John Wesley
John Wesley spelte ei viktig rolle i utviklinga av metodistkyrkja.
Av /National Portrait Gallery.
Metodistkyrkja i Kristiansand
Metodistkyrkja i Kristiansand i Agder fylke
Metodistkyrkja i Kristiansand
Av /Shutterstock.

Metodisme er ei kristen, protestantisk rørsle. Namnet «metodist» kjem frå ei studentforeining som blei danna i Oxford i 1729, der John Wesley var leiar. Foreininga blei kalla «Den heilage klubben», og medlemmene blei kalla «bibelmøll» eller «metodistar». Det siste tilnamnet kom av at dei ønskte å arbeide metodisk med studium og sosialt arbeid og gjennomføre regelmessig bibellesing og altargang.

Faktaboks

Uttale
metodˈismen

Metodismen er eit av dei større protestantiske kyrkjesamfunna på verdsbasis. Metodistkyrkjer med omtrent 40 millionar medlemmer og 50 millionar nattverdsgjester er sameinte i verdsrådet for metodistkyrkja (engelsk World Methodist Council). Dei er fordelte på over 80 kyrkjer i rundt 90 land. Metodistkyrkja for Nord-Europa omfattar også Noreg og sju andre land og har felles biskop, medan metodistkyrkja for Sør- og Sentral-Europa omfattar 15 land. Den største enkeltkyrkja i rørsla er United Methodist Church med omtrent 12 millionar medlemmer.

Byrjinga

Metodismen byrja som ei vekkingsrørsle innan den anglikanske kyrkja. Vekkinga var leidd av presten John Wesley, som fekk eit religiøst gjennombrot i 1738. Med seg hadde han broren Charles, kjend som salmediktar, George Whitefield, ein av dei ypparste predikantane i kyrkjehistoria, og John Fletcher (1729–1785), som forma ut teologien til rørsla. Gjennom verksemda deira braut det ut ei sterk religiøs vekking i England og Wales. Rørsla fekk særleg mange tilhengjarar i nye industristrok og blant arbeidarane. Den kraftige og til dels krasse forkynninga til metodistane blei møtt med avvising og kritikk av den engelske kyrkja, og metodistrørsla sine forkynnarar fekk ikkje tilgang til å preike i kyrkjene. Metodistane arrangerte difor friluftsmøte, og det fanst av og til ekstatiske fenomen. Allereie i 1739 bygde metodistane sine første kapell.

John Wesley ønskte ikkje å stifte eit nytt kyrkjesamfunn. Likevel blei metodismen stegvis forandra frå ei rørsle innan den anglikanske kyrkja til eit sjølvstendig kyrkjesamfunn. I 1784 blei metodistane sine kapell og andre lokale anerkjende som det metodistiske samfunnet sin eigedom.

Rørsla spreidde seg tidleg til Amerika. I 1784 organiserte metodistane i Amerika seg som The Methodist Episcopal Church. I 1795 vedtok det engelske metodistsamfunnet å halde gudstenester til same tid som den engelske kyrkja og å innføre eiga sakramentsforvaltning. I løpet av 1800-talet blei metodismen spreidd til dei fleste europeiske landa. Det metodistiske presteskapet er oftast godt akademisk skolert, og kyrkjehusa er ofte vakkert utstyrte.

Organisasjon

Metodistkyrkja i Stavanger
Metodistkyrkja i Stavanger, juli 2015
Metodistkyrkja i Stavanger
Av /Shutterstock.

I åra 1739–1743 blei metodismen bygd opp som ein fast organisasjon. Kvar kyrkjelyd (meinigheit) blei vurdert som ei foreining (society). Den enkelte foreininga var inndelt i smågrupper, kalla klassar, med ein klasseleiar som skulle ha sjelesørgjartilsyn med gruppa si. Denne klasseinndelinga er no for lengst forlaten. Elles er organisasjonsforma stort sett den same som ho var i byrjinga. Kvar kyrkjelyd høyrer til eit distrikt som årleg held fire kvartalskonferansar. Distrikta møtest til årskonferansar, som er den høgaste administrative styresmakta for metodistkyrkja i eit land. Årskonferansen blir leidd av biskopen, som under konferansen ordinerer nye prestar. Kvart fjerde år blir det halde ein generalkonferanse i USA for The United Methodist Church, som dei nordiske metodistkyrkjene tilhøyrer. Den engelske metodistkyrkja har ikkje biskopar, men elles er styreforma den same som i andre metodistkyrkjer.

Teologi

Metodismen har, som andre kristne trussamfunn, Bibelens ord som rettesnor for trua si. Mykje av kristendomsforståinga er henta frå den anglikanske kyrkja, og trusartiklane til metodismen er eigentleg ei forkorta, lågkyrkjeleg utgåve av den anglikanske kyrkja sine 39 Articles of Religion. Frå tysk pietisme og engelsk puritanisme har metodismen funne inspirasjon for livshaldninga si, og frå katolsk så vel som protestantisk mystikk har han mykje av inderlegheita si. Frå Brødremenigheten og lutherdommen har han henta læra om rettferdiggjeringa ved tru og den sterke betoninga av forvissing om frelse. I all hovudsak er den metodistiske læra likevel anglikanskprega. Hovudstraumen i metodismen tok avstand frå Jean Calvins (1509–1564) predestinasjonslære, men her var Whitefield eit unntak.

Det anglikanske synet er til dømes tydeleg i sakramentlæra. Ein lærer såleis ikkje gjenføding i dåpen, men barnedåp er likevel vanleg. I nattverden blir Kristus rekna som reelt nærverande (realpresens), men på åndeleg måte. Metodismen lærer at mennesket blir rettferdiggjort ved tru, utan lovpålagde gjerningar. Den sterke forkynninga av den frie nåden har i stor grad påverka også andre protestantiske samfunn. I liturgien kan det vere stor skilnad, men hovudmønsteret er henta frå den anglikanske Book of Common Prayer. Erfaring og nåde er nøkkelord i den metodistiske teologien. Den sterke forkynninga av «fullstendig» og «straks» heilaggjering er avdempa samanlikna med den opphavlege metodismen. Den metodistiske etikken var opphavleg strengt pietistisk, men er etter kvart mildna.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Borgen, Peder & Brynjar Haraldsø, red.: Kristne kirker og trossamfunn, 1993, 229–42
  • Molland, Einar: Kristenhetens kirker og trossamfunn, 1976 (kap. 9)
  • Sødal, Helje Kringlebotn, red.: Det kristne Norge, 2002 (kap. 10)

Kommentarar (1)

skreiv Jon Breivold

Hei!Hva menes med at etikken oprinnelig var strengt pietistisk? Og hvordan har etikken endret seg?

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg