Som partipolitisk ubunden ønskte avisa å samle både dei tidlegare lesarane av Den 17de Mai og målfolk frå alle parti. Dette var vanskeleg, midt i tidsperioden for partiavisene.
Norsk Tidend fekk ikkje så mange tingarar som utgivarane hadde rekna med, og etter berre to år måtte ho gå over frå dagsavis til vekesavis. Arne Falk, som til då hadde vore redaksjonssekretær, overtok som redaktør. Det gjorde ikkje situasjonen betre for avisa at ein krins av Venstre-målfolk same året, i 1937, gav ut endå ei nynorsk vekeavis, Noreg, som kom ut heilt til den tyske okkupasjonen i 1940.
Norsk Tidend kom seg stort sett velberga gjennom krigsåra. I 1946 vart Vegard Sletten tilsett som ny redaktør, og han redigerte avisa heilt til ut i 1960-åra, samstundes med at han var først redaksjonssekretær og seinare redaktør i VG.
Avisa kom også no ut éin gong i veka, i periodar to gonger, og vart meldingsorgan for Noregs Ungdomslag. Ein intern strid innanfor målrørsla førte til at Vegard Sletten i 1956 vart sagd opp, og Ludvig Jerdal overtok. Men seinare same året var Sletten tilbake på redaktørkrakken. Redaktørstriden førte til at mange lesarar forsvann.
I 1962 vart avisa organ for Kringkastingsringen, seinare også for Noregs Mållag. No er Norsk Tidend medlemsblad for Noregs Mållag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.