Faktaboks

Sigurd Markusfostre

Sigurd Sigurdsson

Fødd
1155
Død
29. september 1163, Bergen
Levetidskommentar
omtrentlig fødselsår
Verke
Opprørskonge
Familie

Foreldre: Kong Sigurd 2. Haraldsson Munn (ca. 1132–1155); moras namn er ikkje kjent.

Sigurd Markusfostre var ein norsk opprørskonge under borgarkrigane. Han var frilleson av kong Sigurd Munn. Tilnavnet Markusfostre fekk han fordi han vart oppfostra hos bonden Markus på Skog på Ringsaker.

Sigurd Markusfostre vart i 1162 konge for den flokken som hadde støtta Håkon Herdebrei. Sigurd var ein barnekonge – den reelle leiaren for flokken var jarlen Sigurd Hallvardsson. Då hæren på veg sørover langs kysten møtte Erling Skakke og kong Magnus Erlingsson med stor overmakt, vart Sigurd Markusfostre tatt til fange, ført til Bergen og halshogd der.

Bakgrunn

Sigurd var son til Sigurd Munn og må ha vorte fødd ein gong før 1155, då faren miste livet i eit slag mot halvbroren Inge. Han vart fostra hos stormannen Markus på Skog, visstnok på Ringsaker i Hedmark. Håkon Herdebrei, motkongen til Magnus Erlingsson, vart drepen i 1162. Håkon var halvbroren til Sigurd. Resten av flokken til Håkon, med Sigurd Hallvardsson jarl i spissen, fann vegen til Markus på Skog; Markus var ein frende av Sigurd jarl. Der tok dei den unge Sigurd Markusfostre til konge for flokken, medan Sigurd jarl framleis var den reelle leiaren deira.

Opprørskonge

Hausten 1162 og den påfylgjande vinteren heldt kong Sigurd og fylgjet hans seg på Opplanda og i Viken. Sagaene fortel at flokken ofte var delt i to, slik at Markus og kong Sigurd heldt seg litt i bakgrunnen, medan Sigurd jarl utsette seg for større farar. Dei hadde ein stor hær å fø på, og etter kvart førte skort på forsyningar til at dei fór hardare fram enn det folk var vande til. Problemet deira var at Erling Skakke sat i Tønsberg med ein stor hærstyrke, klar til å gjere åtak.

Det første slaget på Re

Høvet kom i februar 1163. Då møttest dei to hærstyrkane på Re nordvest for Tønsberg (sjå slaga på Re). I slaget som følgde, fall Sigurd jarl, medan resten av flokken rømde til skogs. Heimskringla fortel at Markus og kong Sigurd fekk tak i nokre skip i Viken nokre månadar seinare, og at dei tok seg austover til Konghelle. Dit kom også Erling Skakke, og kong Sigurd og mennene hans søkte ly på Hisingen lengst sør i landet. Bøndene i området trådde støttande til på Sigurd og Markus si side, og Erling nøydde seg med å ta skipa frå dei.

Kongehylla, fanga og drepen

Utan skip fann dei det best å søkje nord i landet til Nidaros. Her skal dei ha blitt godt mottekne, og Sigurd vart formelt teken til konge på Øyrating. Under opphaldet i Nidaros sommaren 1163 fekk flokken deira tilslutning frå mange dugande menn, og dei siglde mannsterke sørover før sommaren var over. 29. september vart dei overraska av ein del av Erlings hærstyrke utanfor Bergen. Markus og kong Sigurd vart tekne til fangar. Sigurd vart halshoggen i Gravdal, medan Markus vart hengd på Kvarven. Resten av flokken vart oppløyst.

Fagrskinna har ein litt anna kronologi når det gjeld hendingane etter slaget på Re enn Heimskringla. Ifølgje forfattaren av Fagrskinna reiste kong Sigurd og Markus til Nidaros fyrst ut på våren 1164, og Markus’ og Sigurds fall er følgjeleg sett eit år seinare enn i Heimskringla.

Vurdering

Sigurd Markusfostre kan ikkje tilleggjast nokon sjølvstendig politikk den tida han var konge, ettersom han knappast kan ha vore særleg mykje meir enn 10 år gamal. Fram til slaget på Re var det Sigurd jarl som var leiar for flokken, medan Markus fekk ei meir sjølvstendig rolle i tida etter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arstad, Knut: Kongsemner og maktkonstellasjoner i innbyrdesstridens Norge 1157–1227, hovedoppgave UiO, 1994
  • Brathetland, Bente Opheim: Med stønad frå frender og vener. Slektskap og venskap i dei norske innbyrdesstridane 1130–1208, hovedoppgåve UiB, 1996
  • Brathetland, Bente Opheim: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Fagrskinna
  • Heimskringla
  • Helle, Knut: Norge blir en stat 1130–1319, Handbok i Norges historie del 3, 2. utgave, 1974
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 13, 1958
  • Orkneyinga saga
  • Saxo: Danmarks krønike, oversatt av Frederik Winkel Horn, København 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg