Faktaboks

Mount St. Helens
Uttale
sənt hˈelənz
Mount St. Helens

Vulkan-utbrotet til Mount St. Helens i 1980.

Av .
Lisens: CC BY 2.0
Mount St Helens August 2012

Mount St Helens.

Mount St. Helens er ein aktiv stratovulkan i Cascade Range, Washington, USA. Vulkanen er 2549 meter høg, og vulkankrateret er om lag 1,5 kilometer i diameter.

Vulkanen hadde i 1980 eit større utbrot der 57 menneske omkom. Før utbrotet målte vulkanen over 2900 meter over havet, og ved utbrotet hadde han vore sovande i 123 år.

Aktiviteten i vulkanen vart i forkant av utbrotet først registrert ved ein serie mindre jordskjelv i mars 1980. Deretter følgde ei rekkje oske- og damputbrot. 18. mai vart det igjen registrert jordskjelv, og omtrent samstundes «eksploderte» vulkanen og ein stor del av nordflanken vart blåst vekk.

Stein- og snøskred, saman med ei trykkbølgje som oppstod, førte til store direkte øydeleggingar og slo ned skogen i eit område på 400 kvadratkilometer. Deretter følgde lavastraumar, som saman med smeltevatn førte stein, tømmer og gjørme utover store område.

Nesten éin kubikkilometer med oske og støv vart slyngt ut, steig raskt til vêrs og danna ei støvsky som bevega seg austover. Dette førte til oskenedfall over store delar av USA, heilt til austkysten.

Nye, mindre utbrot er registrerte på 2000-talet, mellom anna 8. mars 2005, då oske og røyk steig elleve kilometer over vulkanen.

Mount St. Helens flyfoto 11. oktober 2009

Mount St. Helens.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg