Tømte husmannsplass
Ein husmannsplass bestod som regel av bustadhus, løe, fjøs og kan hende eige eldhus eller andre uthus. Bustadhuset var ofte eigd av husmannsfamilien sjølv. Biletet viser husmannsplassen Tømte i Nordmarka utanfor Oslo, truleg i siste halvdel av 1800-talet.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Husmannsplass Sandmo
Den freda husmannsplassen Sandmo i Snåsa. I Trøndelag og på Austlandet var husmannsplassane vanlegvis ganske store.
Skarderudstua
Skarderudstua, ein husmannsplass frå Skarderud, Ringsaker, bygd ca. 1750. Stua er flytta til Hedmarksmuseet, Hamar.

Ein husmannsplass, ofte også omtalt berre som ein plass, var eit leigd jordstykke. Husmannen leigde husmannsplassen av ein bonde. Plassen hadde hus og tente oftast som opphaldsstad for ein familie med fleire medlemer. Dei første husmannsplassane blei etablerte på 1500-talet, og blei særleg mange frå midten av 1700-talet og fram til ikring 1850.

Det leigebruket som husmannsplassen utgjorde, var ikkje med i registeret over alle gardar eller gardsnummer i landet. Dette gardsregisteret, som også blir kalla matrikkelen, omfatta ikkje husmannsplass. Årsaka er at det leigde jordstykket til husmannsfamilien ikkje var skyldsett. Husmannsplassen bestod med andre ord av eit uregistrert eller umatrikulert stykke jord. Dette skilde seg frå gardsbruka, som alle saman stod oppførte i matrikkelen. Desse registrerte gardsbruka hadde ved innskrivinga i matrikkelen fått si eiga landskyld, også kalla matrikkelskyld.

Pliktarbeid var oftast ein del av leiga for husmannsplassen. Denne arbeidsplikta skulle utførast på garden eller gardsbruket plassen høyrde til. Pliktarbeidet bestod av nokre dagsverk i vinnene eller onnene: Vårvinna, slåtten og kornskurden. Det varierte kor mange dagar det kunne vera snakk om, men ofte utgjorde ikkje dei kontraktsfesta pliktdagane meir enn 1–3 dagar i kvar vinne. Pliktarbeidet kunne ofte vera fastsett i bestemte arbeidsytingar, som slåtteteigar, kornareal eller å gjerda inn plassen med stein eller anna vyrke.

Husmannsplassen hadde i regelen nokre rettar i utmarka til garden den låg på. Det galdt først rett til å få beita dyra som husmannsfamilien fødde på sjølve plassen. For det andre galdt det rett til å få ta brensel i utmarka eller frå torvmyrar på garden. Andre rettar enn desse to kunne også husmannsfolket få i gardsutmarka. Slike eksempel kan vera løyve til å få samla seg lauv, lyng, einer og skav.

Husa på husmannsplassane var oftast av same slaget som på gardsbruka: Bustadhus, løe, fjøs og kan hende eige eldhus eller andre uthus. Bustadhuset var ofte eigd av husmannsfamilien sjølv. Det same var også oftast tilfelle for uthusa.

Husmannsfamilien med kone, mann og born var altså busette i eige, felles hus på annan mann si jord. Plassen kunne like fullt høyra til på gardar eller gardsbruk der gardbrukaren anten var eigar sjølv, eller han var leigar av garden eller bruket sitt. Ein gardbrukar som ikkje eigde den matrikkelregistrerte jorda si, blei kalt leilending. Både leiglendingen og sjølveigaren kunne leiga bort og slik festa av jordarealet sitt vekk eigne jordstykke til husmenn.

Mange husmannsplassar blei gjennom åra skyldsette til eigne gardsbruk. Å skyldsetja ein husmannsplass betyr at plassen fekk eit verdimål etter storleik, jordkvalitet og plassering. Skyld har opphav i det gamle omgrepet landskyld. Desse mindre bruka utgjorde det som har blitt heitande småbruk.

Storleik og godleik

Husmannsplass
På Vestlandet var husmannsplassane ofte mindre enn på Austlandet. Husmannsplass i Movika, Førde, i dag ein del av Sunnfjord museum.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Husmannsplass Kjelvik
I Nordland hadde dei fleste husmannsplassane berre 5 mål eller mindre dyrka jord. Husmannsplassen Kjelvik i Sørfold, Nordland.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Husmannsplassen varierte i storleik kringom i landet. Mange av dei største plassane var å finna på Austlandet. Flittige husmenn på gode husmannsplassar i dei austlandske jordbruksbygdene kunne ha betre utkome enn husmenn andre stader i landet. Plassane austpå gav oftast større avling enn husmannsplassane i fjell- og kystbygder. Vilkåret var like fullt at husmannen eller husmannskona fekk tid til å dyrka plassen skikkeleg og ikkje hadde for mykje pliktarbeid eller betalt arbeid å utføra på garden.

På Vestlandet var husmannsplassane ofte heller små. Dei fleste Vestlands-gardane hadde ikkje meir dyrka jord enn ein stor husmannsplass på Austlandet. I Nordland hadde dei fleste (70 prosent) husmannsplassane berre 5 mål eller mindre dyrka jord. Husmannsplassane i Trøndelag var derimot jamt over store, ein tredjedel utgjorde meir 10 mål dyrka jord.

Plassystemet

Interiør husmannsstue
Restaurert interiør i ei husmannsstue, no ein del av Sunnfjord museum.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Husmannsplassen Glomdalsmuseet
Husmannsplass frå Hof i Åsnes. Stua er bygd omkring 1850. Bygningane står no på Glomdalsmuseet, Elverum.

Husmannsplassen var hovuddelen i det plass-systemet som husmannsvesenet i røynda utgjorde. Den som oftast huseigande husmannen var alltid ein leigande jordbrukar. Kontraktsvilkåra for husmennene er det viktig å setja i samband med kva økonomiske vilkår dei levde under. Innhaldet i husmannskontraktane blei avgjerande for kva handlingsrom og spelerom husmennene kunne ha for næringsutøving og levebrødssikring.

Husmannskontraktane gav klare rammer for livet til husmannsfamiliane. Kontraktane regulerte slik som leigetid, innfestingspengar, plassleige og andre plikter – forutan ulike rettar i utmarka og gardsvaldet. Same slaget regulering gjorde dei vilkåra husmannsplassane gav for jordbruksproduksjonen sine to berebjelkar: åkerbruk og dyrehald. Kor mykje utgjorde jordbruksproduksjonen for hushaldet til husmannen med jord – plassmannen? Blei det hausta så mykje av korn og poteter på husmannsplassen at åkerbruket der, saman med husdyrhaldet, gav husmannsfamilien ein brukbar del til levebrødet? Kor stor var sjølvberginga av plassen?

To kyr og 13 sauer utgjorde det gjennomsnittlege talet på dyr på husmannsplassane i to bygder me kan nytta som eksempel: Skjold og Vats i Rogaland ved folketeljinga i 1865. Husmannsfamilien her sådde gjennomsnittleg litt under ei tønne havre og drygt ei tønne poteter. Samanlikna med dei nasjonale tala låg dyrehaldet på Skjold og Vats-plassane på det doble av gjennomsnittet i landet. I 1875 utgjorde middeltalet 2,1 storfe for heile landet. Dei to kyrne og 13 sauene som utgjorde middeltalet for dyrehaldet til husmennene i Skjold og Vats, kan reknast om til 4,2 storfe. Dette viser at husdyrhaldet kunne variera ein god del på husmannsplassane – utan at det er tale om store dyreflokkar.

Samanlikna med jordbruksdrifta på gardsbruka i same prestegjeldet omfatta produksjonen på gjennomsnittsplassen tredjeparten av det som var middelmengda på gardsbruka. Minst skilnad mellom husmannsplassen og gardsbruket var det for sauehaldet og potethaustinga sin del.

Det var vanleg for plass-systemet og husmannsvesenet som samfunnsordning at det bygdevis galdt ein fast standard eller ei styrande norm for kor store areal husmannsplassane skulle utgjera. Endå viktigare var det kor mykje dette arealet gav av rom for på ein husmannsplass å fø av dyr og produsera av korn og poteter.

Husmennene i Skjold og Vats heldt påfallande likt med dyr og sådde også ganske lik potet- og kornmengde på husmannsplassane sine. Dette galdt same kor små eller store gardsbruk plassane deira låg under. Med andre ord hadde det i desse to bygdene for produksjonen, mattilgangen og sjølvberginga lite å seia om husmannsplassen høyrde heime på eit stort eller mindre gardsbruk.

Husmannsplassen som base

Husmannsfamilie
På husmannsplassen budde husmannen med familie. Her er eit barn fotografert utanfor husmannsplassen Nylende, Bekkelagshøgda i Oslo, 1929. Klede er hengt opp til tørk.

Juridisk sette ikkje husmannslovgjevinga og husmannskontraktane så sterke skrankar eller hinder for husmannsvesenet eller plass-systemet at husmannsfamiliane ikkje hadde høve til å skaffa seg arbeid utanom plassane. Dei kunne også driva handel, handverk og anna livsnæring som kunne sikra dei levebrød og livsgrunnlag.

Det kan trekkjast fram mange husmenn heile landet rundt som gjorde husmannsplassen sin til ein base eller ei plattform for flittig, industriøs verksemd og yrkesutøving. Plass-systemet verka som ei ordning for å kunna driva anna verksemd ved sida av jordbruksdrifta på husmannsplassen.

Vekst og fall

Husmannsplass

Grindbakken, ein av dei mange gamle husmannsplassane i det tidlegare Aker (sidan 1948 ein del av Oslo), plass under Voksen. Stua eksisterar framleis, noko ombygd. Låven blei reve i 1974. Foto: Anders Beer Wilse, 1908.

Av /KF-arkiv ※.

Husmannsplassane var midt på 1800-talet så mange at husmannsgruppa utgjorde den nest største samfunnsgruppa i Norge. Talet på jordbrukseiningar – gardsbruk og småbruk – vaks gjennom heile «husmannstida» på 1800-talet. Talet på husmannsplassar gjekk tilbake etter midten av hundreåret, men mange av desse plassane endra i realiteten berre status til småbruk. Og i tillegg kom mange nye mindre gardsbruk av same slag og storleik til ved deling av gardsbruk.

Det gjorde seg i det heile gjeldande eit sterkt samanfall mellom nedgang og avvikling av husmannsplass på den eine sida og oppgang, omgjering og etablering av småbruk på den andre sida. Til dømes kom det mellom jordbruksteljingane 1907 og 1939 til 80000 nye småbruk. Denne overgangen frå husmannsplassar til ekspansjon i småbruk, skjedde også på same tid som Norge fekk stadig mange fleire industriarbeidarar enn før. I 1851, det året Stortinget vedtok ei eiga husmannslov, fanst det i alt 12000 fabrikk- og sagbruksarbeidarar i landet. Fram til 1900 auka dette talet på sysselsette i industrien til ca. 75 000.

Jordlova frå 1928 gav dei få tusen siste husmennene rett til å løysa inn husmannsplassane sine og bli eigarar av plassane som framtidige småbruk eller bustader.

Namn

Den freda husmannsplassen Hesthagan i Ringsaker, med stue, fjøs og låve. Rydda 1803.

.
Lisens: fri

Husmannsplassen er den vanlege språklege form når det er tale om plassen. Me snakkar altså om eit ord i hankjønn – husmannsplassen. Ulike dialektar rundt om i landet gjer at det også blir tala om husmannsplasset, altså eit ord i inkjekjønn. Både plassen og plasset finst elles som særnamn og dermed som eigne stadnamn.

Det språklege mangfaldet var stort i kva dei ulike stader kalla huset og jorda til husmannshushaldet. Bygslestykket, plassjorda og festetomta førekjem som eksempel på kva ein husmannsplass kunne bli omtalt som ulike stader – i tillegg til plassen eller plasset.

Husmannen med jord blei på Vestlandet ofte kalla ein «plassemann». Det kom seg av at huset hans og jordarealet lagt saman, utgjorde ein husmannsplass. På Austlandet heitte det derimot konsekvent husmann for alle som leigde eit stykke av jorda til ein gardbrukar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg