Romsdalshorn

Romsdalshorn er ein av dei mest populære tindane i Noreg for fjellklatring.

Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Romsdalshornet er eit fjell i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Det ligg på austsida av Romsdalen, 15 km søraust for Åndalsnes og er 1550 moh. Fjellet stig nesten loddrett opp frå Romsdalen.

Romsdalshornet er ein av dei mest populære tindane i Noreg for fjellklatring og vart første gong erobra i 1828 av Kristen Hoel frå Gausdal og Hans Bjarmeland frå Vestnes. Dette var ein framifrå prestasjon på den tid, og Romsdalshornet vart ikkje erobra på ny før i 1881, av Carl Hall, Mathias Soggemoen og Erik Norahagen. Arne Randers Heen klatra Romsdalshorn meir enn 230 gonger og gjennomførte i 1930 den første vinterklatreturen på toppen.

Fjellet blir òg nytta til basehopping.

Romsdalshorn

Johan Fredrick Eckersbergs måleri av Romsdalshorn frå 1865.

Romsdalshorn
Av .

Kart

Romsdalshornet
Romsdalshornet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg