Faktaboks

Sigbjørn Obstfelder
Fødd
21. november 1866, Stavanger, Rogaland
Død
29. juli 1900, København, Danmark
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Bakermester Herman Friedrich Obstfelder (1828–1906) og Serine Egelandsdal (1836–80).

Gift 5.6.1898 med sanger Helga Ingeborg Maria Weeke (30.8.1876–27.11.1930), datter av kjøpmann Johan Martin Weeke (1834–1906) og Ida Cathrine Mogensen (f. 1836).

Sigbjørn Obstfelder
Av /NTB Scanpix.

Sigbjørn Obstfelder var ein norsk forfattar. Obstfelder er den fremste representanten for ein tidleg modernistisk lyrikk i Noreg. I dikta sine uttrykkjer han ofte ei kjensle av angst, einsemd og framandgjering, samtidig som han formidlar religiøse lengslar. Poesien hans blir ofte vurdert som eit litterært motstykke til Edvard Munch sin ekspresjonistiske biletkunst. Med dikt som «Jeg ser» og «Byen» har Obstfelder vore til inspirasjon for diktarar fram til vår tid.

Bakgrunn

Sigbjørn Obstfelder var fødd i Stavanger i Rogaland og døydde i København i Danmark, 33 år gamal. Obstfelder budde fleire stader i Noreg og Europa gjennom livet og studerte filologi ved Universitetet i Kristiania (no Universitetet i Oslo) (1884–1888). Før han vart forfattar arbeidde han mellom anna som stortingsreferent og journalist. Han var gift med den danske songarinna Helga Ingeborg Maria Weeke.

Som ung reiste Obstfelder til USA for å arbeide som ingeniør (1890–1891). Her opplevde han det moderne bylivet, men han fann ikkje ro og flytta heim att. Då han kom heim til Noreg vart han psykisk sjuk, og han vart lagd inn på eit asyl i Kristiania for ein periode. Obstfelder døydde av tuberkulose sommaren 1900 og vart gravlagd 1. august 1900. Same dagen vart det einaste barnet hans, Lili, fødd.

Forfattarskapen

Sigbjørn Obstfelder

Litografi frå 1896.

Sigbjørn Obstfelder
Av /※.

Trass i at forfattarskapen til Obstfelder ikkje er særleg omfangsrik, har den likevel fått stor plass i den norske litteraturhistoria. Med ein gjennomgåande bruk av fyrstepersonsperspektiv og frie vers kunne Obstfelder få fram menneska sine indre kjensler av angst, framangjering og einsemd.

Dette perspektivet finn ein igjen i både lyrikken, prosaen og dramatikken. Mellom anna novella «Liv», frå samlinga To noveletter (1895), tematiserer korleis storbylivet kan gi framandkjensle, angst og meiningsløyse. Dette er tema kan ein kjenne att frå diktet «Jeg ser» og prosadiktet «Byen». Trass i meiningsløysa, har forteljaren oftast ei lengt etter ein annan røyndom og ein draum om eit betre liv.

Lyrikk

Under opphaldet i USA debuterte Obstfelder som lyrikar i 1892 med to dikt i Samtiden. I 1893 sende han ut ei samling Digte, som straks vekte oppsikt og strid på grunn av den dristige nye forma. Med dikt som «Jeg ser», «Regn» og «Byen» var denne diktsamlinga med på å starte ein modernistisk litterær tradisjon i Noreg. Dikta var skrivne i fri form, og Obstfelder tok opp eksistensielle tema der sjelelivet vart utforska. Aftenposten skreiv at «større nonsens, end denne bog indeholder, er aldrig blevet udgivet på prent i vort land». Bokmeldarane var likevel i all hovudsak positive til dei modernistiske dikta til Obstfelder. Han publiserte sidan dikt i aviser og tidsskrift, men gav etter dette i hovudsak ut prosa-arbeid.

Prosa og dramatikk

Obstfelder gav ut forteljingane To novelletter i 1895, og 1896 kom romanen Korset. En kjærlighedshistorie ut. Korset har lite ytre handling, stilen er fragmentert, og historia kjem fram ved hjelp av minne, ei dagbok og eit brev. Romanen vart ein stor suksess, og han fekk god kritikk av til dømes Georg Brandes og Arne Garborg.

Dramaet De røde dråber kom i 1897 og hadde premiere på Balkongen teater i Oslo i 1898. Skodespelet Om vaaren (skrive 1898) vart oppført på Nationaltheatret i 1902. Enaktaren Esther vart trykt i Samtiden i 1899.

Utgjeving posthumt

Den uferdige romanen En prests dagbog vart gitt ut etter at Obstfelder døydde i 1900. I 1903 vart det gitt ut eit bind etterlatne skrifter med mellom anna dagboka hans frå USA. I 1917 kom ei utgåve skriftar i 2 bind, men først ei trebindsutgåve frå 1950 gav eit fullstendig bilete av forfattarskapen. Samlede skrifter I-III vart gitt ut i 2000 i samband med 100-årsdagen for Obstfelders død (29. juli).

Minnemerker

Ei byste av Obstfelder, utført av Gustav Vigeland, vart avduka i byparken i Stavanger i 1917. Ei liknande byste står på Obstfelders grav på Frederiksberg kyrkjegard i København. Ei byste utført av Per Palle Storm vart avduka i Trondheim i 1970.

Verk

Lyrikk, prosa og dramatikk

  • Digte, 1893
  • To novelletter, 1895
  • Korset. En kjærlighedsroman, 1896
  • De røde dråber, 1897
  • En prests dagbog, 1900
  • Efterladte Arbeider (ved V. Stuckenberg), 1903
  • Skrifter I–II, 1917
  • Samlede skrifter I–III (ved S. Tunold), 1950
  • Brokker og stubber. En etterlatt samling dikt og lyriske fragmenter (ved M. Nag), 1995
  • Samlede skrifter I–III (ved A. Hannevik), 2000

Brev

  • Breve til hans bror (ved S. Tunold), 1949
  • Brev fra Sigbjørn Obstfelder (ved A. Hannevik), 1966
  • Sjalusi! Brev til Ingeborg, 45 brev 1897–1900 (ved M. Nag), 1998

Andre utgjevingar

  • Heimskringlam, 1889. Under namnet Sigbjørnus.

Ikkje-publisert materiale

  • Brev og manuskript finnast i Håndskriftsamlingen, NBO
  • Brev finnast i Kungliga biblioteket, Stockholm, og Det kongelige Bibliotek, København

Biletkunst

  • Fra Drøbak, ca. 1899, oljemaleri på plate, Rogaland kunstmuseum, Stavanger

Portrett

Kunstnariske portrett

  • Tekning av Christian Krohg, 1895; gjengitt i C. Krohg: Kampen for tilværelsen, bd. 2, København 1921
  • Portrett i relieff (gips) av Gustav Vigeland, 1895; Vigeland-museet, Oslo; bronseutførelse, 1963; Stavanger bibliotek
  • To litografi av Edvard Munch, 1896; Munch-museet, Oslo
  • Radering av Edvard Munch, 1897; Munch-museet, Oslo
  • Maleri av Oda Krohg (u.å.); RKM
  • Tekningar av Gustav Vigeland; skisser og utkast til portrett og minnesmerke, dei eldste frå 1895; Vigeland-museet, Oslo
  • Karikaturtekning av Ragnvald Blix (u.å.); Biletsamlinga, NBO
  • Byste i granitt av Gustav Vigeland, 1917; Frederiksberg kirkegård, København, og i Byparken i Stavanger
  • Byste av Per Palle Storm, 1970; NTNU, hovudbiblioteket, Trondheim

Fotografiske portrett

  • Foto av C. L. Jacobsen, ca. 1883; Biletsamlingen, NBO; attgjeving i Bjørnsen 1974
  • Foto av Nyblinn, Kristiania, 1889; p.e., attgjeving i Nag 1996
  • Foto av ukjend fotograf, 1893; p.e., attgjeving i Nag 1996
  • Foto av ukjend fotograf, ca. 1898; Biletsamlingen, NBO, attgjeving i Bjørnsen 1974

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen P. T.: «Sigbjørn Obstfelder», i Norsk litteraturhistorie, 2001
  • Bjørnsen, J. F.: Sigbjørn Obstfelder. Mennesket, poeten og grubleren, 1959 (ill. utg. 1974)
  • Hannevik A.: Obstfelder og mystikken. En studie i Sigbjørn Obstfelders forfatterskap, 1960
  • Hannevik A.: «Resepsjonen», i S. Obstfelder: Samlede skrifter, bd. 3, 2000
  • Lillebo H.: «Obstfelder og de gode hjelperne», i T. Rem (red.): Bokhistorie, 2003
  • Nag M.: Sigbjørn Obstfelder. Uro og skaperkraft. En biografi, 1996
  • Nettum R. N.: «Sigbjørn Obstfelder – vår første modernist», i NLH/Beyer, bd. 4, 1974–75
  • Norseng M. K.: Sigbjørn Obstfelder, Boston 1982
  • Obstfelder, S. : forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 2002,
  • Aarnes A. (red.): Obstfelder. 14 essays, 1997

Faktaboks

Sigbjørn Obstfelder
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053290003538

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg