Genus er eit anna ord for grammatisk kjønn, som er ulike klassar av substantiv. På norsk finst det tre genus: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Framfor hankjønnsord kan ein setje artikkelen ein (som ein bil), framfor hokjønnsord kan ein setje ei (som ei bok), og framfor inkjekjønnsord kan ein setje eit (som eit hus).

Faktaboks

Uttale
gˈenus
Etymologi
latin, ‘kjønn, slekt‘; norsk fleirtal genus eller genera
Også kjend som

grammatisk kjønn

Kvart genus krev ulik kongruens (samsvarsbøying) i andre ord. Her er nokre norske døme som viser korleis determinativ, adjektiv og possessiv endrar form etter genuset til substantivet dei står til:

  • hankjønn: ein liten bil; bilen min er liten
  • hokjønn: ei lita bok; boka mi er lita
  • inkjekjønn: eit lite hus; huset mitt er lite

Det er denne kongruensen som viser kva genus eit substantiv har, og ikkje korleis substantivet blir bøygt.

Det finst språk med så mange som tjue genus. Genus er eit relativt vanleg fenomen. Det finst språk med genus i alle verdsdelar.

Genus i norsk

Adjektivet liten har ei form for kvart genus når det står til eit ubunde substantiv i eintal, som dømet over viste. Dei fleste andre adjektiv har berre to former:

  • ein stor, fin bil
  • ei stor, fin bok
  • eit stort, fint hus

I norsk er det berre substantiv i eintal som har genus. Til dømes varierer ikkje adjektivet i form når det står til eit substantiv i fleirtal:

  • store, fine bilar
  • store, fine bøker
  • store, fine hus

I norrønt var genusa skilde også i fleirtal, som vist i desse nominativ-formene:

  • hankjønn fleirtal: stórir hestar 'store hestar'
  • hokjønn fleirtal: stórar kýr 'store kyr'
  • inkjekjønn: stór dýr 'store dyr'

Kongruens

Kongruens, også kalla samsvarsbøying, vil seie at ord blir bøygde på ulik måte utifrå kva anna ord dei høyrer saman med. Norsk har tre typar kongruens når det gjeld genus.

1. Substantivfrase-kongruens, der eit adledd kongruerer med kjernen i frasen. Her er tre døme, der kjernen er dei tre substantiva kniv, øks og skrujern:

  • Ein liten kniv
  • Ei lita øks
  • Eit lite skrujern

2. Predikativ-kongruens, der eit predikativ kongruerer med eit substantiv i setninga:

  • Kniven er liten / min.
  • Øksa er lita / mi.
  • Skrujernet er lite / mitt.

3. Anaforisk kongruens, der eit pronomen kongruerer med eit substantiv ein annan stad i teksten:

  • Kniven ligg der borte. Ser du han?
  • Øksa ligg der borte. Ser du ho?
  • Skrujernet ligg der borte. Ser du det?

Skilnader mellom nynorsk og bokmål

Medan nynorsk har tre genus, kan ein på bokmål også operere med eit nyare system med to genus, som i dansk rigsmål, der skiljet mellom maskulinum og femininum har falle bort. Her har vi då to genus: utrum eller felleskjønn og nøytrum eller inkjekjønn:

  • utrum: en liten bil
  • utrum: en liten bok
  • nøytrum: et lite hus

I dette to-genus-systemet kan nokre substantiv i utrum ha endinga -a i bunden eintal:

  • utrum: bilen er liten
  • utrum: boka er liten
  • nøytrum: huset er lite
  • utrum: bilen er min
  • utrum: boka er min
  • nøytrum: huset er mitt

Her er ikkje skiljet mellom bunden eintal på -en og -a eit genusskilje, berre to ulike bøyingsmåtar for substantiv i utrum. Dette er eit tydeleg døme på at talet på genus i eit språk må fastsetjast på grunnlag av kongruens, og ikkje på grunnlag av korleis substantiva blir bøygde.

Genus og tyding

Det ligg alltid tyding til grunn for inndelinga i genus, om enn i varierande grad.

I norsk og andre indoeuropeiske språk – og dessutan i afroasiatiske språk som hebraisk, arabisk, amharisk, somalisk, tamazight og hausa – spelar naturleg kjønn (sexus) ei rolle. Her er det slik at substantiv som viser til dyr og menneske av hankjønn, normalt har genuset maskulinum, medan substantiv som viser til dyr og menneske med det naturlege kjønnet hokjønn, normalt har genuset femininum. Døme på dette er ord som ein mann, ein gut; ei kvinne, ei jente.

For substantiv som ikkje viser til dyr og menneske, er det stort sett vilkårleg kva genus dei har, sjølv om det finst ein del andre prinsipp. Til dømes er norske ord for treslag stort sett feminine: ei furu, ei gran, ei bjørk, ei osp, og substantiv for kortvarige og fullførte handlingar er stort sett inkjekjønn, som eit nys, eit spark, eit hopp, eit kast og eit slag.

Mellom andre semantiske skilje som spelar ei rolle i genussystem, er menneske versus ikkje-menneske og levande versus ikkje-levande.

Genus i nokre andre europeiske språk

Germanske språk

Dansk og svensk riksspråk har dei to genusa utrum og nøytrum, og vi finn det same i nederlandsk. Eldre stadium av desse språka hadde tre genus.

Fleire tradisjonelle danske og svenske dialektar skil mellom maskulinum, femininum og nøytrum, akkurat som islandsk, færøysk og tysk. Døma frå islandsk viser at dette språket framleis skil mellom dei tre genusa i fleirtal, noko norsk ikkje gjer:

Islandsk:

  • maskulinum eintal: lítill bíll 'ein liten bil'
  • femininum eintal: lítil bók 'ei lita bok'
  • nøytrum eintal: lítið hús 'eit lite hus'
  • maskulinum fleirtal: litlir bílar 'små bilar'
  • femininum fleirtal: litlar bækur 'små bøker'
  • nøytrum fleirtal: lítil hús 'små hus'

Tysk, derimot, har mista genusskiljet i fleirtal, som norsk:

  • ein kleiner Mann 'ein liten mann'
  • eine kleine Frau 'ei lita kvinne'
  • ein kleines Kind 'eit lite barn'
  • kleine Männer 'små menn' / kleine Frauen 'små kvinner' / kleine Kinder 'små born'

Gamalengelsk hadde dei tre vanlege germanske genusa, som blei borte før slutten av 1400-talet, og i moderne engelsk finst det ingen spor etter dei, bortsett frå skiljet mellom dei tre pronomena he 'han', she 'ho' og it 'det'.

Romanske språk

Medan latin hadde dei tre genusa maskulinum, femininum og nøytrum, har dei romanske språka, som stammar frå latinsk talemål, berre to genus – maskulinum og femininum. Desse er framleis skilde i fleirtal, som desse spanske formene viser:

  • maskulinum eintal: el toro rojo 'den raude oksen'
  • femininum eintal: la vaca roja 'den raude kua'
  • maskulinnum fleirtal: los toros rojos 'dei raude oksane'
  • femininum fleirtal: las vacas rojas 'dei raude kyrne'

Slaviske språk

Slaviske språk skil mellom tre genus – maskulinum, femininum og nøytrum – i eintal, medan systemet varierer ein del i fleirtal. Polsk har det vanlege systemet i eintal, her vist med kasuset nominativ:

  • ten nowy mężczyzna 'denne nye mannen'
  • ta nowa kobieta 'denne nye kvinna'
  • to nowe okno 'dette nye vindauget'

Substantiv i fleirtal har eit system med to heilt andre genus, viril (menneske av sexuset hankjønn) og ikkje-viril (alle andre):

  • ci nowi mężczyźni 'desse nye mennene'
  • te nowe kobiety 'desse nye kvinnene' / te nowe okna 'desse nye vindauga'

Genus i nokre språk utanfor Europa

I det afrikanske språket swahili og det amerikanske språket cree finn vi genus, men naturleg kjønn (sexus) spelar inga rolle i genus-systema i desse språka.

Swahili

Dei fleste språka i den afrikanske språkfamilien nigerkongospråk har store genussystem, med mellom ti og tjue genus. Eit døme er det austafrikanske bantuspråket swahili, som har ti genus. Det er vanleg å gje genusa namn etter typiske tydingar ved substantiva, til dømes menneske-genus, plante-genus, frukt-genus og ting-genus. Døma nedanfor viser korleis dei kongruerer med prefiks på adjektivet -zuri 'god' og verbforma -meanguka 'har dotte ned'. For klårleikens skuld er det sett ein bindestrek etter kongruens-prefiksa:

  1. Menneske-genus, eintal: mtoto m-zuri a-meanguka 'det gode barnet har dotte ned'
  2. Menneske-genus, fleirtal: watoto wa-zuri wa-meanguka 'dei gode borna har dotte ned'
  3. Plante-genus, eintal: mti m-zuri u-meanguka 'det gode treet har dotte ned'
  4. Plante-genus, fleirtal: miti mi-zuri i-meanguka 'dei gode trea har dotte ned'
  5. Frukt-genus, eintal: chungwa zuri li-meanguka 'den gode appelsinen har dotte ned'
  6. Frukt-genus, fleirtal: machungwa ma-zuri ya-meanguka 'dei gode appelsinane har dotte ned'
  7. Ting-genus, eintal: kisu ki-zuri ki-meanguka 'den gode kniven har dotte ned'
  8. Ting-genus, fleirtal: visu vi-zuri vi-meanguka 'dei gode knivane har dotte ned'

Cree

I språka til dei amerikanske urfolka er ikkje genus så utbreitt, med unnatak av den store nordamerikanske språkfamilien algonkinsk. Språka i denne familien har to genus, animat og inanimat. I det animate genuset finn vi stort sett substantiv for levande skapningar som gudar, ånder, menneske, dyr og planter, medan alle andre substantiv er inanimate – med nokre få unnatak. Genuset er uttrykt på verbet, til dømes ved at transitive verb (verb som tek objekt) har ulik form når objektet er animat og inanimat, som vist i desse døma frå cree, der substantiva atim 'hund' og iskwēw 'kvinne' er animate og wāskahikan 'hus' og maskisin 'mokasin, sko' er inanimate:

  • niwāpamāw atim/iskwēw 'eg ser hunden/kvinna'
  • niwāpahtēn wāskahikan/maskisin 'eg ser huset/mokasinen'

Andre bruksmåtar av ordet genus

Genus verbi er eit alternativt uttrykk for det vi på norsk til vanleg kallar diatese – det vil seie verbformene aktiv, passiv og medium.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg