Sigurd Jorsalfare og mennene hans rir inn «Guldporten» (byporten) til Miklagard
I Soga om Magnussønene fortel Snorre Sturlason at Sigurd Jorsalfare var innom Miklagard på reisa si til Jerusalem i 1108‒1111. Illustrasjon av Gerhard Munthe frå rundt 1895–1899, til 1899-utgåva av Heimskringla. Illustrasjonen viser kong Sigurd og mennene hans som rir inn «Guldporten» (byporten) til Miklagard.
Runeinnskrift i Hagia Sofia
I den gamle kyrkja Hagia Sofia, som seinare vart moske, finn ein runeinnskrifta «Halvdan var her» rissa inn i marmoren.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Miklagard var det norrøne namnet på byen Konstantinopel eller Bysants, som no heiter Istanbul. Fleire vikingar vitja Miklagard, og byen er derfor omtalt fleire stader i dei norrøne sogene. Namnet finn ein òg att på runesteinar.

Faktaboks

Etymologi
norrønt Miklagarðr, av mikill, ‘stor’ og garðr ‘gard/gjerde’, «den store byen»

Namnet Miklagard (Miklagarðr) er sett saman av mikill (stor) og garðr (gard/gjerde). Namnet tyder altså 'den store garden', og viser korleis gard var den einerådande busetjingsforma i den norrøne tida.

Miklagard var likevel ein svært stor stad, langt større enn dei små byane vikingane hadde teke til å byggje. Folketalet var på fleire hundre tusen. Konstantinopel hadde allereie då vore hovudstaden i Austromarriket i fem hundre år, sidan grunnlegginga i 330. I byen låg ein festplass, hippodromen, med plass til 100 000 menneske, og eit senat, med plass til opp mot to tusen senatorar. Her låg òg eit fleire hundre år gamalt universitet. Innhegninga på «garden» var to bymurar på fleire kilometer, med mange titals tårn.

Skandinavar besøkte Konstantinopel

Så tidleg som i 839 kjenner vi til skandinavar som har vitja Konstantinopel. Det var norrøne menn som segla langs elvane aust i Europa, til Svartehavet, og som delvis var bufaste i det området vikingane kalla Gardarike. Ein eigen vikinghær, væringane, vart etter kvart livvakter for keisaren i Austromarriket. Spor etter norrøn aktivitet har ein òg i runeinnskrifta «Halvdan var her» i den gamle kyrkja Hagia Sofia.

Skandinavar som vitja Miklagard, er omtalte fleire stader i dei norrøne sogene. I Soga om Harald Hardråde skreiv Snorre Sturlason om korleis Harald Hardråde, før han vart konge i Noreg, tenestegjorde i garden til kong Jarisleiv i Gardarike og var med hæren av væringar som drog til Miklagard. Harald si tid i Miklagard er òg skildra av den danske sogeskrivaren Saxo. Fleire islandske ættesoger, mellom anna Soga om laksdølane og Njålssoga, nemner òg vikingar som skal ha slutta seg til væringane i Miklagard. I Soga om Magnussønene fortel Snorre at Sigurd Jorsalfare var innom Miklagard på reisa si til Jerusalem i 1108–1111.

Stoff, myntar og andre varer som er funne i Norden, vitnar om ferdene til Miklagard. Mellom anna viser bysantinsk silke at norrøne handelsmenn har drive handel der. Vitnemål om norrøn verksemd i Miklagard har ein òg frå svenske runesteinar, der Bysants gjerne vert kalla Grekland. Ein av dei mest kjende runesteinane i Sverige er reist over Ragnvald, som «var i Grekland, hovding for krigarane».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Larsson, Mats G. (1991): Väringar. Nordbor hos kejsaren i Miklagård. Stockholm: Atlantis
  • Orning, Hans Jacob (2011): Norvegr. Norges historie, bd. 1: Frem til 1400. Osl: Aschehoug

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg