Severin er eit mannsnamn som kjem av latin Severinus, laga til namnet Severus av adjektivet severus som tyder ‘alvorleg, streng’.

Severin var særleg utbreidd i det nordvestlege Tyskland der den heilage Severin vart dyrka. Han var fødd i siste halvdel av 300-talet og var biskop i Köln. Derifrå spreidde namnet seg til Danmark der det fekk forma Søren.

Namnet har fleire variantar: Severin, Sevrin.

Namnedag er 23. oktober. Søren har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Severin

Kulturell bruk

  • Severin Suveren er ein figur, spelt av Åsleik Engmark (1965–2017) i ein reklamefilm om fjellvettreglar.

Kjende personar med namnet Severin

Eit utval personar med namnet Severin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 436 menn i Noreg som hadde Severin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Severin.

Av dei som heitte Severin i perioden 1900–2017, var det 77 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Severin. Dette inneber at 23 prosent hadde Severin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Severin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Severin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Severin på 1800-talet.

Severin var mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Severin på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Severin var mest brukt i Aust-Agder.

Historisk bruk av namnet Severin
Historisk bruk av namnet Severin
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg