Latter er ein kjenslemessig reaksjon ein kan høyre og som ofte uttrykker glede. Fysiologisk kan ein skildre latter som ein sterk, rytmisk aktivitet i andingsorgana, kor særleg bryst- og magemuskulaturen speler ei viktig rolle.

Hos spedbarnet finst latter vanlegvis første gong i 4–5-månadersalder i leik andlet-til-andlet. Latter blir òg seinare utløyst først og fremst i sosiale situasjonar ved relativt plutselege, spenningsutløysande opplevingar. Det psykologiske innhaldet i latteren vil likevel vere høgst ulikt frå situasjon til situasjon.

Latter kan òg brukast som kommunikasjonsmiddel, for å uttrykkje alt frå sympati og munterheit til dei sterkaste gradene av antipati og spott. Latter kan bli så kraftig at ein for ein augneblink gløymer omverda, og får då større likskap med ekstatiske tilstandar. Under spesielle vilkår kan latter utløysast av berøring (kiling).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg