Faktaboks

Administrasjonssenter
Volda
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
10 809 (2022)
Landareal
834 km²
Høgaste fjell
Kvitegga (1700 moh.)
Innbyggjarnamn
volding, horndøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1577 (fra 01.01.2020, tidligere 1519)
Kommunevåpen frå 2020: Pennesplitten frå Volda sitt gamle kommunevåpen og to ljåar frå Hornindal sitt gamle kommunevåpen
Kart: Volda kommune i Møre og Romsdal
Volda kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Volda kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Volda sentrum
.

Volda er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen fekk nye grenser frå 1. januar 2020 etter at dei tidlegare kommunane Volda og Hornindal vart slått saman til nye Volda kommune som del av kommunereforma. Hornindal bytte samtidig fylke frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal.

Den nye kommunen består frå 2020 av to skilde naturgeografiske delar som blir knytte saman gjennom Kvivsvegen og Kvivstunnelen under fjellet Kviven frå Austefjorden til Hornindal. Kvivsvegen er ein del av E39 og opna i 2012. Med den nye vegen vart det tettare kontakt mellom bygdene.

Samtidig med kommunesamanslåinga blei Bjørke og Viddal krins lengst sør i Ørsta kommune overført til nye Volda. Bjørke og Viddal utgjorde 18 prosent av arealet i Ørsta, medan dei 104 innbyggjarane utgjorde 1 prosent av innbyggartalet. Grendene har berre vegsamband mot Volda.

Natur

Gamle Volda kommune omfattar bygdene på alle sider av Voldsfjorden med fjordarmane Dalsfjorden, Austefjorden og Kilsfjorden med Kilspollen.

Tidlegare Hornindal kommune omfattar Hornindalen og dei bratte sidedalane, og bygdene langs den austre delen av Hornindalsvatnet.

Berggrunnen tilhøyrer Kaledonidene og består av av gneis og granitt som tilhøyrer Gneisregionen. Stadvis finst basiske djupbergartar frå kaledonsk tid, som olivin, serpentinitt og eklogitt. Olivinstein finst særleg sør for Hornindalsvatnet.

Landskapet rundt Voldsfjorden har alpine former med ville, forrivne toppar på 1000–1500 meter over havet. Ved fjordane, særleg i ytre del av Voldsfjorden, finst enkelte flatare parti og dei viktigaste områda med dyrkingsjord.

Hornindalen er brei, open og frodig og med bratte, ofte blankskura sider. Fjella er høgast i aust med Kvitegga (tidlegare i Ørsta) på 1700 meter over havet som det høgaste, på grensa til Stranda kommune.

Hornindalsvatnet har preg av å vere ein innestengd og gjengløymd fjordarm innanfor Nordfjordeid i Stad kommune. Vatnet er det største på Vestlandet og den djupaste innsjøen i Europa. Det er òg blant dei tolv djupaste innsjøane i verda.

Busetnad

Folketalet i Nye Volda
Folketalet i Nye Volda 1977–2019

Det meste av busetjinga ligg ved Voldsfjorden, i Bjørkedalen i sør, i dalen innanfor Austefjorden der busetjinga strekkjer seg ei mils veg frå fjorden og i tettstaden Grodås i tidlegare Hornindal. På nordaustsida av Voldsfjorden ligg administrasjonssenteret Volda, den største tettstaden til kommunen, der 62 prosent av innbyggjarane i kommunen bur (2019). Dei to andre tettstadene er Grodås i tidlegare Hornindal i sør og Mork på grensa til Ørsta i nord.

Folketalet i gamle Volda har vore jamt aukande sidan andre verdskrigen. Folketalet i heile nykommunen auka med 5,6 prosent i tiårsperioden 2010–2019. Til samanlikning var det 6,4 prosent vekst i folketalet i fylket samla sett.

Kart over Volda kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Volda. Tettstadene er til saman 5,0 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Volda 7 033 65 % 3,8 km²
Grodås 493 5 % 0,7 km²
Mork 473 4 % 0,5 km²
Sum 7 999 74 % 5,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Volda kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Tussa kraftverk
Tussa kraftverk
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Både Volda og Hornindal har relativt gode jordbruksområde med drift basert på husdyrhald (storfe og sau). 3,7 prosent arbeider i primærnæringane, forholdsvis flest i Hornindal.

Volda har noko industri, men industrien er beskjeden samanlikna med nabokommunane. I alt 6,7 prosent av arbeidsplassane i Volda var innan bergverk, industri eller energi, mot 17,5 prosent i heile fylket (2018). Viktigaste industribransjar er maskinindustri, næringsmiddelindustri, møbelindustri og trevareindustri. Bjørkedalseidet har tradisjonar for bygging av småbåtar på gardane.

Etter grensejusteringa mot Ørsta – med overføring av grunnkrinsane Bjørke og Viddalen inst i Hjørundfjorden, har Volda vorte ein middels stor kraftkommune med 22 kraftverk med samla maskininstallasjon på 140,0 megawatt (MW) og ein samla mellomliggjande årsproduksjon på 608,6 gigawatt timar (GWh, tal frå 2019). Dei største av kraftverka er Tussa i Bjørke (275 GWh årleg) og Åmela inst i Dalsfjorden (131 GWh). Størst fallhøgd har Steinsvik (692 meter).

I Volda kjem avisa Møre ut tre gonger i veka.

Kraftproduksjon

Volda er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 24 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 604 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Tussa (i drift fra 1961), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Åmela (1977) og Steinsvik (2009). Tussa Energi er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen.

Samferdsel

Paddetunnelen ved Litlevatnet
Ved Litlevatnet innerst i Austefjorden finnes Norges største forekomst av nordpadder. Da E39 ble lagt om etter Kvivsvegen, ble det bygget ledeveger og sju tunneler under vegbanen. Ved rasteplassen er det også reist en paddestatue.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

E39 (Kristiansand–Trondheim) går gjennom kommunen frå Nordfjordeid i sør via Hornindal, Kvivsvegen, austsida av Austefjorden og tettstaden Volda og derfrå vidare til Ørsta.

På Kjøs lengst sør i kommunen går fylkesveg 15 austover frå E39 til Stryn og over Strynefjellet til Otta i Gudbrandsdalen. På Grodås i sør går fylkesveg 60 nordover til Hellesylt og Stranda.

Frå Volda tettstad går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstad og Folkestad. Frå Lauvstad går fylkesveg 652 vestover til Eidså i Vanylven.

På Hovden i Ørsta, 5 kilometer frå Volda tettstad, ligg Ørsta-Volda lufthamn som blir trafikkert av Widerøe Flyveselskap.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I tettstaden Volda ligg Høgskulen i Volda, Volda vidaregåande skule, Volda sjukehus (lokalsjukehus) og Søre Sunnmøre tingrett.

Volda høyrer til Volda og Ørsta lensmannsdistrikt i Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionsråd.

Volda kommune svarer til dei seks soknene Austefjord, Bjørke, Dalsfjord, Hornindal, Kilsfjord og Volda i Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Volda til Søndmør fogderi i Romsdals amt. Hornindal høyrde til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Volda

For statistiske formål er Volda kommune (per 2016) delt inn i seks delområde med til saman 37 grunnkrinsar:

  • Dalsfjord: Velsvik, Ulvestad, Dravlausbygda, Innselset, Åmelfot og Steinsvik, Dalsbygd
  • Folkestad og Bjørkedal: Folkestad, Fylsvik, Bjørkedal
  • Austefjord: Høydal, Fyrde, Kalvatn, Hjartå
  • Volda: Halkjelsvik, Øyra, Hauane, Myrane, Nedre Heltne, Røyslid, Engeset og Klepp, Norddalen, Nedre Rotset og Greivsnes, Øvre Rotset, Øvre Heltne og Vikebygd, Øvre Vikebygda
  • Mork og Berknes: Egset og Mork, Eikrem og Ytrestøyl, Lid og Yksnøy
  • Hornindal: Haugen, Kirkhorn, Grodås, Kjøs, Otterdal, Lødemel, Rygg
  • Frå Ørsta: Bjørke, Viddalen

Historikk og kultur

Volda kyrkje
Volda kyrkje
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Volda kommune vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. I 1883 vart Ørsta utskilt som eigen kommune. I 1893 var det ei lita grensejustering mot Ørsta som omfatta 15 innbyggjarar i Voldas favør. I 1924 vart Dalsfjord utskilt som eigen kommune, men denne vart i 1964 igjen ein del av Volda kommune.

Hornindal kommune vart oppretta i 1867 ved deling av dåverande Eid kommune i to. I 1965 vart Hornindal delt mellom Eid og Stryn med 310 innbyggjarar til Eid og 1184 innbyggjarar til Stryn. Delinga var del av ei større kommunesamanslåing både i Eid og Stryn. I 1977 vart Hornindal kommune retta opp igjen ved at den austre delen som hadde vore tillagt Stryn, vart eigen kommune. I 2019 vart grenda Maurset overført frå Hornindal til Stryn.

Volda kyrkje («Sunnmørskatedralen») vart oppført i 1932 med Arnstein Arneberg som arkitekt og med freskomåleri av Hugo Lous Mohr. Hornindal kyrkje er ei langkirke i tre frå 1856, teikna av H.D. Linstow og med altertavle av Dagfin Werenskiold (1932). Andre kyrkjer i kommunen er Austefjord (1880), Bjørke/Storfjord (1919), Dalsfjord (1910) og Kilsfjord (1974).

Tettstaden Volda har lange tradisjonar som skulestad, med lærarutdanning frå 1861 (i dag Høgskolen i Volda) og landsgymnas frå 1910/1947 (i dag Volda vidaregåande skule).

Saman med nabokommunen Ørsta er Volda eit viktig sentrum for nynorsk skriftkultur. Høgskulen i Volda tilbyr mellom anna mastergrad i nynorsk skriftkultur, og ved høgskulen finn ein òg Nynorsksenteret, som er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Festspela, som blir arrangerte kvart år i slutten av juni, går føre seg i Ørsta og Volda. Avisa Møre er ei av dei eldste lokalavisene i Noreg. Ho kjem ut i Volda og blir redigert på nynorsk.

På Ekset ligg Aarflotmuseet etter Sivert Aarflot med trykkjeri frå 1809, og på Haualeite ligg Volda Bygdetun med mellom anna garverimuseum. Bilethoggaren Anders Svor var fødd i Hornindal, og på Grodås ligg Anders Svor Museum med ei rekkje skulpturar.

Namn og kommunevåpen

Volda sitt kommunevåpen fram til 2019

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Det nye kommunevåpenet frå 2020 viser to ljåblad og ein pennesplitt i sølv mot blå bakgrunn. Våpenet er ein syntese av dei to tidlegare kommunevåpena.

Volda sitt gamle kommunevåpen vart godkjent i 1987 og viser ein nedvend pennesplitt i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer utdanning og kunnskap. Hornindal sitt gamle kommunevåpen vart òg godkjent i 1987 og viser tre ljåblad i sølv, eitt over eitt, mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer jordbruk og smedhandverk.

Namnet kjem av norrønt Valdr, opphavleg eit fjordnamn, kanskje med betydninga ‘den som bølgjar, koker', som i norrønt vall, ‘bobling' og vella, ‘koke, bruse' og tysk Welle, ‘bølgje'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aarviknes, Per: Volda-soga : gardar og slekter, 1970-73, 3 bind
  • Kjelland, Arnfinn, red.: Busetnadssoga for Volda, 2005- . (Komplett i 5 bind)
  • Nerbøvik, Jostein: Volda-soga 1800-1945, 1996-2004, 4 b.
  • Tvinnereim, Jon: Fjordbygder i forandring : Volda og Ørsta sparebank, Sparebanken Volda Ørsta : 1853-2003, 2003
  • Lillestøl, Karl: Hornindal herad gjenom hundrad år, 1837-1937, 1937
  • Lødemel, Halfdan: Hornindal kommune 1937-1987, 1987
  • Aaland, Jacob. Nordfjord frå gamle dagar til no. Bind II, del 1: Eid – Hornindalen. 1909. Ny utgave ved Edvard Os 1953
  • Svaar-Seljesæter, Knut: Hornindal, Nordfjord : ættelister for kvar gard i bygda, ny utg., 1989

Kommentarar (6)

skreiv Jon Richardsen

Skal Hornindal-Volda sammenslåingen legges til Sogn og Fjordane eller til Møre og Romsdal?

skreiv Geir Thorsnæs

Den sammenslåtte kommunen skal ligge i Møre og Romsdal. Det er imidlertid ennå ikke avklart om hele Hornindal kommune skal overføres ettersom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, blant annet på grunnlag av lokale ønsker i Hornindal,har anbefalt at Kjøs-området lengst sør i kommunen overføres til Stryn samtidig med at resten av kommunen slås sammen med Volda. Dette medfører at grensen mellom Kjøs-området og resten av nåværende Hornindal kommune vil bli en del av den fremtidige grensen mellom det nye vestlandsfylket og Møre og Romsdal. Den endelige grensefastsettelsen her vil bli avgjort av Kommunaldepartementet.

skreiv Geir Thorsnæs

Jeg har i artikkelen Ørsta oppgitt folketallet i Bjørke og Viddal til i alt 104 personer (i henhold til SSBs siste tall pr. 2019). Vi bør kanskje operere med samme tall?

skreiv Geir Thorsnæs

Jeg har i artikkelen Ørsta oppgitt folketallet i Bjørke og Viddal til i alt 104 personer (i henhold til SSBs siste tall pr. 2019). Vi bør kanskje operere med samme tall?

skreiv Geir Thorsnæs

På grunnlag av NVEs database for vannkraftverk og ny kommuneinndeling fra 2020 kan det gis følgende nøkkeltall for kraftproduksjonen i henholdsvis Ørsta og Volda per 2019:
Antall vannkraftverk: Ørsta 13 og Volda 22
Samlet maskininstallasjon: Ørsta 37,1 MW og Volda: 146,0 MW
Samlet midlere årsproduksjon: Ørsta 144,9 GWh og Volda 608,6 GWh
Største enkeltverk (midlere årsproduksjon): Bjørdal i Ørsta (27,8 GWh) og Tussa i Volda (272,3 GWh)
Største fallhøyde: Trandal i Ørsta (442 meter) og Steinsvik i Volda (692 meter)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg