Faktaboks

Etymologi

av øy, ‘lågt land ved vatn’

Administrasjonssenter
Tingberg
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
5 082 (2022)
Landareal
616 km²
Høgaste fjell
Eldåhøgda (1232 moh.)
Innbyggjarnamn
øyværing
Målform
nøytral
Kommunenummer
3440 (frå 01.01.2020, tidlegare 0521)

Kommunevåpenet til Øyer har ei helder i sølv mot ein grøn bakgrunn.

Hafjell

Hafjell Alpinsenter sett frå vest med Hafjell i bakgrunnen.

Av /KF-arkiv ※.
Øyer

Haust i Gudbrandsdalen. Utsikt mot Øyer sentrum. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Øyer er ein kommune i Innlandet fylke, i Sør-Gudbrandsdal. Kommunen grensar til Stor-Elvdal og Ringsaker i aust, Lillehammer i sør, Gausdal i vest og Ringebu i nord.

Natur

Frå sjøen Losna i nord (181 meter over havet) fell Lågen fem meter i Hovdefossen og utvidar seg deretter til ein sju kilometer lang innsjø som er demt opp ved Hunderfossen på grensa til Lillehammer. Begge dalsidene er bratte.

Mot vest følgjer grensa mot Gausdal dalbrynet berre eit par kilometer frå Lågen, medan det i aust er fjellvidder på 900–1000 meter over havet. Om lag halvparten av kommunen ligg høgare enn 900 meter over havet; høgast når Eldåhøgda lengst nordaust i kommunen (1232 meter over havet).

Berggrunnen er av hard, mørk sparagmitt med ein del skiferførekomstar.

I samband med storflaumen i 1995 endra elva Moksa løp og gjorde store skadar i Tretten sentrum.

Befolkning og busetjing

Tyngda av busetjinga ligg på austsida av dalen, i sollia frå dalbotnen til omkring 550–600 meter over havet. På austsida av Lågen ligg dei to tettstadene i kommunen, Tretten i nord og Granrudmoen i sør. Det meste av kommuneadministrasjonen ligg på Tingberg (med unntak av helse- og sosialtenesta på Tretten). Folketalet i kommunen har vakse jamt sidan 1970-talet; i 2015–2024 har folketalet stabilisert seg på litt over 5000.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Øyer. Tettstadene er til saman 3,6 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Granrudmoen 1 679 33 % 1,6 km²
Tretten 873 17 % 1,2 km²
Øyer 477 9 % 0,7 km²
Sum 3 029 60 % 3,6 km²

* Andelen av innbyggjarane i Øyer kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Hunderfossen Eventyrpark i Øyer er eit av dei mest besøkte reisemåla i Noreg.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Hafjell
I Hafjell ligg hyttene tett. Øyer er ein av dei største hyttekommunane i landet.
Dovrebanen Øyer
Dovrebanen krysser Lågen sør for Hunderfossen. For det meste går jernbanen på vestsida av Lågen gjennom Øyer.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Storleiken på gardane i Øyer ligg omtrent på gjennomsnittet for tidlegare Oppland fylke. Det er mykje storfe-, svine- og sauehald. Seterbruket blir framleis halde ved like, med store oppdyrka engareal på tidlegare myr.

Heile austfjellet over 850 meter over havet er statsallmenning. Skogen betyr meir her enn lenger nordover i Gudbrandsdalen. Gjennomsnittleg årleg avverking var på 51 000 kubikkmeter (m³) i åra 2017–2021, hovudsakleg gran. Industrien som har vakse fram i Øyer, er i stor grad knytt til landbruket. Den viktigaste industribransjen er næringsmiddelindustrien, med mellom anna ysteri på Tretten. Elles finst det fleire sagbruk og høvleri og noko maskinindustri.

Turismen har vore i kraftig vekst i kommunen, basert dels på Hunderfossen Eventyrpark og dels på alpinanlegget i Hafjell. Omkring Hafjell er det i seinare år lagt ut store areal til hytter og fritidsbustader. Her ligg òg det tradisjonsrike Nermo hotell. I perioden 2006–2024 auka talet på fritidsbustader med 97 prosent, til 3691 einingar. Ni prosent av arbeidsplassane er innan overnatting og servering (2023), meir enn det doble av landsgjennomsnittet.

Av yrkesaktive innbyggarar i Øyer arbeider noko over halvparten utanfor kommunen, dei fleste i Lillehammer. Totalt har kommunen ei netto utpendling som svarer til 27 prosent av den yrkesaktive befolkninga (2021).

Øyer har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 57,0 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Moksa (i drift fra 1990), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Gudbrandsdal Energi Produksjon er hovudeigar av begge kraftverka.

Samferdsel

Langs Lågen går E6 på austsida og Dovrebanen på vestsida. Det er veg også på vestsida og eit vidt nett av setervegar i fjellet, mellom anna med band til Østerdalen ved Birkebeinervegen. Turisttrafikken er stor på desse vegane. Frå Tretten fører fylkesveg 254 over til Gausdal.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kart: Øyer kommune i Innlandet

Øyer kommune i Innlandet fylke.

Kart: Øyer kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Øyer hører til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Lillehammerregionen saman med Gausdal og Lillehammer.

Øyer kommune svarer til dei to sokna Tretten og Øyer i Sør-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Øyer til Søndre Gudbrandsdalen fogderi (futedømme) i Kristians Amt.

Delområde og grunnkrinsar i Øyer

For statistisk bruk er Øyer kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 23 grunnkrinsar:

  • Øyer Sokn: Ensby, Sørbygda, Granrudmoen sør, Granrudmoen vest, Granrudmoen øst, Lisgrenda, Vestlund, Tingberg, Midtbygda, Nordbygda, Pellestova, Hornsjø
  • Tretten Sokn: Sør-Tretten, Aurvoll, Stav, Øvre Stav, Midt-Tretten, Stasjon, Dulven, Vik, Nord-Tretten, Våsdalen, Lyngen

Historikk og kultur

Det er fleire turistverksemder i Øyer, både langs Lågen og i austfjellet. Ved Hunderfossen ligg Hunderfossen Eventyrpark og Norsk vegmuseum på vestsida av Lågen. På austsida ligg Lilleputthammer, ein miniatyrkopi av Storgata i Lillehammer før krigen. I Hafjell blei det i samband med dei olympiske vinterleikane i 1994 bygd riksanlegg for alpin skisport, medan den olympiske bob- og akebanen ligg på vestsida av Lågen.

Pilegrimsleia går gjennom heile kommunen. Gamle Moksa kraftstasjon i Tretten er restaurert til kulturføremål. Øyer kyrkje er ei krosskyrkje i tre frå 1725, seinare påbygd.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) har ei helder i sølv mot ein grøn bakgrunn. Dette symboliserer samhald og ressursbruk.

Kart

Kart over Øyer kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Ile, Tor (1958–1980): Bygdabok for Øyer, fire bind. Les bøkene
  • Øyer og Tretten historielag (2020): Åt sætern: Seterbruket i Øyer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg