Faktaboks

Også kjend som
Farnes
Innbyggjartal
3082 (SSB, 2023)
Landareal
1,9 km²
Tettstadsnummer
5591 Øvre Årdal
Øvre Årdal
Øvre Årdal

Øvre Årdal er ein tettstad i Årdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,9 km², og har 3082 innbyggjarar (2023).

Øvre Årdal ligg ved nordenden av Årdalsvatnet.

I Øvre Årdal ligg aluminiumsverket til Hydro Aluminium, vidaregåande skule og fleire offentlege kontor. Tyin kraftverk (374 MW) ligg i fjellet ved tettstaden.

Frå Øvre Årdal går Tindevegen, som er bilvegen opp Fardalen mot Turtagrø. Her er eit godt utgangspunkt for turar i nærområdet og til Vest-Jotunheimen.

Vegen frå Øvre Årdal til Tyin (Valdres) opna i 1934 og hadde 42 hårnålsvingar opp den bratte fjellsida. Vegen vart raskt ein turistattraksjon. Ny veg opna i 1962, med færre svingar, og er seinare utbetra med tunellar.

Kart

Øvre Årdal
Øvre Årdal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg