Perifrastisk konstruksjon er ein konstruksjon med fleire ord, der nokre av dei uttrykkjer grammatiske forhold. Her er nokre norske eksempel:

Faktaboks

Uttale
perifrˈastisk konstruksj'on
Etymologi

av gresk períphrasis (περίφρασις) 'omskriving av eit uttrykk'

  • verbuttrykk: har sett og vil sjå
  • adjektivuttrykk: meir interessant
  • eigedomsuttrykk: til Per og Per sin
  • nomenfrase pluss enklitikon: kongen av Noregs seglbåt
  • preposisjonsuttrykk: til byen, på bordet og med kniv
  • subjekt pluss verbal: vi syng, dei åt og eg sykla

I desse uttrykka, eller konstruksjonane, har nokre ord ein grammatisk funksjon, og er grammatiske ord, mens resten av orda er leksikalske ord:

Termen perifrastisk konstruksjon blir ofte nytta for å uttrykkje ein kontrast til morfologiske konstruksjonar, der dei same grammatiske forholda blir uttrykte med bøying.

Perifrastiske versus morfologiske konstruksjonar

Hjelpeverb og pronomen versus affiks i norsk og swahili

I den norske konstruksjonen vi har sett blir presens perfektum uttrykt med presens av hjelpeverbet ha pluss perfektum partisipp av hovudverbet. Framfor står eit pronomen i 1. person fleirtal, vi, som uttrykkjer subjektet.

På swahili blir presens perfektum uttrykt med prefikset me-, mens subjektet i 1. person fleirtal blir uttrykt med prefikset tu-:

  • vi har sett ein elefant.
  • swahili: tumeona tembo
    • tu- (vi), me- (presens perfektum), -ona (sjå), tembo (elefant)

Affiks versus determinativ i norsk og engelsk

På norsk uttrykkjer vi som regel bunden (bestemt) form ved hjelp av eit suffiks på substantivet. På engelsk brukar ein derimot ein perifrastisk konstruksjon, med determinativet (den bundne/bestemte artikkelen) the føre substantivet:

  • guten elskar jenta
  • engelsk: the boy loves the girl

Enklitikon versus suffiks i norsk og islandsk

På norsk kan eigedom uttrykkjast med enklitikonet -s, der islandsk har bøyingssuffiksret -s:

  • kongens regnfrakk
  • islandsk: regnkápu konungs

Dei to konstruksjonane ser heilt like ut, bortsett frå rekkjefølgja på orda, men s-en i norsk kongens er ikkje eit bøyingssuffiks, men eit enklitikon, som står sist i ein nomenfrase:

  • [kongen]s regnfrakk = kongen sin regnfrakk
  • [kongen av Noreg]s regnfrakk = kongen av Noreg sin regnfrakk
  • [kongen som søv]s regnfrakk = kongen som søv sin regnfrakk

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg