Halling

Rundkastet hallingkast er høgdepunktet i dansen

Av /NTB Scanpix ※ Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Halling er ein norsk folkedans som kan dansast av ein person åleine eller av fleire på same tid, særleg av menn eller også av par. Mange variantar inneheld akrobatiske innslag. Særleg kjend er hallingkast, der dansaren skal sparke ned ein hatt som blir heldt opp på ein staur.

Musikken til halling går i todelt takt, oftast notert som 2/4 eller 6/8. Halling blei brukt som namn på bygdedansformer i norske bygder, og fram til litt ut på 1900-talet kunne det vera ein solodans, ein pardans eller eit dugleiksstykke. I litteraturen blei halling lenge definert som ein solodans for menn, og dette var relativt einerådande også i kappleikmiljøa fram til 1970-talet, når eit breiare formutval litt om litt kom i bruk. Ein del kvinner tok også opp solodansen og viste til at det var ein tradisjon for dette også etter gammalt, sjølv om norma sa det var ein mannsdans.

Denne motivrike solodanstypen har dominert der hallingtradisjonen stod sterkast. Det var i dei vestlege fjellbygdene på Austlandet: Valdres, Hallingdal, Numedal og til dels Telemark og i nokre av dei indre bygdene i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her går det gjerne ord om prestasjonane til dei beste hallingdansarane, og i mange bygder har det vore ein solid tradisjon med mange som kunne halling inn i det 20. hundreåret. Likevel er det først og fremst hallingdansarar frå Hallingdal og Valdres som har ført dansen vidare inn kappleikmiljøa, og det er vanskeleg å seia kor stor skilnad det var på dansen i ulike bygder før det. I dag blir dansen brukt som ein felles norsk dans.

Denne velkjende hallingforma som ofte også har vore kalla laus, lausdans eller lausedans, har ikkje noko fast oppbygging. Der er steg som liknar stega i andre bygdedansar, og mange ulike kast, sprett og spenn. Desse akrobatiske innslaga er ofte sjølvstendige idrettsleiker som også vart brukte utenom halling.

Det å spenna høgt eller gjera kast var brukt som ein idrettsleik. Ungdomen kunne spenna etter kvister på tre, etter bjelkar innandørs eller berre i lause lufta. På moen kunne offiserar la rekruttane tevla om å spenna ned ei uniformlue frå ein bajonett, og med kappleikane blei det å spenna etter ein hatt som ei jente held på ein stokk, og dei heiter hallingkast. Eit stempla kast, som var idealet, var å koma ned samstundes på begge føter.

I Setesdal, Telemark og Sunnfjord har hallingen også vore dansa som pardans lenge nok til at han gått direkte inn i kappleiktradisjonen. Det finst mange kjelder som seier at denne pardansen har vore dansa mange fleire stader, og fleire stader er versjonar blitt rekonstruert på ulikt slag grunnlag. I Setesdal blir denne dansen kalla gangar, men namnet halling finst i eldre kjelder. I Telemark har dei brukt både halling og gangar som namn, og mange hevdar at hallingen er villare og sprekare, og at gangaren rolegare. Slåttane til dansen/dansane har også ulike namn og blir slik til nokon grad skilde frå kvarandre av spelemennene. Dei blir vanlegvis skrivne ned i 2/4 eller 6/8 takt.

Kjelder for og minne om dugleiksstykket halling finst frå det meste av landet, og kjerneelementet var då å sitja på huk og kaste ein fot fram om gongen. Dette elementet hadde ulike namn, som kruke, huke, eller spøta.

Ein svært vanleg måte å gi dansar namn på er å kalla dei etter stader eller innbyggjarane der, og ein halling kan vera ein person frå Hallingdal, men også denne dansen som av folk av ein eller annan grunn knytte dit. Det er også grunn til å merkja seg at i Hallingdal kalla dei dansen «laus» heller enn halling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg