Faktaboks

Administrasjonssenter
Aksdal
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
11 283 (2022)
Landareal
400 km²
Høgaste fjell
Lammanuten (631 moh.)
Innbyggjarnamn
tysværbu
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Tysvær kommune i Rogaland
Tysvær kommune i Rogaland fylke.
Kart: Tysvær kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tysvær

Tysvær. Parti frå Skjoldafjorden. I Skjoldastraumen midt i fjorden blei det i 1908 bygd sluser for å hjelpa båttrafikken gjennom dei sterke straumane.

Av /NTB Scanpix ※.

Tysvær er ein kommune i Rogaland fylke, på Haugesundshalvøya (Haugalandet), aust for Haugesund.

Tysvær ligg mellom Boknafjorden (Nedstrandsfjorden) i sør og grensa mot Vestland fylke (Sveio kommune) i nord, og har vestgrensa si i Førresfjorden, ein nordgåande arm av Boknafjorden. I nordaust strekkjer kommunen seg til Grindafjorden og Skjoldafjorden og i søraust til Yrkjefjorden og Vindafjorden, også desse nordgåande armar av Boknafjorden. Borgøy i ytre del av Skjoldafjorden er den einaste større øya i Tysvær.

Tysvær blei oppretta som kommune i 1849 ved utskiljing frå Skjold. Då hadde Tysvær 1784 innbyggjarar. Tysvær hadde deretter uendra grenser til 1965, då kommunen blei utvida med delar av dei tidlegare kommunane Avaldsnes (Førre/Stegaberg), Vats (sørsida av Yrkjefjorden), Skjold (heile kommunen med unntak av områda nord for Grindafjorden), Vikedal (Hapnes/Dokskar på sørsida av Yrkjefjorden) og Nedstrand. I 1969 blei så garden Sponavika ved Skjoldafjorden overført frå Vindafjord.

Tysvær grensar etter dette til Karmøy i Førresfjorden i sørvest, Haugesund i vest, Sveio i Vestland i nord, Vindafjord i nordaust og Suldal i den ytre delen av Vindafjorden i søraust.

Natur

Berggrunnen i størstedelen av kommunen består av «botngneis» i den kaledonske faldekjeda (sjå den kaledonske orogenese), opphavleg av grunnfjellsalder, men stadvis sterkt omdanna i kaledonsk tid, til dømes lengst søraust på Nedstrandhalvøya. Desse gamle gneisane er dekte av omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt) på den søraustre halvdelen av Nedstrandhalvøya og i eit område lengst sør på halvøya mellom Skjoldafjorden og Førlandsfjorden.

Landskapet i kommunen er kupert, med lyng- og til dels skogkledde høgdedrag og mange vatn. Over 90 prosent av arealet ligg lågare enn 300 meter over havet. Det høgaste punktet er Lammanuten på 631 meter over havet på Nedstrandhalvøya.

Naturvernområde

Kommunen har ni naturvernområde. Dei største er:

Hellebrekkene naturreservat, skogvern, 1 167,5 dekar, verna 2018

Gåsholmen og Årvikholmen naturreservat, verneplan for sjøfugl, 924,3 dekar, verna 1982

Nordåker naturreservat, skogvern, 777,2 dekar, verna 2019

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 2,1 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,2 °C. Målingane er gjorde ved Haugesund lufthavn, Karmøy.

Busetjing

Tysvær kyrkje.
Tysvær kyrkje.

Busetjinga i Tysvær viser ein klar konsentrasjon til dei nordvestre delane av kommunen, det vil seia områda som ligg nærast grensa til Haugesund. Her bur 60 prosent av befolkninga på 20 prosent av arealet, og i dette området finn me tre tettstader: Førre (rundt botnen av Førresfjorden, mellom garden Førre og Frakkagjerd), Grinde (ved botnen av Grindafjorden) og administrasjonssenteret Aksdal (ved krysset mellom E134 og E39 nordaust for Aksdalsvatnet).

Elles er det jamn busetjing i dei lågareliggjande områda av kommunen, tettast langs austsida av Førlandsfjorden med tettstadene Slåttevik og Padlene og tettgrenda Tysværvåg med Tysvær kyrkje, likeins rundt Skjoldastraumen med tettstaden Østenstad og området rundt tettstaden Nedstrand lengst søraust i kommunen. Lengst vest i kommunen stikk tettstaden Skre så vidt inn i kommunen, men det aller meste av dette ligg i Karmøy kommune. I alt bur 59 prosent av innbyggjarane i Tysvær i tettstader, mot 88 prosent i Rogaland samla sett (2013).

Busetjinga er sparsam på den nordre delen av Nedstrandhalvøya.

Tysvær har hatt kontinuerleg vekst i folketalet sidan 1960-åra, i tiårsperioden 2007—2017 med gjennomsnittleg 1,5 prosent årleg, mot 1,6 prosent i fylket samla sett i same periode.

Kart over Tysvær kommune
Kart over Tysvær kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Kårstø.
Kårstø.

Primærnæringane utgjer fire prosent av arbeidsplassane i Tysvær (2016). Jordbruket i kommunen er viktig, og av kommunane i nordfylket har berre Vindafjord eit større jordbruksareal. Jordbruket er hovudsakleg basert på husdyrhald, særleg mjølke- og kjøttproduksjon (storfe, sau og svin), og 99 prosent av jordbruksarealet er nytta til grasproduksjon (eng til slått og beite). Det er elles noko hagebruk, først og fremst bær- og fruktdyrking.

Det blir drive noko fiske i kommunen. Fiskeflåten i Tysvær førte i land fangstar til ein førstehandsverdi av 9,7 millionar kroner i 2015, men det meste av fangsten går til mottak utanfor kommunen. Tysvær har elles fleire oppdrettsanlegg for aure og laks.

Industrien, som omfattar 28 prosent av arbeidsplassane i Tysvær (2016), 39 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, er dominert av bergverk (petroleumsutvinning) og verkstadindustri. Det meste av industrien i Tysvær er på den måten direkte eller indirekte knytt til petroleumsutvinning. I denne samanhengen står anlegget på Kårstø sentralt. Det er Europas største anlegg for mottak, behandling/prosessering og vidaretransport av kondensat/lettolje og gass. Utanom desse bransjane har Tysvær noko næringsmiddelindustri, mellom anna Rogaland Konservefabrikk i Hervik, og noko trelast- og trevareindustri.

Det er svært lite vasskraftproduksjon i Tysvær. Den gjennomsnittlege årsproduksjonen i kommunen er i 2016 på ti gigawattimar (GWh) fordelt på seks kraftverk. Det aller meste av produksjonen skjer på Nedstrandhalvøya.

Av dei yrkesaktive som er busette i kommunen, har 58 prosent arbeid utanfor kommunen (2016). 29 prosent arbeider i Haugesund, ti prosent i Karmøy, fem prosent i Vindafjord og to prosent både i Bergen og Stavanger. Tysvær har også stor innpendling, ikkje minst på grunn av Kårstø-anlegget. I 2016 var 47 prosent av dei tilsette med arbeidsstad i Tysvær busette i andre kommunar, 20 prosent i Haugesund, 14 prosent i Karmøy og tre prosent i både Vindafjord og Sveio.

Samferdsel

Tysvær har eit relativt tett vegnett. I nord, innanfor Førlandsfjorden og Grindafjorden, går E134 (Haugesund–Drammen) gjennom kommunen. I kommunesenteret Aksdal ved E134 fører E39 (kyststamvegen på Vestlandet) sørover til Susort, like vest for Kårstø. Herfrå fører E39 i fleire bruer over til Vestre Bokn, som har bilferjesamband med Rennesøy (Arsvågen–Mortavika). Herfrå går E39 vidare til Stavanger via undersjøiske tunnelar og bruer (Rennfast). Frå Vågsbotn på E134 ved Grindafjorden, litt aust for Aksdal, fører E39 nordover til Stord via Bømlafjordtunnelen og Stordabrua.

Eit viktig internt samband i kommunen er fylkesveg 515 frå Grinde like aust for Aksdal via Skjoldastraumen til Nedstrand lengst søraust i kommunen. I Skjoldastraumen, som har stri tidvasstraum, ligg eitt av Noregs to sluseanlegg i saltvatn. Nedstrand har bilferje til Hebnes ytst på Ropeidhalvøya (fylkesveg 4712) og Jelsa (fylkesveg 517), begge i Suldal, likeins til JudabergFinnøy (fylkesveg 519) og til andre Ryfylke-øyar. Nedstrand har ekspressbåtsamband med mellom anna Stavanger og Sauda.

I 2013 opna det såkalla T-sambandet frå Mjåsund i Tysvær via undersjøiske tunnelar under Førresfjorden og Karmsundet (fylkesveg 553) til Håvik på Karmøy (fylkesveg 547). Frå tunnelen under øya Fosen fører ein arm av vegen nordover til Haugesund (fylkesveg 564).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Hindaråvåg ligg Tveit vidaregåande skule. Skulen blir driven etter privatskulelova og er eigd av ei stifting der ti kommunar på Haugalandet og i Ryfylke er med. Skulen har studieretning naturbruk.

Tysvær høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Tysvær er del av Haugaland næringsregion saman med Bokn, Haugesund, Karmøy, Utsira og Vindafjord.

Tysvær kommune svarer til dei tre sokna Førdesfjorden, Nedstrand og Tysvær i Haugaland prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tysvær til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Tysvær

For statistiske formål er Tysvær kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 35 grunnkrinsar:

  • Førdesfjorden: Førre, Stakkestad, Førre terrasse, Førre hageby, Frakkagjerd, Aksdal, Halleland, Grinde, Fikstveit, Sundfør
  • Tysvær: Stegaberg, Høie, Hetland, Gismarvik, Eikje, Tysværvåg, Krabbatveit, Førland, Askeland, Hesja, Falkeid, Hervik, Borgøy, Hundsnes
  • Nedstrand: Straum, Dalsbygda, Yrkje, Espevik, Neset, Muslandsvåg, Hinderåvåg, Baustad, Stranda, Nessa, Vassendvik

Historikk og kultur

Batasteiner på Grindeneset.
Batasteiner på Grindeneset.

I Tysvær er det gjort mange arkeologiske funn, mellom anna bautasteinar frå eldre jernalder på Grinde, tufter av skipsnaust i Leiranger sør på Nedstrandhalvøya og myntfunn frå vikingtida på kyrkjegarden i Nedstrand. Nedstrand var tollstad på 1600-talet med stor trelasteksport til Skottland. Enkelte år var også eksporten til Nederland betydeleg.

Målaren Lars Hertervig (1830–1902) var fødd på Borgøy i Tysvær, og det er reist ein statue av han i Aksdal. Det er minnestøtter over Cleng Peerson på Hesthammar nord for Kårstø der han voks opp, og i Tysværvåg på austsida av Førlandsfjorden. Cleng Peerson stod for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika i 1825 («sluppefolka»). I kulturhuset Tysværtunet i Aksdal står den permanente utstillinga «Reisa til Amerika», som fortel om norsk utvandring til USA.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har ein oppveksande hegre i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette speler på eit oppnamn innbyggjarane har fått.

Førsteleddet i namnet Tysvær kjem av norrønt Teizfiordr, av mannsnamnet Teitr, sisteleddet er ei dialektform av fjord.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Dybdal-Holthe, Nils og Langhelle, Svein Ivar med fleire: Tysvær: Gard og ætt, 1990–2008, ti bind, isbn 82-7096-328-3
  • Langhelle, Svein Ivar: Tysvær: Slik levde dei, 1997, to bind, isbn 82-7096-307-0

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg