Faktaboks

Administrasjonssenter
Valle
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
1 169 (2022)
Landareal
1 130 km²
Høgaste fjell
Urdalsknuten (1434 moh.) på grensa til Sirdal
Innbyggjarnamn
valldøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4221 (frå 01.01.2020, tidlegare 0940)

Kommunevåpen

Kart: Valle kommune i Agder
Valle kommune i Agder fylke.
Kart: Valle kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Valle

Valle i Setesdal. Dei nakne svaberga som stuper bratt ned mot den fruktbare dalbotnen, er populære klatremål.

Av /KF-arkiv ※.

Valle er ein kommune i Agder fylke. Kommunen omfattar Otras dalføre (Setesdal) frå Røysland ved grensa til Bygland i sør til Bjørnarå ved grensa til Bykle i nord, og med hei- og fjelltraktene på begge sider.

Valle kommune blei oppretta i 1837 i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen omfatta då også dagens Bykle kommune, det vil seie heile nordre del av Setesdal. Bykle blei skilt ut i 1902 og Hylestad i 1915. Valle fekk dei noverande grensene sine i 1962, då Hylestad igjen blei ein del av Valle kommune. Kommunen grensar til Bykle i nord, Tokke og Fyresdal i Telemark fylke i aust, Bygland i sør og Sirdal i Agder i vest.

Natur

Valleheiane
Frå Såvatn, lengst vest i Heiane.
Av /Statskog.
Lisens: CC BY NC 2.0
Valle.

Berggrunnen i Valle er i sin heilskap grunnfjell og består av granitt og gneis. Dette gjeld begge sidene av hovuddalføret. Otras dalføre gjennom kommunen har bratte sider. Heiane på vestsida når opptil 1434 meter over havet på grensa til Sirdal (Urdalsknuten, det høgaste punktet i tidlegare Vest-Agder fylke) og til 1337 meter over havet (Nordre Kaldeskardnuten på grensa til Bykle) på austsida. I fjellet er det fiskerike vatn og gode fjellbeite.

I 2013 blei Noregs 16. meteoritt funne i Valle. Meteoritten hadde ei vekt på 4,5 kilo og var det største funnet i Noreg på over 100 år.

Naturvernområder

Kommunen har tre naturvernområder:

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, verneplan for nasjonalparker og andre større verneområde, 2 331 474,6 dekar, verna 2000

Ljosådalen naturreservat, skogvern, 38 991,9 dekar, verna 2015

Kyrelitjern naturreservat, verneplan for myr, 133,5 dekar, verna 1986

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på −3,1 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 14,9 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 132,0 millimeter, og minst er det i april med normal på 49,4 millimeter. Målingane er gjorde ved Valle målestasjon.

Busetjing

Busetjinga i Valle er spreidd og følgjer hovuddalføret. Hei- og fjelltraktene er praktisk talt aude. Tettast busetjing er det sentralt i kommunen, i og rundt den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Valle (289 innbyggjarar i 2016). Elles er det ein viss konsentrasjon av busetjing i området Rysstad / Hylestad kyrkjestad og Brokke i sør og i området Flaten/Rotemo i nord.

Berre 23 prosent av innbyggjarane i kommunen budde i 2016 i tettstader, mot 45 prosent for Setesdal samla sett og 73 prosent i Aust-Agder.

Valle hadde (med noverande grenser) nedgang i folketalet fram til byrjinga av 1970-åra. Deretter låg folketalet relativt stabilt mellom 1400 og 1500 fram til 2004, men sidan har det vore i tilbakegang. I tiårsperioden 2007–2017 gjekk det tilbake med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg i Valle, mot ein vekst på 0,4 prosent årleg i dei fem setesdalskommunane og 1,1 prosent i fylket samla sett.

Kart over Valle kommune
Kart over Valle kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Roskreppfjorden
Valle er ein stor kraftkommune. Største delen av Valleheiane høyrer til Kvinas nedbørfelt og inngår i Sira-Kvina-utbygginga. Roskreppfjorddammen ligg på grensa mellom Valle og Sirdal kommunar.
Av /Statskog.
Lisens: CC BY SA 2.0

Husdyrhald, særleg sau, har mykje å seie. Sauehaldet er det største blant kommunane i fylket. Det blir også halde noko storfe. Grunnlaget for det store sauehaldet er ikkje minst dei store fjellbeita i kommunen. Skogen har ei viss økonomisk betydning med ei avverking som i 2020 utgjorde 16 460 kubikkmeter.

Medan primærnæringane i 2016 sysselsette fem prosent av alle med arbeidsstad i Valle, sysselsette industrien dette året seks prosent, 35 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Industrien er dominert heilt av mindre bedrifter innan trelast-, trevare- og møbelindustri med rot i lange handverkstradisjonar. Også sylvsmedkunsten har rike tradisjonar i Valle og Hylestad.

Valle har stor turisttrafikk med turisthytter og hyttegrender i fjellet.

Valle er den største kraftkommunen i tidlegare Aust-Agder, med ein mellomliggjande årsproduksjon på 1586 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er tre kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 369 meter (Kveaså). Kraftverket med høgast årsproduksjon, Brokke kraftverk (i drift frå 1964), er med 1556 GWh det største i tidlegare Aust-Agder.

Samferdsle

Riksveg 9 Kristiansand-Haukeligrend går gjennom Valle langs Otra. Fylkesveg 450 går frå Rotemo over fjellet til Dalen i Telemark. Fylkesveg 450 held fram frå Brokke vestover til Sirdal (Suleskardvegen), som ledd i det kortaste – og vinterstengde – vegsambandet mellom Oslo og Stavanger.

Valle flyplass, Åraksøyne er ein kommunal flyplass som ligg sør for administrasjonssenteret. Flyplassen opna i august 1998.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Valle høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Setesdal Regionråd saman med Bygland, Bykle og Evje og Hornnes.

Valle kommune svarar til soknet Valle/Hylestad i Otredal prosti (Agder og Telemark bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Valle til Sætersdalen fogderi (futedøme) i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Valle

For statistiske føremål er Valle kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 19 grunnkrinsar: Treungen, Rysstad, Haugen, Brokke - Haugeland - Berg, Nomeland - Uppstad, Åmli, Vallebø, Homme - Tveitebø, Oveinang, Ljosådalen, Nutevatn - Bottsvatn, Kolsvatn - Kværevatn, Evardalen - Bjørnevassheii, Søtebekkheii - Heddesdalen, Øyuvsvatn - Sandvatn, Buheii - Okstjørnheii, Valevatn - Timmerviksvatn, Gjuvvassheii og Torvikheii - Løyningsheii.

Historikk og kultur

Rygnestadtunet.
Rygnestadtunet.

Valle har ein rik folkeleg kulturtradisjon med mellom anna felespel og stev og gamle handverkstradisjonar som blir haldne i hevd. Likeins har kommunen mange gamle, freda bygningar, mellom anna frå mellomalderen. Setesdalsmuseet, som er eit interkommunalt museum for alle setesdalskommunane, har hovudadministrasjon på Rysstad i Valle, og to avdelingar i kommunen, høvesvis Rygnestadtunet (med mellom anna det kjende Rygnestadloftet frå 1590) og Tveitetunet, kvar med dei komplette tuna sine med bygningar som til dels er frå mellomalderen.

På Bjørgum (Bjørgom) stod Hylestad stavkyrkje (frå cirka 1200), og der er framleis ein freda kyrkjegard. Portalane til kyrkja, med framstilling av scener frå Vǫlsunga saga, er no plasserte i Universitetets oldsaksamling i Oslo.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har fem Andreas-krossar i gull, 2–1–2, mot ein raud bakgrunn. Dette speglar eit konstruksjonselement frå stavkyrkjene.

Namnet er opphavleg namn på prestegarden, genitiv eintal av norrønt vǫllr, 'voll'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ryningen, Alfred og Jansen, Leonhard B.: Valle kommune, 1985–2000, ti bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg