Vivi er eit kvinnenamn som har oppstått som barnespråksform, til dømes av Viktoria.

Eit typisk trekk ved barnespråksformer er at to like stavingar kjem etter kvarandre, til dømes Lollo (av Louise) og Totto (av Torstein). Dubleringsord av denne typen er til dømes namnam.

Namnet har fleire variantar: Vivi, Vivvi, Wivi.

Namnedag er 28. april. Viljar og Vivian har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 158 kvinner i Noreg som hadde Vivi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det høver å presentere i same diagram kurvene for Vivian og den tilhøyrande kortforma Vivi, for kurveprofilane til desse namna liknar kvarandre. Dei har begge ein til dels bratt opptur frå 1930-åra. Forskjellen ligg i at Vivi har ein flat topp (1945–1969), mens toppen for Vivian er spiss (1970–1974).

Utvikling i bruk av namnet Vivi frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vivi frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg