Faktaboks

Tore André Flo
Fødd
15. juni 1973, Stryn
Tore André Flo
Tore André Flo var proff i Chelsea i England frå 1997 til 2000.
Av /AP/NTB Scanpix.
Tore André Flo

Tore André Flo utliknar til 1-1 mot Brasil, 83 minutt ut i den siste kampen i gruppespelet. Berre fem minutt tidlegare hadde Bebeto sendt Brasil opp i leiinga, og berre to minutt seinare vart Flo felt innanfor sekstenmeteren til Brasil, og Noreg vart tildelt straffe som Kjetil Rekdal sette i mål i det 88. minuttet. Noreg vann dermed kampen 2-1, og gjekk vidare til åttedelsfinalen.

Av /NTB Scanpix.

Tore André Flo er ein tidlegare norsk fotballspelar, spiss, som spelte på det norske landslaget og var proffspelar i mellom anna den engelske storklubben Chelsea. Han skåra utlikninga til 1–1, då Noreg slo Brasil 2–1 under VM i Frankrike i 1998. Frå 2022 er Flo trenar for Sogndal, som i 2022 speler i OBOS-ligaen (det nest høgaste nivået i seriesystemet.)

Tore André Flo er bror til fotballspelaren Jostein Flo og fetter til fotballspelaren Håvard Flo.

Norge VM 1998
Noregs tropp til VM i fotball i Frankrike i 1998:
Bak frå venstre: Kjetil Rekdal, Stig Inge Bjørnebye, Gunnar Halle, Egil Østenstad, Ståle Solbakken, Henning Berg, Håvard Flo og Erik "Myggen" Mykland. I midten frå venstre: assistentrenar Bjørn Hansen, Tore André Flo, Jostein Flo, Ronny Johnsen, Dan Eggen, Vidar Riseth, Erik Hoftun. Framme frå venstre: Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonhardsen, Espen Baardsen, Frode Grodås, Thomas Myhre, Roar Strand, Vegard Heggem og Jahn Ivar «Mini» Jakobsen.
Norge VM 1998
Av /NTB Scanpix.

Fakta

Spelestil

Trass i den lange og hengslete kroppen sin var Flo på sitt beste ein teknisk og driblesterk spiss, som i tillegg var god på hovudet og ein sikker avsluttar med begge bein. Han skåra mange viktige mål for landslaget, mellom anna to mål i ein vennskapsbank mot Brasil i 1997, som stoppa den utrulege statistikken til Brasil med over 40 kampar utan tap. Etter denne kampen fekk han tilnamnet Flonaldo.

Flo var også sterkt involvert i Noregs 2-1-siger over Brasil i fotball-VM i 1998, der han skåra Noregs første mål, og nokre minutt seinare vart drege ned i feltet og skaffa straffe, som Kjetil Rekdal sette i mål. Dette var Brasils første tap i gruppespelet i eit VM sidan 1966.

Merittar med landslaget

Flo spelte i VM i Frankrike i 1998 og EM i 2000 i Belgia og Nederland. I VM i 1998 spelte han alle kampane, var ein av Noregs beste spelarar og vart, mellom anna på bakgrunn av innsatsen i Brasil-kampen, tildelt Kniksen-prisen som årets norske spelar. Han spelte også alle kampane i EM 2000, men var ute av form.

Merittar i klubbfotball

Med Chelsea vann Flo den europeiske Cupvinnercupen i 1998, den engelske ligacupen i 1998 og FA-cupen i 2000. Med Vålerenga vart han norsk seriemeister i 2005 og med Glasgow Rangers vann han både den skotske cupen og ligacupen i 2002.

Personlege merittar

Flo vart tildelt Kniksen-prisen i 1998. Med 76 landskampar er han nummer 13 på noregsstatistikken, og mottakar av Gullklokka.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Inge Fænn: Flo United: Et norsk eventyr om fotballfamilien Flo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg