Faktaboks

Dorothe Engelbretsdatter
Uttale
dorothˈe engelbretsdatter
Fødd
16. januar 1634, Bergen
Død
19. februar 1716, Bergen
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Rektor og sokneprest Engelbret Jørgenssøn (1592–1659) og Anna Wrangel (død 1676).

Gift 24.10.1652 med konrektor, kapellan og seinare sokneprest Ambrosius Hardenbeck (30.4.1621–13.6.1683), son av organist Lucas Hardenbeck og Anna Westhof.

Dorothe Engelbretsdatter
Litografi av Dorothe Engelbretsdatter. Teksten rundt kanten sier: «Her Staar ieg slet for Verdens Flok. Som paa mig Kaster Øÿed. Men pÿnted og Stafferet Nok. Naar Gud Kon er fornöÿed.»
Av /NTNU UB.
Lisens: CC BY SA 4.0

Dorothe Engelbretsdatter var ein norsk diktar i Bergen i andre halvdel av 1600-talet og ein av dei mest populære diktarane i si tid. Ho skreiv høvesdikt og salmar og er framleis representert i Norsk salmebok. Ho vart den første profesjonelle norske diktaren som levde av ei slags diktarløn.

Dorothe Engelbretsdatters religiøse dikting er skriven innanfor ein retorisk-kristeleg diktingstradisjon og må reknast som ein del av oppbyggingslitteraturen. Ho var også ein pioner for god dikting på morsmålet.

Bakgrunn

Om Dorothe Engelbretsdatters barndom, oppvekst og utdanning veit vi lite. Men sidan ho voks opp i den største og mest internasjonale byen i Noreg på den tida, og i eit overklassemiljø med teoretisk lærdom, reknar vi med at ho tok til seg kunnskap og impulsar på ulike område sjølv om ho ikkje fekk formell utdanning. Som ung jente budde ho nesten tre år i København, der det då var eit aktivt litterært miljø.

Gjennom mannen kom ho og i kontakt med det tysk-bergenske teologiske og musikalske miljøet. Ho må ha vore i kontakt med både den lutherske ortodoksien og dei reformortodokse botsrørslene, som kom både frå England og Tyskland, og ein kan sjå at ho har kjent mange verk frå oppbyggingslitteraturen på den tida, og også litterære verk elles, både frå England, Tyskland og Norden.

Vi veit også at Dorothe Engelbretsdatter hadde personleg kontakt med Petter Dass og Thomas Kingo. Den siste møtte ho då ho etter sørgjeåret over mannen vitja København 1684–1685. Som enke, og med berre to av dei ni borna i live langt borte frå Bergen, levde ho resten av si tid i heimbyen, i til dels vanskelege kår. Ho miste huset sitt i bybrannen 1702, og i si naud vende ho seg som «En usell Debora» til kongen med ei bøn om «En liden Encke-Høtte», som ho først fekk fire år før ho døydde.

Forfattarskap

I motsetnad til jamaldringen Petter Dass fekk Dorothe Engelbretsdatter trykt diktverka sine medan ho levde. Etter kamp fekk ho også kongeleg privilegium (opphavsrett) på hovudverket sitt, og 1684 fekk ho skattefridom på livstid. Ho vart såleis den første profesjonelle diktaren vår som levde av ei slags diktarløn.

Hovudverket: Siælens Sang-Offer

Dorothe Engelbretsdatters hovudverk er Siælens Sang-Offer, som kom ut for første gong 1678 og nådde opp i 24 opplag i alt. Ei av dei rikaste melodisamlingane på den tida følgde med dette verket og gav det status, og førte til at songane vart populære også mellom alle dei som ikkje kunne lese. I Siælens Sang-Offer finn vi perikope salmar, salmar skrivne til bibeltekstar som vart lesne til dei kyrkjelege høgtidsdagane og ulike sundagane. Ein av påskesalmane er ein typisk pasjonssalme, der diktaren «betragter» Jesu liding og død gjennom levande skildringar av ulike scener frå lidingshistoria, og så viser korleis den truande kan tolke og ta til seg desse hendingane i sitt eige liv. Dei fleste salmane i dette verket kan ein karakterisere som botssalmar eller ars moriendi-salmar. Tidstypiske morgon- og kveldssalmar er og med, saman med Suk.

Taare-Offer

Det andre store verket er Taare-Offer, trykt første gong 1685. Det er ei fri og sjølvstendig attdikting (via ei dansk omsetjing) av H. Müllers Thränen- und Trostquelle, ei oppbyggingsbok på prosa over forteljinga om kvinna ved Jesu føter (Lukas 7, 56-50). Verket er prega av ein inderleg botsvilje og Jesus-kjærleik.

Den høvesdiktinga til Dorothe Engelbretsdatter som vi kjenner, er skriven gjennom om lag 40 år, og til svært ulike høve. I denne gruppa finn vi kongedikt, bøneskriv, takkeskriv, gravferdsdikt, minnedikt, ulykkedikt, polemiske vers, rimbrev, bindebrev, fødselsdagsdikt og andre smådikt. Dorothe Engelbretsdatter skriv her etter kjende mønster for denne typen retorisk dikting, og ikkje alt er like vellykka litterært sett. Men den diktande, freidige, kampglade – og kjenslevare – kvinna kjem lesaren her nær på ein annan måte enn i den religiøse diktinga.

Oppbyggingslitteratur

Dorothe Engelbretsdatters religiøse dikting er skriven innanfor ein retorisk-kristeleg diktingstradisjon og må reknast som ein del av oppbyggingslitteraturen. Som retorisk dikting er songane hennar tradisjons- og situasjonsbunden brukslitteratur, skrivne etter nedervde ideal og reglar for dikting, og til bruk i gudstenester, husandakter, privatandakter, gravferder, kristendomsundervisning med meir. Tekstane vart sjeldan brukte åleine; bibellesing, liturgi, preiker, høgtlesing frå oppbyggingsbøker og song høyrde med. Dette er også målretta dikting. Dorothe Engelbretsdatter vil med det ho skriv, overtale og omvende, formane, gi von, glede, trøyst, undervise og takke og ære Gud.

I tillegg til å byggje på denne klassiske tradisjonen vart Dorothe Engelbretsdatter også ein pioner for god dikting på morsmålet. Ho har ei naturleg og god ordføring og meistrar det nyoppdaga germanske rytmeprinsippet fullt ut i gode rytmar og rim. Og ho brukar både frodige, friske og til dels frekke litterære bilete og uttrykk i verka sine.

Bibelen og dei nedervde bibeltolkingstradisjonane er dei viktigaste kjeldene til både innhald og form i Dorothe Engelbretsdatters religiøse dikting. Bibelske personar, allusjonar, namn, hendingar, bilete og uttrykk er med i både retorisk argumentasjon, illustrerande forteljingar, dogmatiske og etiske lærdommar og levande livsbilete. Mykje av bibelstoffet finn vi att som allegorisk tolka tekstar, tekstbitar og litterære bilete. Særleg går den allegoriske tolkinga av Høgsongen (bruda som kyrkja eller sjela, og brudgommen som Kristus) att i mange av Dorothe Engelbretsdatters dikt. Vi ser mange spor av «brudemystikken» og «pasjonsmystikken» i den religiøse diktinga hennar.

Mottaking og posisjon

I høvesdiktinga kjem det klart fram at Dorothe Engelbretsdatter har mått forsvare seg mot skuldingar om at diktinga hennar var plagiat og eigenleg dikta av menn. Ho var norsk, og ho var kvinne, og begge delar var uvanleg og provoserande i det dansk-norske diktarmiljøet den gongen. Men «Den første Hun Poet I Arve-Kongens Lande» kunne bite frå seg i polemiske dikt, og te seg smålåten og kvinneleg innsmigrande når det måtte til. Og ho greidde å byggje seg opp ein sikker og prestisjetung posisjon, slik Ludvig Holberg uttrykte det: «... enskiønt hendes Poetiske Skrifter ikke har været fri for Censure i Henseende til Reglerne, saa kand man dog sige at de ere saa fulde af Geist, og viise slige Prøver på poetisk Fertilitet, at faa Danske poetiske Skrifter kan lignes derimod».

I dei litterære krinsane som etter kvart avgjorde kva som var god litteratur, ut frå nye ideal for dikting, vart likevel Dorothe Engelbretsdatter nedvurdert og delvis gløymt. Men mellom dei som ikkje kunne lese eller kunne ha mange bøker, men som kunne syngje og lese høgt for kvarandre, var ho kjend og kjær i lang tid. Det viser mellom anna alle melodiane og folketonane som har vore i bruk til songane hennar heilt til vår tid, og ein forleggar i Bergen fann det rekningssvarande å gi ut ei utgåve av Siælens Sang-Offer så seint som i 1868.

I salmebøkene har Dorothe Engelbretsdatter vore representert med frå ein til ti salmar, og den salmen som har gått mest att, er kveldssalmen Dagen viker og går bort. I Norsk Salmebok finn vi to salmar av henne, Dagen viker og går bort og Syng da så det giver klang.

Portretter

  • måleri (hoftebilde) av ukjend kunstnar, utan år, tidlegare i BKM (nå forsvunne)
  • fleire kopparstikk, mellom anna av A. Reinhard og H. Schaten

Engelbretsdatters skrifter

  • Taare-Offer
  • Siælens Sang-Offer
  • Om det evige liv
  • Gravskrift
  • Aftensalme
  • Samlede skrifter, to bind, utgitt ved K. Valkner, 1955–1956

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Akslen, Laila (1970) Feminin barokk: Dorothe Engelbretsdotters liv og diktning,
  • Akslen, Laila (1997) Norsk barokk: Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass i retorisk tradisjon
  • Bull, Francis: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bind. 3, 1926
  • Kvalbein, L. A.: Feminin barokk. Dorothe Engelbretsdotters liv og dikting,1970
  • Hansson, S.: Ett språk för själen. Litterära former i den svenska andaktslitteraturen 1650–1720,Göteborg 1975
  • Dyck, J.: Athen und Jerusalem. Die Tradition der argumentativen Verknüpfung von Bibel und Poesie im 17. und 18. Jahrhundert,München 1977
  • Engelstad, Inger m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 1, 19-26,
  • Vederhus, Inger: Engelbretsdatterstudiar. Ein retorisk analyse i tekstar av Dorothe Engelbretsdatter, og ein presentasjon av Kristen Valkners ukjende biografi, «Dorothe Engelbretsdatter og hennes samtid»,h.oppg. UiB, 1982
  • I. Vederhus: «Den første «Hun Poet I Arve-Kongens Lande. Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716)», i I. Engelstad m.fl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie,bd. 1: 1600–1900,1988, s. 19–26
  • J. Dyck: Ticht-Kunst. Deutsche Barockpoetik und rhetorische Tradition,Tübingen 1991
  • I. Vederhus: «Kieck i Pennen, kieck i Bleck. Om Dorothe Engelbretsdatter», i E. M. Jensen m.fl. (red.): Nordisk kvindelitteraturhistorie,bd. 1: I Guds navn. 1000–1800,København 1993, s. 163–175
  • Vederhus, Inger (1982) Engelbretsdatterstudiar (hovedoppg.)
  • Vederhus, Inger (1988) 'Den første Hun Poet i Arvekongens Lande' i
  • Lindgärde, V.: Jesu Christi Pijnos Historia Rijmwijs betrachtad. Svenska passionsdikter under 1600- och 1700-talet,Lund 1997
  • Pettersen, Egil (1957) Norskhet i språket hos Dorothe Engelbretsdatter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg