Simon er eit mannsnamn som er gresk form av det hebraiske Simeon, eit bibelsk namn som er brukt både i Det gamle og nye testamentet. Det er laga til eit hebraisk verb som tyder ‘høyre’, og namnet kan truleg forklarast som ‘berømt’.

Namnet har fleire variantar: Simen, Simon.

Namnedag er 28. oktober. Simen har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Simon

Kulturell bruk

  • Simon Darre i «Kristin Lavransdatter» (1920–1922).

Kjende personar med namnet Simon

Eit utval personar med namnet Simon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 721 menn i Noreg som hadde Simon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 62 gutar som fekk namnet Simon.

Utvikling i bruk av namnet

Simon var noko brukt i siste halvdel av 1800-talet og fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Det same gjeld T(h)omas. Dette står i motsetning til hovudtyngda av dei bibelske mannsnamna med to toppfasar, til dømes Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak og Jakob, for dei hadde den fyrste toppfasen tidleg på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Simon frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Simon frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Simon på 1800-talet.

Simon var klart mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Simon på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Simon var klart mest brukt i Troms.

Historisk bruk av namnet Simon
Historisk bruk av namnet Simon
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg