshan i Hunan-provinsen. Han var son av ein middels velståande bonde som sende han på skule då han var åtte år gamal. Der fekk han studere dei konfutsianske klassikarane. Han blei ferdig med den grunnleggjande utdanninga då han var 13 år. Same året inngjekk han eit arrangert ekteskap med den fire år eldre Luo Yixiu, men Mao aksepterte ikkje dette ekteskapet og budde aldri saman med henne.

Medan han budde i Shaoshan og arbeidde på garden til faren, var han oppteken av politikk og demokrati. Under ei hungersnaud blei det stole korn frå garden, og Mao uttrykte forståing for situasjonen til bøndene, sjølv om han meinte at tjuveriet var forkasteleg. I 1911 flytta han til Changsha for å byrje på mellomskulen. Her blei han kjend med tankane til revolusjonsleiaren Sun Yat-sen og blei ein ivrig motstandar av Qing-dynastiet. Dette viste han mellom anna ved å klippe av seg hårpisken som mandsjuane hadde påbode mannlege han-kinesarar å gå med. Han slutta seg til revolusjonshæren i 1911, då Qing-dynastiet blei styrta og Kina blei republikk (sjå republikken Kinas historie). Dette skjedde først i Sør-Kina, då provinsane i nord heldt fram med å vere lojale mot keisaren endå nokre månader. Mao kom sjølv aldri i direkte strid under denne revolusjonen.

Etter å ha teke eksamen ved universitetet i Changsha i 1918, arbeidde han som historielærar og organiserte revolusjonære grupper i protest mot guvernøren i Hunan-provinsen. Desse protestane var inspirerte av 4. mai-rørsla i 1919 i Beijing. Vidare protestar mot styresmaktene i Hunan førte til at Mao kjende seg stadig meir utrygg i provinsen, og han flytta tilbake til Beijing, der han hadde jobba som assistent ved biblioteket ved Beijing universitet eit par år tidlegare.

Som bibliotekassistent kom han i kontakt med radikale og anarkistiske idear, men etter kvart lente han meir og meir mot marxistisk ideologi. Denne innverknaden blei forsterka etter at han reiste til Shanghai og kom i nær kontakt med Chen Duxiu og dei marxistiske ideane hans. Chen blei seinare formann i Kinas kommunistparti. I Hunan danna Mao revolusjonære celler som han representerte ved stiftinga av Kinas kommunistparti i Shanghai i 1921. Han leidde eit bondeopprør i Hunan i 1927, og i 1928 var han med på å organisere den raude hæren, som han blei politisk kommissær for. I 1931 blei han medlem av den første allkinesiske kongressen av sovjet.

Partileiar

Mao Zedong

Mao Zedong i den karakteristiske dressen sin.

Av /NTB Scanpix ※.

Mao vann frå 1930 gradvis makta i sentralkomiteen i partiet. Han leidde evakueringa av den raude hæren frå Jiangxi og «den lange marsjen» til Shaanxi. Undervegs blei han offisielt anerkjend som leiar av partiet (1935). Frå det nye hovudkvarteret Yanan (1937–1946) leidde han kommunistane i krigen mot japanarane, og deretter leia han forhandlingane med den kinesiske presidenten Chiang Kai-shek (frå nasjonalistpartiet) i 1945. Etter brotet med nasjonalistane innleidde Mao ein militær offensiv som enda med fullstendig siger for kommunistane.

1. oktober 1949 kunne Mao proklamere den kinesiske folkerepublikken. Sjølv blei han presidenten i landet, frå 1954 med tittelen «formann for folkerepublikken». Allereie året etter sende han delar av Folkets frigjeringshær til Nord-Korea for å hjelpe Kim Il Sung i den koreanske borgarkrigen og kampen hans mot Sør-Korea, som var støtta av FN med USA. Maos hær blei formelt karakterisert som ein hær av frivillige, for å unngå ei krigserklæring mot USA frå kinesisk side. Maos eldste son, Mao Anying, var offiser i denne hæren og døydde i eit luftangrep i november 1950.

Reformer

Etter at kommunistpartiet tok over makta, starta ei stor jordreform i 1950. Eigedommar blei konfiskerte og delte ut til fattige bønder, noko som var i tråd med kva kommunistpartiet hadde lova før revolusjonen. Omfordelinga av jorda førte til store endringar i økonomisk fordeling, men jordreforma var svært valdeleg, og store delar av landeigar-klassen blei avretta. Talet på drepne dreiar seg om fleire millionar i løpet av borgarkrigen og dei første åra etter revolusjonen.

I tillegg til jordreforma følgde kommunistpartiet opp med lovgiving og reformer som skulle gjere kvardagen til bønder og arbeidarklassen lettare. Dette var til dømes ei ny ekteskapslov som hindra tvangsgifting av unge jenter. Det blei òg gjennomført lovgiving for å verne arbeidarar i industrien og gi dei fleire rettar. Dette var ein del av ein politikk for å få orden på industri og produksjon i den urbane delen av økonomien. Til å byrje med klarte Mao og partiet til ein viss grad å få støtte og forståing blant kapitalistane, men allereie i 1951 og 1952 starta politiske kampanjar mot kapitalistklassen. I tillegg til desse reformene blei det òg starta kampanjar for å forbetre folkehelsa og sanitære forhold, spesielt på landsbygda.

Samla sett nådde Mao popularitet hjå den fattige landsbefolkninga i dei første åra etter revolusjonen i 1949. Livet til dei aller fleste småbøndene, som utgjorde majoriteten av befolkninga, blei i stor grad forbetra. Dette heldt fram med den første femårsplanen, i 1953–1957, der styresmaktene klarte å overføre store ressursar til tungindustrien. Økonomien gjekk i positiv retning, det var relativt fredeleg i landet og Mao opplevde støtte i folket.

Dei hundre blomar

Mao Zedong (propagandaplakat)

Propagandaplakat med smilande menneske frå ulike etniske grupper. Teksten seier «Formann Mao er den evigvarande raude sola i hjarta våre».

Av /NTB Scanpix ※.

Dei første problema kom med kampanjane hans «Dei hundre blomar» i 1956 og «Det store spranget» i 1958. Mao hadde diskutert moglegheita for å få nye idear inn i det revolusjonære arbeidet med partifellane sine. Viktig i dette arbeidet var statsminister Zhou Enlai, som tidlegare hadde prøvd å få dei intellektuelle i tale. Då dette ikkje hadde lykkast i særleg grad, ønskte Mao å utvide dette til ein kampanje med oppropet «La dei hundre blomar blomstre, la dei hundre skular stridast». Meininga var å sleppe til nye idear for å hindre kommunistpartiet og Kina frå å stivne i ein dogmatisk kommunisme som ein hadde sett i Sovjetunionen under Stalin.

Det viste seg snart at Mao hadde feilberekna resultatet av kampanjen, då kritikken mot partiet blei langt større enn forventa. Ikkje minst var det forslag som mellom anna kravde fleirpartisystem, at kommunistpartiet gjekk av, og desentralisering av makta, som var uakseptable for Mao. Han kjende seg sviken av dei intellektuelle og starta ein anti-høgrekampanje som førte til arrestasjon og forfølging av fleire hundre tusen intellektuelle. Eit av hovudmåla for kampanjen var juristar som kjempa for eit uavhengig rettsvesen. Mange intellektuelle blei sende til arbeidsleirar, fengsla eller mista jobbane sine.

Det store spranget

Kulturrevolusjonen, veggaviser

Veggaviser med propaganda for Mao og Kulturrevolusjonen.

Av /NTB Scanpix ※.

I etterkant av desse to kampanjane starta Mao ein ny i 1958, «Det store spranget» eller «Det store spranget framover». Målet med denne kampanjen var ei hurtig industrialisering av Kina. Mao meinte at modellen frå Sovjetunionen, der kapitalen til industrialiseringa blei henta frå overskot i landbruksproduksjonen, ikkje ville fungere godt nok i Kina på grunn av demografiske forhold med stor befolkning og lite produksjonsoverskot. Med bruk av Kinas største ressurs, arbeidskraft, skulle utvikling takast i eit stort sprang.

Kampanjen feila grovt, og i kombinasjon med ei rekkje naturkatastrofar førte dette til hungersnød og millionar av døde. Dette førte til ytterlegare kritikk og motstand mot Maos politikk, og partileiinga blei endå meir splitta. Ein del av partileiinga meinte at den mislykka kampanjen var bevis for at det var nødvendig med intellektuelle, ekspertar og økonomiske insentiv for å utvikle Kina. Maos feide med denne fraksjonen i partiet blir rekna for å vere ei av årsakene til at han starta Kulturrevolusjonen i 1966, der gamle tradisjonar, institusjonar og kultur skulle bort for å skape eit nytt, kommunistisk samfunn.

Maktkampar i partiet

Kulturrevolusjonen, kollektiv lesing av Maos lille raude bok

Partistrid var truleg grunnen til at Mao i 1966 lanserte Kulturrevolusjonen, som skaffa han kontroll over partiet og staten igjen. Den lille raude boka med Maos tankar blei studert av millionar av kinesarar.

I 1959 blei Mao etterfølgd som formann av Liu Shaoqi, men beheldt stillinga som partileiar og den fremste teoretikaren og overordna leiaren. I 1960-åra byrja ein innbiten maktkamp mellom moderate fraksjonar, med mellom anna Liu Shaoqi og Deng Xiaoping, som prøvde å ta kontroll over den økonomiske politikken og gjennom dette ta frå Mao ein del av makta. Det gjekk òg føre seg maktkamp med dei meir revolusjonære og ekstreme om kven som skulle bli Maos etterfølgjar. I 1966 blei Lin Biao peika ut, men seinare tilsidesett, og han omkom under mystiske omstende i 1971. På dødsleiet peika Mao sjølv ut Hua Guofeng som etterfølgjaren sin. Ei gruppe framståande politikarar, leidd av mellom anna Maos andre hustru, Jiang Qing, prøvde å ta makta i dagane etter Maos død, men utan hell. Leiarane, den såkalla Firarbanden, blei seinare sterkt angripne og stilte for retten.

Persondyrking og forfattarskap

I sine siste leveår var Mao gjenstand for ei utstrekt persondyrking, ofte knytt til sitat frå dei mange skriftlege arbeida hans. Mange av sitata er samla i det som er den internasjonalt mest kjende boka hans, «Maos lille raude», utgjeven i 1964. I tillegg til politisk-teoretiske bøker hadde han òg ein betydeleg lyrisk produksjon. Verker i utval kom ut på engelsk i fem bind i 1954–1957 (norsk omsetjing i 1963–1977).

I åra etter Maos død blei den tidlegare persondyrkinga kritisert, og i løpet av 1980- og 1990-talet blei det stadig meir akseptert med negative ytringar om politikken under styret hans.

Ettertida si vurdering

Maos mausoleum
Kroppen til Mao blei balsamert og plassert i eit mausoleum som sidan har vore blant turistattraksjonane på Tiananmen-plassen.
Maos mausoleum
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kroppen til Mao blei balsamert og plassert i eit mausoleum, som sidan har vore blant turistattraksjonane på Tiananmen-plassen. Personkulten måtte snart vike for meir kritiske vurderingar. Sentralkomiteen kritiserte i 1981 Mao for å ha gjort seg skuldig i «venstrefeil» sidan 1957, og dei gav han hovudansvaret for «Det store spranget» i 1958–1961 og Kulturrevolusjonen i 1966–1976. Seniorleiaren Deng Xiaoping gav han karakteristikken «70 prosent god, 30 prosent dårleg». Samla sett veg det positive tyngre enn det negative i partiet sitt offisielle syn.

Utanlandske forskarar er gjennomgåande meir kritiske. Maos politikk med sterkt forsert industrialisering under «Det store spranget» førte til ein av dei største hungerkatastrofane i historia, og denne blei forverra av uår med dårleg avling i landbruket. Med grunnlag i mellom anna studiar av overdøying og andre demografiske forhold i perioden har det danna seg ein slags konsensus om at «Det store spranget» kan ha kosta cirka 30 millionar menneskeliv. I den store Mao-biografien sin frå 2005 hevdar Jung Chang og Jon Halliday at Maos «sosialistiske» eksperiment kan ha kravd så mange som 70 millionar menneskeliv, derav 38 millionar under «Det store spranget».

Maos revolusjonære strategiar har inspirert politiske rørsler over heile verda med utbreiing av ein eigen sosialistisk ideologi, maoisme, som i Noreg har vore representert ved AKP (m-l).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Chang, Jung (2005): Mao: den ukjente historien.
  • Short, Philip (1999): Mao: a life.
  • Færøvik, Torbjørn (2012): Maos rike – En lidelseshistorie

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg