Faktaboks

iTromsø
Bladet Tromsø
Offisielt namn
MEDIEHUSET ITROMSØ AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Tromsø
Dagleg leiar
Cecilie Stefanussen
Styreleiar
Harald Rise
Logo
Logo
Av .

iTromsø er ei lokalavis som utkommer i Tromsø. Avisa blei grunnlagt i 1898 som Bladet Tromsø, seinare berre Tromsø. Eigar er Polaris Media. Avisa dekkjer Tromsø kommune.

Historie

Venstreavis

Bladet Tromsø blei etablert som «Rent Venstreblad for Tromsø By og Amt» i 1898 etter ein politisk strid i Venstre, der Tromsø Stiftstidende blei oppfatta som ikkje å vere påliteleg nok som partiavis. Den første redaktøren i Bladet Tromsø var Ejnar Gjemsø, etter kort tid erstatta av den markante Erling Steinbø, etter oppdrag frå Norges Venstreforening. Avisa blei ein kompromisslaus forkjempar for Venstre sine interesser. Steinbø slo både til høgre og venstre og særleg mot avisa Nordlys. Etter at fråhaldskrefter fekk overtaket i Tromsø Venstre, kom Steinbø på kant med partiet og måtte forlate avisa i 1912, truleg også som følgje av reaksjonar på hans tidvis giftige penn. Han stifta då avisa Nord-Norge, som gjekk inn året etter.

Dagsavis

Til gjengjeld fekk bladet Tromsø undertittelen «Dagblad for Nord-Norge» då avisa blei dagsavis i 1915. Dette gjenspegla både den tidlege fasen i oppkomsten av ein nordnorsk regionalisme og ambisjonane om å bli ei regionavis. I 1917 blei Oscar Larsen redaktør. Han kom til å sitje som redaktør i Tromsø til 1961 då sønene hans, Sverre og Kjell Larsen, overtok. På slutten av 1930-talet var opplaget på vel 8000, og Tromsø den nest største avisa i Nord-Noreg.

Krigsåra og etterspel

Redaktør Larsen blei fjerna som redaktør 7. november 1941, og Tromsø fortsette som «Organ for Nasjonal Samling» til krigens slutt, noko som diskrediterte avisa. I 1947 blei Tromsø passert i opplag av Nordlys med høvesvis 11 750 og 13 101 eksemplar. Ein storbrann i 1948 som medførte eit opphald på eit halvt år, sette avisa ytterlegare tilbake, og opplaget blei halvert på tjue år.

Nye eigarar, ny opplagsauke

I 1972 braut brørne Larsen med Venstre i samband med partisplittinga, og Høgre kom inn som eigar gjennom eit bladselskap. Avisa hadde då ein kort periode to redaktørar, ein frå kvar av eigargrupperingane. I 1972 kom også overgangen til offset og tabloidformat. I 1974 blei Høgre-mannen Erlend Rian redaktør, og avisa fekk ein kraftig opplaugsauke under den Høgrebølgja som førte han til ordførarvervet i 1980.

VG rustar opp for ei ny tid

I 1986 gjekk VG inn i avisa og bidrog til ei kraftig opprusting på datasida, samstundes som Pål Stensaas blei henta inn som ny redaktør. Frå no av definerte Tromsø seg som ei rein byavis, og opplaget auka. Då VG gav opp satsinga på lokalaviser, overtok Harstad Tidende-gruppen Tromsø i 1992.

I 2008 danna Harstad Tidende-gruppen og Adresseavisen Polaris-konsernet, som no eig avisa. I 2009 bytta avisa namn til iTromsø.

Opplag

Opplagstall for iTromsø, 1986-2022

1986 6310
1988 8916
1990 9481
1991 9637
1992 9497
1993 9143
1994 9208
1995 8951
1996 9294
1997 9321
1998 9610
1999 10110
2000 10618
2001 10724
2002 11060
2003 11071
2004 10911
2005 11068
2006 11020
2007 10577
2008 9858
2009 9429
2010 9085
2011 8304
2012 8220
2013 7110
2014 6533
2015 5983
2016 5988
2017 6717
2018 7779
2019 8176
2020 8205
2021 8824
2022 8590
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
2020 8205

Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

iTromsø
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg