Faktaboks

Administrasjonssenter
Tonstad
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Vest-Agder)
Innbyggjartal
1 810 (2022)
Landareal
1 373 km²
Høgaste fjell
Urdalsknuten (1434 moh.) på grensa til Valle
Innbyggjarnamn
sirdøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4228 (frå 01.01.2020, tidlegare 1046)

Kommunevåpen

Kart: Sirdal kommune i Agder
Sirdal kommune i Agder fylke.
Kart: Sirdal kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tonstad er kommunesentrum i Sirdal.
Tonstad er kommunesentrum i Sirdal.

Sirdal er ein kommune i Agder fylke som omfattar Sirdalen frå midt på Sirdalsvatnet (53 meter over havet) i sør til grensa mot Bykle og Valle i den oppdemde sjøen Svartevatn i Setesdalsheiene/Ryfylkeheiane i nord med heiene og fjellstrøka på begge sider av dalen. I vest grensar Sirdal mot Rogaland fylke, og i aust når kommunen til vasskiljet mot Kvina i sør og heilt fram til Kvina sitt løp i nord.

Sirdal kommune vart oppretta i 1849 ved utskiljing frå Bakke, då under namnet Siredalen. Eit mindre område vart i 1874 overført frå Fjotland. I 1903 vart Sirdal delt i Øvre Sirdal kommune og Tonstad kommune, samtidig som eit mindre område med 63 innbyggjarar vart overført til Fjotland. I 1905 vart Sirdal delt i to, Tonstad og Øvre Sirdal (dei blei to kommunar i 1903 også). Dei noverande grensene sine fekk kommunen i 1960 då Tonstad, Øvre Sirdal og nordaustre del av Bakke vart slått saman til Sirdal. Kommunen hadde 1426 innbyggjarar ved skipinga. Eit mindre område vart overført frå Flekkefjord i 1987.

Sirdal si grense mot Rogaland i vest er mot kommunane Lund, Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal og Sandnes, medan nordgrensa er mot Bykle og Valle. I aust har Sirdal grense mot Valle, Bygland og Kvinesdal og i sør mot Flekkefjord.

Natur

Holmevatnet
Holmevatn i Sirdalsheiane.
Av /Statskog.
Lisens: CC BY NC 2.0
Sirdal

Sirdal. Stølen Godfar i Godfardalen, nord for sjølve Sirdalen. Stølen blir i dag brukt av gjetarar og jegerar. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Berggrunnen i Sirdal består av grunnfjell, vesentleg ulike gneisar i dei søre og sentrale delane av kommunen, større område med granitt i nord, mellom anna i Urdalsknuten (1434 meter over havet), som er det høgaste fjellet i kommunen og i tidlegare Vest-Agder. Heiene ligg noko over 500 meter over havet i sør og når 1000 meter over havet nord for Sinnes i Øvre Sirdal.

Nord for grenda Lunde i Øvre Sirdal på rundt 250 meter over havet stig dalbotnen i hovuddalføret sterkt og går over i dei eigentlege fjellbygdene. Barskogen veks opp til cirka 450 meter over havet, og bjørkeskogen til 600–700 meter over havet, slik at store delar av kommunen består av nakne fjellvidder med noko grasvekst.

Det meste av kommunen har avløp til Sira, som har eit nedbørfelt på 1920 kvadratkilometer.

Klima

Kaldaste månad er februar med normal på –4,1 °C, og varmaste månad er juli med normal på 13,0 °C. Mest nedbør er det i januar med normal på 208,4 millimeter og minst er det i mai med normal på 76,8 millimeter. Målingane er gjorde ved Sinnes målestasjon.

Busetjing

Busetjinga i Sirdal følgjer hovuddalføret og dei nedre delane av enkelte sidedalar med ein særleg konsentrasjon rundt kommunen sin einaste tettstad, administrasjonssenteret Tonstad, ved nordenden av Sirdalsvatnet. I alt 49 prosent av befolkninga til kommunen bur i tettstader (2019).

Elles blir merka ei relativt tett busetjing rundt Haughom på austsida av Sirdalsvatnet i sør og i Øvre Sirdal mellom Lunde og Fidjeland. Øvste faste busetjing i Sirdal er på Ådneram.

Fram til kraftutbygginga i 1960-åra dominerte jordbruket næringslivet til kommunen, og folketalet viste nedgang. Mellom 1865 og 1960 minka det med rundt 30 prosent, mest i Øvre Sirdal, og med dagens grenser hadde kommunen 1426 innbyggjarar i 1960. Dette var det lågaste registrerte folketalet i Sirdal. Kraftutbygginga og dei ringverknadene denne gav, førte til auke i folketalet i 1960-åra, men på 1970-talet gjekk tala noko ned igjen. Frå første halvdel av 1980-talet har likevel folketalet stort sett vist auke, i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg mot 1,0 prosent i fylket samla sett.

Kart over Sirdal kommune
Kart over Sirdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Sirdal.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Tonstad 880 49 % 1,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sirdal kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Øyarvatn

Sirdal er Noregs nest største kraftkommune. Dei fleste vatna i Sirdalsheiane er regulert og inngår i Sira-Kvina-utbygginga. Biletet er frå Øyarvatn (837-820 moh.).

Av /Statskog.
Lisens: CC BY SA 2.0
Sirdal Huskyfarm er ei av turistbedriftene i Sirdal.
Sirdal Huskyfarm er ei av turistbedriftene i Sirdal.
Sauesankinga er ei storhending i Sirdal kvar haust.
Sauesankinga er ei storhending i Sirdal kvar haust.

Sirdal har tradisjonelt vore ein jordbrukskommune, men næringa omfatta i 2019 berre seks prosent av arbeidsplassane til kommunen. Hovudvekta i jordbruket ligg på husdyrhald, framfor alt storfe og sau, der Sirdal saman med Kvinesdal har flest sauer i fylket. Heiene i Sirdal blir òg brukt i monaleg grad som beiteområde for sauer frå Jæren og Dalane.

Med 30 prosent av arbeidsplassane til kommunen, 34 prosent viss ein òg inkluderer industrien (2019), har byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon størst del av arbeidsplassane i Sirdal etter offentleg administrasjon og tenesteyting. Viktigaste industribransjar er maskin-, næringsmiddel- og trelast- og trevareindustri med høvesvis 54, 39 og 7 prosent av industriens sysselsette (2019).

Sirdal har etter kvart fått ein betydeleg turisttrafikk, både på hotell og andre overnattingsstader, campingplassar og ved utbygging av hyttefelt. Trafikken er stor både sommar og vinter. Dette gjeld særleg området nordover frå Tjørhom til Ådneram. Sirdal har òg ein del trafikk retta mot attraksjonane i indre del av Lysefjorden (Kjerag og Lysebotn). Dit går Lysefjordvegen over fjellet og med 27 hårnålsvingar ned til Lysebotn.

Av Sirdal sine busette arbeidstakarar har 19 prosent arbeid utanfor kommunen, fire prosent i resten av kommunane i Agder, elleve prosent i Rogaland (av dette sju prosent i Stavangerområdet) og éin prosent innan oljeindustrien på kontinentalsokkelen.

Kraftproduksjon

Sirdal er kommunen med nest størst vasskraftproduksjon i Noreg, og den største i Agder. Dei 19 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 5262 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Tonstad (i drift fra 1968), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Tjørhom (1973) og Kvinen (1981). Sira Kvina Kraftselskap er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Sira-Kvina-utbygginga i Sirdal var òg i landsmålestokk eit svært stort prosjekt, og dette har gjort Sirdal – etter Suldal – til Noregs største vasskraftkommune målt etter årleg middelproduksjon. Det største kraftverket er Tonstad kraftverk (i drift frå 1968) på 442 meter. Dette har òg størst årleg middelproduksjon med 4357 GWh og er med det største vasskraftverket i det landet. Tonstad kraftstasjon ligg 750 meter inne i fjellet og kan besøkast av turistar om sommaren.

Samferdsel

Fylkesveg 42 (EgersundEvjeArendal) går gjennom Tonstad og gir kommunen godt vegsamband både austover og vestover. Fylkesveg 468 knyter Tonstad til Svartevatn i nord der han møter fylkesveg 45 som førar sørvestover gjennom Hunnedalen til E39 på Ålgård. Frå Svartevatn går fylkesveg 450 nordover til Ådneram, herfrå fører sommarveg vestover i mange slyng ned til Lysebotn. Frå Ådneram fører elles anleggsvegar nordover til Svartevassdammen, ein av Noregs største fyllingsdammar.

Frå Suleskard like sør for Ådneram går fylkesveg 450 austover til Brokke i Setesdal. Denne fører vidare austover til E134 i Høydalsmo og utgjer ledd i det kortaste vegsambandet mellom Oslo og Stavanger (Suleskarveien). Frå Tonstad gir fylkesveg 4210 på vestsida av Sirdalsvatnet kortaste veg til Sira stasjon på Sørlandsbanen og til Flekkefjord.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Tonstad har vidaregåande skule (allmennfag og idrettsfag).

Sirdal høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Lister interkommunale politiske råd saman med Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal og Lyngdal.

Sirdal kommune svarer til soknet Sirdal i Lister og Mandal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sirdal til Lister fogderi i Lister og Mandals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sirdal

For statistiske formål er Sirdal kommune (per 2019) delt inn i eitt delområde med til saman 17 grunnkrinsar: Øksendal, Bjørnestad, Fintland, Tonstad, Josdal, Hompland, Guddalvatnet området, Lunde/Lindeland, Åmli, Tjørhom, Hunnedalen, Sinnes, Fidjeland, Skjerevassheii, Ådneram, Espetveit og Virak.

Historikk og kultur

Tonstad kyrkje.
Tonstad kyrkje.

På Tonstad ligg Storhaugane, to gravhaugar som vitnar om at staden var eit viktig sentrum i jernalderen. Dei ligg rett sør for Sirdalsheimen, den eine delvis under riksvegen. Den andre, som er 35 meter i diameter og nesten to meter høg, er ein av dei aller største haugane som i dag finst i Agder.

Ved Tonstad og i Haughom er det funne to bronsekjelar, produsert av romarar busette i Aachen i yngre romartid eller folkevandringstid. I 1944 vart to gullringar frå folkevandringstida funne i Øksendal.

Ved Valevatn er det funne eit bronsekar støypt i Capua ved Napoli ein gong mellom år 300 og 400 evt.

Tonstad kyrkje er frå 1852, men her har det stått to kyrkjer tidlegare, éi bygd på 1200- og éi på 1600-talet.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har tre oppflygande ryper i sølv, to over éin, mot ein grøn bakgrunn. Dette speglar betydninga av jakt og friluftsliv i kommunen.

Namnet er ikkje sikkert tolka. Det kan ha same rot som i sjå, eller av norrønt síga, 'å sige'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Seland, Per: Sirdal : gard og ætt, 1980–, seks bind
  • Særheim, Inge: Sirdal : namn og stader, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg