Teknisk tegning, Statsraad Lehmkuhl
Statsraad Lehmkuhl er ein typisk tremasta bark.
Seilskip

Ulike typar seglskip og rigging som var mest nytta i Nord-Europa.

Store norske leksikon ※.

Bark er ei seglskute med tre master eller fleire, der alle har råsegl utanom den aktre, som er ei mesanmast med sneisegl.

Faktaboks

Etymologi
gjennom fransk barque, frå italiensk og seinlatin barca ‘båt’; til norrønt barki ‘skipsbåt’

Barkrigging er blant dei mest nytta på seglskip, og i Noreg er Statsraad Lehmkuhl ein typisk bark. Under den historiske seglskutetida var barkar dominerande i heile den vestlege verda, og vart nytta til alle typar fart.

Bruksområde

Barkrigging er eit kompromiss mellom eigenskapar og økonomi. Når ei skute er barkrigga, har ho eit bruksområde som kombinerer det til skonnertar, barkentinar og fullriggarar. Når ein bark seglarlens, med vinden frå akter, går den omtrent like godt som ein fullriggar. Seglar fartøyet på kryss, mot vinden, vil det segla omtrent som ein skonnert eller barkentin; som er best på kryssegling.

Desse eigenskapane gjer at barkar kan gå over verdshava med handelsvindane, og gjere i nærleiken av same fart som ein fullriggar. Barkar kan i tillegg ha eit mindre mannskap, normalt 30 personar, som er meir økonomisk i forhold til fullriggarar. Langs kysten går ein bark med fordelane til dømesvis skonnertar, der vindretninga ofte er på kryss.

På grunn av dette er ein bark som regel ikkje raskare enn ein fullriggar i medvind, eller skonnertar i motvind, men har svært få avgrensingar.

Historie

Terra Nova i Antarktis
Stobritannia nytta ofte barkrigga skuter ved ulike ekspedisjonar; som til dømes Terra Nova under Robert F. Scotts kappløp mot Roald Amundsen til Sydpolen.
Av /Library of Congress.
Lisens: CC BY 2.0

Barkrigging er typisk for seglskuter på 1800-talet, og vart konstruert av dei fleste større europeiske nasjonane, i tillegg til Nord-Amerika. Av dei tidlege dømene på barkrigging var HMS Endeavour, som James Cook nytta til den første ekspedisjonen i det sørlege Stillehavet på 1700-talet. Saman med utviklinga av verdshandelen og imperialismen på 1800-talet, økte etterspurnaden etter allsidige handelsskip, og dette var i stor grad barkrigga skuter.

Mindre nasjonar, som til dømes Noreg, kjøpte ofte seglskuter frå utlandet, helst barkrigga skip; sidan dei kunne gå med eit mindre mannskap. I andre tilfelle kjøpte norske reiarar fullriggarar frå utlandet, og rigga dei ned til barkar då dei kom til Noreg. Langs kysten av Sør-Noreg vart det i tillegg konstruert nokre norske barkar. Mot slutten av seglskutetida, då dei store nasjonane hadde gått over til damp, gikk Noreg framleis med eit stort tal barkrigga seglskuter i handelsfart.

Kjende barkrigga seglskip er blant anna RRS Discovery, nytta til ekspedisjonar i Antarktis med Ernest Shackleton og Robert F. Scott, James Cooks HMS Endeavour, Statsraad Lehmkuhl i Bergen, og Skomvær, som var den første norske barken bygd i stål.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg