Tove er eit kvinnenamn som truleg er innlånt frå dansk. Norrøn form var Tófa. Namnet går sannsynlegvis tilbake til gammaldansk Thor-fred. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘vakker’.

Etterleddet -fred svarer her til det norrøne -fríðr.

Namnet har fleire variantar: Thove, Tove, Tåve.

Namnedag er 2. november. Tuva har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tove

Eit utval personar med namnet Tove, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 938 kvinner i Noreg som hadde Tove som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tove var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Namneparet Tove – Tuva illustrerer eit interessant mønster: Tostava namn på -e, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Silje, Tone og Wencke var på topp før namn på -a byrja å bli populære rundt år 2000. Tove var mest brukt 1955–1964, Tuva 2000-09. Sidan år 1900 har Tove vore over tre gongar så mykje brukt som Tuva.

Utvikling i bruk av namnet Tove frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tove frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg