Faktaboks

Etymologi

Truleg eit opphavleg namn på Tinnsjå; ikkje sikkert tydd.

Administrasjonssenter
Rjukan
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
5 512 (2022)
Landareal
1 848 km²
Høgaste fjell
Gaustatoppen (1883 moh.)
Innbyggjarnamn
tinndøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4026 (frå 2024, tidl. 3818 og 0826)

Kommunevåpen

Tinn

Tinn. Utsikt over administrasjonssenteret Rjukan.

Av /KF-arkiv ※.

Tinn er ein kommune lengst nord i Telemark fylke. Kommunen omfattar dalane som munnar ut i Tinnsjå, med skog- og fjelltraktene omkring. I aust og nord grensar Tinn mot Buskerud. Vestgrensa er mot Vinje frå Møsvassdammen og nordover. Mot sør går grensa mot Seljord, Hjartdal og Notodden. Tinn omfattar den søraustre delen av Hardangervidda.

I 1860 vart delar av Tinn slått saman med delar av Hjartdal til den nye kommunen Gransherad. Hovin vart skilt ut som eigen kommune frå Gransherad i 1886, og i 1903 vart ein del av Tinn kommune ført over til Hovin. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964, då området aust for Tinnsjå i tidlegare Hovin kommune vart slått saman med Tinn kommune. Området vest for Tinnsjå, det vil seie Rudsgrend og Busnesgrend i tidlegare Hovin kommune, vart overført til Notodden kommune.

Natur

Gausta

Vestfjorddalen med Rjukan. Utsikt mot Gaustatoppen.

Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Tinnsjå
Tinnsjå er Noregs og Europas tredje djupaste innsjø
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Dei største dalane ligg rundt nordenden av Tinnsjå. Tessungdalen med Austbygde, Gauset med Mår, Gjøystdal med Gjøyst og Husvolldalen med Husvollåe. Vestfjorddalen med Rjukan og elva Måna munnar ut i Vestfjorden, ein vestgåande arm av sjøen. Tinnsjå og dalane er skore djupt ned i fjellmassivet, særleg rundt nordenden av sjøen, der bratte dalsider når opp i 1000 meter over havet.

Berggrunnen i heile Tinn er av grunnfjellsalder, men det er store skilnader mellom Telemarksformasjonen sine kvartsittar og porfyrar i den midtre og austre delen og granittane i nord og vest. Topografien er prega av store høgdeforskjellar. Dei to mest markerte toppane, Gausta (1883 meter over havet) og Store Vart (Bletoppen) i søraust (1342 meter over havet) er av kvartsitt. Grunnfjellsområdet i nordvest utgjer den søraustre avslutninga av Hardangervidda og har ei vidde på 1100–1300 meter over havet med toppar opptil 1500 meter over havet. Barskoggrensa ligg cirka 900 meter over havet, og berre ein firedel av kommunearealet ligg under denne.

Befolkning og busetjing

Folketalsutviklinga i Tinn for perioden 1951–2019

Mot slutten av 1800-talet var dei tradisjonelle næringane i Tinn i stagnasjon, og folketalet minka. Den samansette og storslåtte naturen gjorde likevel Tinn tidleg til eit populært turistområde. Ved byrjinga av 1900-talet, med utbygging av Rjukanfossen, vart Tinn ein industrikommune. I 1900 budde det 3200 personar i kommunen, medan talet i 1920 hadde auka til 12 200 på grunn av anleggs- og industriverksemda. Folketalet har sidan hatt ujamn utvikling i takt med utviklinga i industrien på Rjukan. Ei nedbygging og utflytting av den kjemiske industrien tok til i 1960-åra, følgd av utflytting og eit dramatisk fall i folketalet. I seinare år har nedgangen bremsa noko opp. I perioden 2015–2024 gjekk likevel folketalet ned med 6,4 prosent – den største nedgangen blant telemarkskommunane i denne tidbolken.

Det meste av busetjinga finst i og nær administrasjonssenteret Rjukan, elles rundt tettstadene Miland lenger ned i Vestfjorddalen og Austbygdei nordenden av Tinnsjå.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Tinn. Tettstadene er til saman 3,4 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Rjukan 3 022 55 % 2,6 km²
Austbygde 392 7 % 0,5 km²
Miland 297 5 % 0,3 km²
Sum 3 711 67 % 3,4 km²

* Andelen av innbyggjarane i Tinn kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Vemork kraftstasjon

Norsk Hydro vart grunnlagt i 1905, og sette i gang gjødselfabrikkar på Notodden og Rjukan. Kraftstasjonen på Vemork (biletet) ruva lenge som Noregs største vasskraftanlegg.

Av /Norsk Hydro/flickr.com.
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Arbeidsplassar i Tinn (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Enkelte dagar i året blir vatnet leidd utanom turbinane, og Rjukanfossen syner seg i fordoms prakt.

.
Lisens: fri

I kommunen blir det drive ein del jord- og skogbruk. Avverking av skog i 2022 utgjorde 54 374 kubikkmeter (m³), og gir grunnlag for noko trevareindustri.

Tinn kommune har dei siste 100 åra utvikla seg frå eit avstengt bygdesamfunn til ein tradisjonsrik og moderne industrikommune med Rjukan by som senter. Dette kjem særleg av kraftutbygginga og Norsk Hydros verksemd.

Heile kommunen har tradisjonelt vore avhengig av arbeidsplassane i industrien på Rjukan. I 1960-åra overførte Norsk Hydro ein aukande del av verksemda si til Porsgrunn. Industrien blir i dag prega av kjemisk industri og verkstadindustri. Det er òg mange sysselsette i produksjon av metall, grafiske produkt og næringsmiddel.

Turismen er i sterk vekst i Tinn, dels basert på Rjukans viktige industri- og krigsminne, dels på fjellområda. I seinare år er store område lagt ut til hyttebygging, og Tinn har utvikla seg til ein stor hyttekommune med 3557 hytter og fritidsbustader (2022). I perioden 2006–2022 auka talet på hytter med 46 prosent. I lia på nordsida av Måne ved Rjukanfossen ligg garden Krokan, som er DNTs eldste turisthytte, opna året etter stiftinga i 1868. Den gamle ferdselsvegen Maristigen går forbi garden.

Tinn er kommunen med tredje størst vasskraftproduksjon i Noreg, og den største i Telemark. Dei tolv vasskraftverka i kommunen produserer til saman 4235 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Vemork (i drift fra 1971), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Mår (1948) og Såheim (1915). Hydro Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Statkraft Energi med om lag ein fjerdedel.

Rjukan Arbeiderblad kjem ut fem dagar i veka og hadde i 2022 eit opplag på 2468.

Samferdsel

Fylkesveg 37 går frå Kongsberg via Gransherad på vestsida av Tinnsjå opp Vestfjorddalen gjennom Rjukan til Rauland og Vinje, der han møter E134. Fylkesveg 364 går frå Ormemyr på fylkesveg 37 aust og nord for Tinnsjå gjennom Hovin, Tinn Austbygd og Atrå til Mæl på fylkesveg 37. Sommarvegar over fjellet gjennom Tuddal til Sauland og frå Austbygde over høvesvis Imingfjell til Uvdal og Vegglifjell til Veggli, dei to sistnemnde i Numedal.

Historikk og kultur

Vemork kraftstasjon
Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork, fotografert i 1935. Fabrikken inneheldt verdas største elektrolyseanlegg, der tungtvatn var eit lett tilgjengeleg biprodukt. Sabotasjane mot fabrikken under andre verdenskrigen hadde som mål å hindre at Tyskland fekk tilgang til dette tungtvatnet. Hydrogenproduksjonen på Vemork vart innstilt i 1971 og bygget rive i 1977.
Av /Galleri Nor .
Maleri

Thomas Fearneleys måleri syner draktskikken i Tinn slik han var i fyrste helvta av 1800-talet. Kvinnedraktene på biletet syner den same draktskikken som ei bevart bruredrakt frå 1853, som er omtala i artikkelen.

Maleri
Av .

Norsk IndustriarbeidermuseumVemork er eit spesialmuseum for vasskraft og elektrokjemisk industri i Noreg. Det viser arbeids- og levevilkår i 1930-åra, og dessutan tungtvassaksjonen under andre verdskrigen, som viser til ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane som Vemork kraftstasjon var utsett for. I 1943 sprengde norske motstandsfolk Vemork for å stoppe den tyske produksjonen av tungtvatn, som vart brukt i utviklinga av atomvåpen. Til museet høyrer òg den gamle kraftstasjonen med røyrgate i dagen. Vemork var i 1911 eit av dei største kraftverka i verda. Industriarbeidermuseet inngår i verdsarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv.

Gaustatoppen, som ein kan nå anten til fots eller ved å ta taubana Gaustabana inne i fjellet, har den vidaste utsikta i landet. Frå den tronge Vestfjorddalen går Krossobana, den første taubana i Europa, opp til 886 meter over havet, eit utgangspunkt for turar innover Hardangervidda. Gaustablikk Høyfjellshotell, som i 1970 starta som ei lita fjellstove, består i dag av hotell, leilegheiter, hytter og eit komplett skisenter. Lengst nordvest når kommunen inn til Hardangervidda nasjonalpark. Dal kyrkje på Dale frå 1775 vart ombygd i 1842 og sist restaurert i 1960–1962 under leiing av Stephan Tschudi-Madsen. Rjukan kyrkje er ei steinkyrkje frå 1915.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Tinn høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Hjartdal, Kongsberg, Nore og Uvdal, Notodden, Rollag og Sigdal.

Tinn kommune svarer til dei fire sokna Atrå/Mæl, Austbygda, Hovin og Rjukan i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tinn til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Tinn

For statistiske formål er Tinn kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 37 grunnkrinsar:

  • Hovin/Austbygde/Tessungdalen: Øverbakke-Urdalen, Fosso, Bergli, Oppbygdi, Heia, Austbygde, Haukås, Lurås, Tessungdalen, Sandsetdalen
  • Atrå/Miland/Mæl: Marum, Gauset, Gjøystdal, Ullern, Miland øst, Miland vest, Rollag, Kalhovd
  • Rjukan: Haddeland, Dale, Tverrgrot, Bjørkhaug, Tveito, Ingolfsland, Rjukan kirke, Bøen-nordre, Bøen-søndre, Sølvolden-Krosso, Svadde, Mæland-Såheim, Veset, Våer, Gvepseborg, Svineroi, Gausdalen, Frøystul, Hjerdalen

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1994) har fem blå dropar, tre mot to, mot ein sølv bakgrunn. Dette symboliserer vasskraft.

Kart

Kart over Tinn kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kart: Tinn kommune i Telemark

Tinn kommune i Telemark fylke.

Kart: Tinn kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dahl, Helge: Rjukan, andre utgave, 1988–2000, 3 band. Les på nb.no: Band 1 Band 2 Band 3
  • Einung, Halvor H.: Tinn soga, 1926–1942, 2 band. Band 1 Band 2
  • Sauro, Herbjørn K.: Hovin-soga, 1987.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg