Faktaboks

Nikolai Astrup

Nikolai Johannes Astrup

Fødd
30. august 1880, Bremanger
Død
21. januar 1928, Jølster
Verke
Maler
Familie

Foreldre: Sogneprest Christian Astrup (1844–1919) og Petra Constance Lodtz.

Gift 23.12.1907 med Engel Sunde (1892–1963), datter av gårdbruker Anders Jenssøn Sunde og Emmerense. Brorsønn av Nils Astrup (1843–1919).

Jonsokbål
Jonsokbål av Nikolai Astrup, 1912, finst på Nasjonalgalleriet. Måleria av jonsokbål frå perioden 1902–12 er blant dei mest kjende verka hans.
Av .

Nikolai Astrup

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nikolai Astrup var biletkunstnar, illustratør og gartnar. Han hadde eit lidenskapeleg forhold til natur- og kulturlandskapa i Jølster i Sogn og Fjordane.

Nikolai Astrup var fødd i Bremanger. I 1883 vart faren tilsett som sokneprest i Jølster, og familien flytta inn i Ålhus prestegard. Med unntak av utdanning og studiereiser budde Astrup i Jølster heile livet.

I 1899 registrerte Astrup seg ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Kristiania og byrja samstundes på Harriet Backers private målarskule. På ei studiereise gjennom Tyskland i 1901 vart han sterkt gripen av bileta til symbolisten Arnold Böcklin. Same året byrja han i lære hos Christian Krohg ved Académie Colarossi i Paris og vart inspirert av kunsten til Henri Rousseau og Paul Gauguin.

I 1902 flytta Astrup attende til Jølster for å måle. Den tiltrekkjande og rå naturmystikken pregar Kollen (1906) og Jonsokbål (1912), medan stemninga har eit meir dempa og nyromantisk uttrykk i Vårnatt i hagen (1909).

Tresnitta til Astrup var eit pionerarbeid i norsk grafikk. Fugl på stein, trykt mellom 1905 og 1914, er eit sentralt verk, og det ber tydeleg preg av japansk inspirasjon.

Astrup fekk tidleg eit godt omdøme i norsk kunstliv. Den første separatutstillinga hans i Kristiania i 1905 var ein stor suksess, og via Eilif Peterssen kjøpte Nasjonalgalleriet måleriet Stabbur i Jølster (1905). Separatutstillingane i Bergen Kunstforening i 1908 og Kunstnerforbundet i Kristiania i 1911 fekk òg gode kritikkar.

Astrup omtalte seg sjølv som ein «naturalistisk naivist» og vert rekna som den fremste heimstadkunstnaren i Noreg.

I 2019 kom den biografiske spelefilmen Astrup – Flammen over Jølster, regissert av Pål Øie.

Heimstadkunstnar

Då Astrup flytta attende til Jølster i 1902, byrja han å måle dei kjende omgivnadene og landskapa kring prestegarden. Barndomsteikningane var viktige påminningar om dei ektefølte og reine naturopplevingane han hugsa frå oppveksten, og nærværet i Jølster gav han direkte tilgang til minna frå barndomen.

Det ligg ofte eit trist drag over dei første måleria til Astrup, som ei visse om at noko er forbi. Landskapsskildringane er tyngde av regnvêrsstemningar og kaldt haustvêr, og husa er gamle og slitne. Melankolien er likevel vekta med ei håpefull lysning. Den fuktige sommarnatta i Klar juninatt (1907) er opplyst av gule soleier, og i Vårnatt i hagen (1909) stig fullmånen over Jølstravatnet.

På ei studiereise til London i 1908 fekk Astrup nye impulsar frå den engelske landskapskunsten og vart særleg oppglødd over landskapsmåleria til John Constable. Rundt denne tida endra også bileta til Astrup karakter. Motiva vart metta av lysare stemningar og friskare fargar, noko Sommarvind og leikande barn (1912) er eit godt døme på.

Eit gjennomgåande trekk i Astrups kunst er samansmeltinga av natur og kultur. Fruktbare hagar og gamle stover vitnar om eit menneskeleg nærvær, trass i at bileta ofte er folketomme. Astrup nytta òg gamle folkesegner som motiv og som stemningsskapande verkemiddel.

Trass i kronisk astma og pengeløyse var livet i vestlandsbygda avgjerande for Astrup sitt kunstnarlege uttrykk.

Grafikar

I 1904 byrja Astrup å eksperimentere med tresnittkunsten. Han hadde inga formell utdanning på dette området utanom nokre fåfengde forsøk frå eit raderingskurs i 1899, men han var sterkt inspirert mellom anna av japanaren Katsushika Hokusai. Saman med Edvard Munch var Astrup ein pioner i den norske tresnittkunsten.

Tresnitta til Astrup er skarpskorne og detaljrike. Han nytta 4–6 treplater per trykk, og med pensel og oljemåling farga han trykkjeplatene med fleire fargar samstundes. Astrup likte best tynne japanske papir, som han la forsiktig over platene. Med små trykkjereiskapar kunne han variere trykket og gradere fargen, og han pressa papiret ned i målinga med ei trådsnelle eller baksida av ei skei.

Eit viktig trekk i Astrups biletkunst er utforskinga og kryssinga av måle- og trykkjeteknikkar. Dei fleste tresnitta er handkolorerte, og mange kan nærmast reknast som måleri. Grafikken bevegde seg også over i måleriet som sjanger, og i somme tilfelle farga Astrup enkeltelement på treplatene og trykte dei direkte på lerreta. Treet i Marzmorgen (1920) er til dømes trykt med nøkkelplata i Vaarnatt og seljekall (u.å).

Astruptunet

Vårkveld i Jølster
Måleri frå 1926, Nasjonalmuseet.

I 1912 kjøpte Astrup den vesle garden Sandalstrand, i dag kjend som Astruptunet. Plassen var tenkt som utmark, men i 1914 flytta Astrupfamilien inn i dei falleferdige husa i bakken. Arbeidet med å skape seg ein heim var tidkrevjande, på grunn av både helse og økonomi, men i 1922 omtalte Astrup tunet som ein av dei vakraste stadene i bygda.

Stiane, utkikspunkta og den vesle husklyngja i midten gir assosiasjonar til ein romantisk hage. Astrup styvde og fletta rognekallar og stilte dei saman med frukttre og bærbuskar. Ulike innslag av art nouveau-element, til dømes hestekastanje, rabarbra og «djevelrot» (kvitpestrot), sette i tillegg eit dekorativt preg på hagen.

Etter kvart byrja Astrup å nytte den nye heimen som målerisk motiv. Samla utgjer Epletre i blomst (1927), Vår i Jølster (1925) og fleire ein biletserie og eit panorama av kunstnarheimen. Astruptunet som kunstnarleg prosjekt gir måleria ei djupare meining, og Astrup sin posisjon som landskapskunstnar får ein eksperimentell karakter.

I 1965 vart Astruptunet selt til Jølster kommune, og sidan 1986 har det vore eit sesongope museum med galleri. I dag er Astruptunet ei avdeling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Ungdomslagsfaner

Nikolai Astrup er ein av fleire kjende kunstnarar som måla faner til ulike ungdomslag tidleg på 1900-talet. Det var særleg laga i Astrup sin heimkommune Jølster som fekk dra nytte av denne kunstnaren sin fantasi og fargegleda hans. Ungdomslaga i Gjesdal, Myklebust, Sanddalen, Stordalen, Ålhus og Svanøy har alle Astrup-faner.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Askeland, J. (1956). Nikolai Astrups grafikk. Oslo: Gyldendal
  • Gløersen, I. A. (1967): Nikolai Astrup (2. utg.). Oslo: Gyldendal
  • Haugsbø, T. K. (2010): «Å sjå det dei fleste ikkje augna». Kunst og Kultur, 4/2010, side 214–223
  • Ito, F. (2011): Nikolai Astrup: studier av japanske tresnitt. Førde: Sogn og Fjordane kunstmuseum
  • Klakegg, A. O. (1987): Astrup, Kinck og Jølster. Bergen: Norsk bokreidingslag
  • Loge, Ø. (1986): Gartneren under regnbuen: hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup (1. utg.). Oslo: Dreyer
  • Loge, Ø. (2005): Nikolai Astrup: elskaren under trekrona. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Loge, Ø. (2010): Nikolai Astrup: tresnitt. Oslo: Labyrinth Press

Faktaboks

Nikolai Astrup
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053015000816

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg