Faktaboks

Maurangerfjorden
Etymologi
første ledd av norrønt meyrr, ‘mør’ eller nynorsk maurast, ‘sprø’, siste ledd norrønt angr, ‘vik, fjord’

Maurangerfjorden er ein fjord i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Maurangerfjorden er ein arm av Hardangerfjorden. Frå sørenden av Varaldsøy, på ei strekning av Hardangerfjorden som her heiter Sildafjorden, skjer Maurangerfjorden seg rundt 12 km austover inn i Folgefonnhalvøya. Inst deler fjorden seg i Nordrepollen og Austrepollen.

Fjorden har storslåtte omgjevnader. Dette var ei viktig årsak til at Maurangerfjorden, på eit tidspunkt då fjorden framleis var upåverka av veg- og kraftanlegg og anna utbygging, vart vald som innspelingsstad for den amerikanske storfilmen «The Vikings» frå 1958.

Ein stor attraksjon i Mauranger er Bondhusbreen, ein arm av Folgefonna som strekkjer seg nedover Bondhusdalen til rundt 600 meter over havet ovanfor Sunndal på sørsida av fjorden.

Frå botnen av Austrepollen fører ein overgang over Folgefonna til Odda. Vegsambandet (Folgefonntunnelen; 11,1 kilometer lang) under Folgefonna til Odda (fylkesveg 551) stod ferdig i 2001. Mauranger kraftstasjon er utbygd ved overføring av vassdrag både på nord- og sørsida av Austrepollelva.

Ænes kyrkje sør for munningen av fjorden er ei steinkyrkje frå Håkon Håkonssons tid (1200-talet).

Namnet

Første ledd i namnet har samanheng med norrønt meyrr, 'mør' og maurast, 'sprø', og kan sikte til mykje stein og ur rundt fjorden. Sisteleddet er norrønt angr, 'vik, fjord'.

Kart

Maurangerfjorden
Maurangerfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg