Infinitiv er ei infinitt verbform som finst i ein del språk, jamfør norsk sjå, vere/vera, kaste/kasta (bokmål se, være, kaste). Infinitiv har mange av dei same grammatiske funksjonane i ei setning som substantiv, men skil seg ut ved å kunne stå i lag med dei same setningsledda som finitte verb, bortsett frå subjekt.

Faktaboks

Uttale
infˈinitiv
Etymologi
latin (modus) infinitivus ‘ubestemt måte’, det vil seie utan personendingar

Her er nokre norske eksempel:

  • Infinitiv som subjekt: Å svømme er fin trening.
  • Infinitiv som objekt: Eg likar å svømme.
  • Infinitiv som utfylling til preposisjon: Han gleder seg til å svømme igjen.
  • Infinitiv med objekt: Eg likar å spele ludo.
  • Infinitiv med predikativ: Eg likar å vere lærar.
  • Infinitiv med adverbial: Eg føretrekkjer å svømme langsamt.

Som eksempla ovanfor viser, har den norske infinitiven ofte infinitivsmerket å (ein subjunksjon) framfor seg. Mellom infinitivsmerket og infinitiven kan det stå ein del adverb, som ikkje, jamfør Eg prøvde å ikkje forstyrre dei.

Infinitivsmerket er ikkje alltid med. Det manglar mellom anna når infinitiven står etter eit modalt hjelpeverb, som i eksempel 1 og 2 nedanfor med dei modale hjelpeverba skulle og tore, og i såkalla «småsetningar» eller «setningstilsvar», det vil seie konstruksjonar der infinitiven står etter eit objekt som svarer til subjektet i ei tilsvarande setning med finitt verb, som i eksempel 3 og 4:

  1. Eg skal ta meg ein tur i morgon.
  2. Eg tør ikkje uttale meg om den saka.
  3. Ho bad oss vaske hendene. (Jamfør Vi vaska hendene.)
  4. Eg såg henne slå ungen. (Jamfør Ho slo ungen.)

Dei fleste norske infinitivar har eit eige suffiks, på nynorsk -e eller -a, på bokmål -e, til dømes nynorsk vere/vera og bokmål være. Nokre infinitivar har ikkje noko suffiks, som og bli.

Infinitiv i andre språk

Dei fleste europeiske språk har ei form av verbet som kan kallast infinitiv. Den nordsamiske infinitiven endar alltid på -t, som boahtit 'kome' i desse eksempla:

  1. Divtte su boahtit! 'La (divtte) han/henne (su) kome (boahtit)!'
  2. Mánát doivo stálu boahtit. 'Barna (mánát) trudde (doivo) at trollet (stálu) skulle kome (boahtit).' Ord for ord: 'Barna trudde trollet kome'.
  3. Buohkat berrejit boahtit. 'Alle (buohkat) burde (berrejit) kome (boahtit).'

Ingen av dei samiske språka har infinitivsmerke.

Moderne gresk og fleire andre språk på Balkan – som albansk, bulgarsk, romanes – manglar infinitiv, trass i at verbet har ei omfattande bøying. Det same gjeld for semittiske språk, til dømes arabisk, maltesisk, hebraisk og amharisk. Her er eit eksempel som viser korleis moderne gresk uttrykkjer setningar der vi på norsk brukar ein infinitiv:

  • Elpízo na érθo ávrio (Ελπίζω να έρθω αύριο) 'Eg håpar å kome i morgon.' Ord for ord: Eg håpar (elpízo) at eg kjem (na érθo) i morgon (ávrio)

Uttrykket na érθo, som her er sett om med 'at eg kjem', er bygt opp av konjunktiv-partikkelen na og den avhengige verbforma érθo ‘eg kjem'.

I språk der verbet ikkje blir bøygt, finst det inga form som kan kallast infinitiv. Til dømes kan mandarinài setjast om med '(å) elske', 'elskar', 'elska' eller 'elsk' avhengig av samanhengen':

  • 我爱你 Wǒ ài nǐ. 'Eg () elskar (ài) deg ().'
  • 我不能爱你 Wǒ bù néng ài nǐ. 'Eg () kan (néng) ikkje () elske (ài) deg ().'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Det står at infinitiv ikkje har tempus, men korleis forstår ein da perfektum eller futurum infinitiv? Det me vanlegvis omtalar som berre infinitiv, er jo eigenleg presens infinitiv. Eg synast ikkje dette var klårt forklart i artikkelen. Merk for øvrig at oppslagsordet ein finn i latinske ordbøker er natō, at infinitiv av natō er natāre, medan nō er verbet som har nāre som infinitiv (PIE: *(s)neh₂-); at vokalen er lang, i motsetnad til dativen/ablativen nātō < nātus < nāscor; og til slutt at natō er danna av nō pluss verbalsuffikset -tō.

svarte Rolf Theil

Hei, eg reviderte denne artikkelen i juni, men la diverre ikkje inn noko svar på denne kommentaren din. 1. Eg brukar no amō som dømeverb i latin, no er omtalt i eit eige avsnitt. 2. Latinske infinitiver har ikkje bøying i absolutt tempus (preteritum, presens og futurum), men i relativ tempus (perfektum, imperfektum), men det finst morfologisk berre tre latinske infinitivar – amāre, amāri, amavissse – ikkje seks.

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Orsak for skrivefeilen over (*synast skulle ha vore synest). Eg tenkte det kunne vere nyttig å nemne kva Oxford Latin Dictionary seier om -tō: «v[er]b[a]l suff[ix]. Enlargement of -o³, formed from p[er]f[ect] p[artici]ples {sīc} pass[ive], appearing as -so when p[artici]ple is in -sus (iacto, salto, dormito, defenso).»

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg