Prost var i mellomalderen eit namn for ulike embetsinnehavarar i kyrkja, først og fremst (frå 817) forstandaren i eit doms- eller kollegiatkapittel. I domkyrkjer er dette ofte identisk med erkediakon.

Faktaboks

Etymologi
av latin praepositus eller praepostus, ‘forstandar’

I Den norske kyrkja leier prosten prestetenesta i prostiet og hjelper biskopen i utøvinga av embetet. Prosten handterer styringsretten arbeidsgjevaren har overfor prestane i prostiet, og er den næraste overordna for sokneprestane og prostiprestane i prostiet. Eit prosti er den største kyrkjelege administrative eininga innanfor eit bispedømme og består av fleire sokn. Prosten i eit prosti med domkyrkje blir kalla domprost (stiftsprost fram til 1922). Domprosten er fast vikar for biskopen. I 2022 har Den norske kyrkja 94 prosti.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg