Faktaboks

Ingebrigt Sæter
Ingebrigt Haldorsen Sæter
Fødd
24. juni 1800, Oppdal, Sør-Trøndelag
Død
3. mai 1875, Oppdal
Verke
Gardbrukar og politikar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Haldor Eliassen (1767–1848) og Marie Pedersdatter Sneve (1772–1859). Gift 22.4.1830 i Oppdal med jordmor Marit Olufsdatter Bryggen (1802 (døypt 1.8.)–15.10.1887), dotter til gardbrukar Oluf Knudsen Bryggen (ca. 1766–1824) og Marit Halvorsdatter (ca. 1759–1844).
Ingebrigt Sæter
Ingebrigt Sæter
Av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※.

Gardbrukaren Ingebrigt Sæter frå Oppdal sat på Stortinget gjennom 40 år, frå det som vart kalla Bondestortinget 1833 til 1873, med avbrot for stortingssamlingane 1859–60 og 1862–63, då han var varamann. Han var mellom dei mest målmedvetne bondepolitikarane på venstre fløy.

Sæter var oppvaksen i eit haugiansk prega miljø på garden Bøasætra i Oppdal og gjekk i omgangsskule, som gav lite lærdom. Redninga vart soknepresten, Cornelius Thomas Rønnau, som gjorde ein stor innsats for skule, opplæring og bygdeutvikling i det heile og sørgde for at barn og unge fekk ekstra opplæring. For Sæter vart også tilgangen til ei folkeboksamling viktig. 1831 tok han over heimgarden og vart såleis valbar til offentlege verv. Men da hadde han alt lenge vore engasjert i det lokaloffentlege livet. Han engasjerte seg i sokneselskapet og var med å drive fram jordmorsaka i bygda. Vidare var han medlem av sokneboknemnda og gjorde ein stor innsats for å skaffe litteratur til boksamlinga, m.a. nokre eksemplar av Grunnlova. I det heile var skule- og opplysingsarbeid hovudinteressa hans.

Sæter hadde ivra for etablering av jordmorteneste i heimbygda, og 1826 vart Marit Olufsdatter Bryggen valt til jordmorelev og send til Christiania for utdanning. 1830 gifta desse to seg og fekk etter kvart 8 barn. Like fullt verka kona som jordmor i Oppdal i bortimot 50 år. Tre av ungane deira døydde som born, og det var tunge slag. Forutan kona og ungane var det broren Per som stod han nærast, og under stortingssesjonane skreiv Ingebrigt ofte heim til han. Det var også broren som laut ta utfordringa om å få i stand 17. mai-feiring i Oppdal 1833, noko han gjennomførte.

Som nokså fersk gardbrukar vart Sæter 1832 vald til valmann for Oppdal og opplevde å bli vald til stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt. Sæter vart attvald til Stortinget gong etter gong, fleire gonger som 1. representant frå amtet. Han var ein typisk representant for bondeopposisjonen og gjekk inn for liberalisering i næringslovgjevinga. I budsjettspørsmål var han ein sparepolitikar, men ikkje når det galdt skule og folkeopplysing. Han ivra for å spreie kunnskap og informasjon, og ville redusere kostnadene gjennom fri porto for aviser og tidsskrift, men lykkast ikkje med det. Han var flink å byggje alliansar og sto i eit nært forhold til fleire sentrale bondepolitikarar som John Neergaard og Ole Gabriel Ueland. Han var medlem av det som vart kalla “Bøndenes hemmelige Direktion”, som stod bak bondeforslaget om formannskapslovene og plasserte seg på venstre fløy i bondeopposisjonen. I diskusjonen om den såkalla “jødeparagrafen” i Grunnlova sette han fram eit subsidiært forslag som gjekk ut på full religionsfridom som uttrykk for religiøs toleranse og som han meinte eigentleg hadde vore intensjonen hos eidsvollsmennene.

Sæter var radikal i sosialpolitiske saker. Han hadde forståing for Thranes arbeidarforeiningar, gjekk inn for stemmerettsutviding og ville kanalisere engasjementet til dei jaabekske bondevenforeiningane til meir allmennyttige formål under namnet folkeforeiningar. Da Johan Sverdrup møtte på tinget for første gong 1851, var Sæter ein av dei første til å bli vár dei kvalitetane som budde i han, og han vart ein viktig støttespelar for Sverdrup.

I lokalpolitikken var Sæter engasjert like lenge som i rikspolitikken. Han vart heimbygdas første ordførar 1837 og var med unntak av to periodar i 1840-åra ordførar heilt fram til 1871. Dermed var han også engasjert i regionpolitikken som medlem av amtsformannskapet. Nasjonalt, regionalt og lokalt var han oppteken av skulespørsmål. Han kom alt 1833 med framlegg om fylkesjordbruksskular, og i amtsformannskapet gjekk han seinare inn for fagopplæring av ymse slag. Elles var han oppteken av ressursforvalting, særleg skog- og allmenningsforvaltninga, som han meinte det stod dårleg til med. Forutan ordførarvervet hadde han ei rekkje andre lokale verv alt frå 1832 og framover.

Sæter var kortfatta og bestemt i forma, og han heldt ikkje så gjerne taler. Som dei fleste andre bonderepresentantane hadde han eit handikap, da den språkføringa som vart forventa i stortingssalen både i form og stil veik sterkt frå det talemålet han hadde. Noka offentleg utmerking fekk han aldri, men han opplevde å bli hylla av lærarane i Trondhjems stift under eit lærarmøte på Oppdal 1866: Anders Reitan hadde skrive ein song som lærarane framførte under vitjing hos Sæter.

Ingebrigt Sæter ofra seg for politikken og for sambygdingane, og det tæra på ressursane. Garden vart forsømt, og dei dårlege tidene i slutten av 1860-åra gjorde det ikkje betre. Til slutt måtte dei selje garden og busette seg på eit mindre bruk som han i si tid hadde kjøpt attåt. Likevel røysta Sæter alltid for nedsetting av stortingsmannsløna, sjølv om han personleg kunne ha hatt trong til høgre innkome. Han var saksorientert og prinsippfast, også når det gjekk mot hans personlege interesser.

Kilder og litteratur

  • C. Fougstad: Det norske Storthing i 1833, 1834
  • A. Bergsgård: Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken, bd. 1–2, 1932
  • d.s.: “Formannskapslovene. Opphav og utvikling”, i Minneskrift til formannskapslovenes 100-årsjubileum, 1937
  • I. Krokann: Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæter, 1937
  • S. Steen: Konge og Storting, bd. 5 i Det frie Norge, 1962
  • P. Fuglum: biografi i NBL1, bd. 15, 1966
  • T. Pryser: Norsk historie 1814–1860, 1999
  • G. Høgset: Gards- og slektshistorie for Oppdal, bd. 1, Oppdal 2001
  • O. Bjerkås: opplysningar frå bygdebokarkivet
  • Kyrkjebøker for Oppdal på Internett: Digitalarkivet/Digitalpensjonatet/Oppdal historielag