Faktaboks

Margrete

Margrete Eiriksdotter, Margrete Eiriksdatter

Jomfrua frå Noreg, Jomfruen fra Norge, Piken fra Norge

The maid of Norway

Fødd
9. april 1283, Bergen
Død
september 1290, Orknøyane
Gravlagd stad
gravlagd i Kristkyrkja på Holmen i Bergen
Verke
Norsk prinsesse, dronning av Skottland
Familie

Foreldre: Kong Eirik 2. Magnusson (1268–1299) og dronning Margrete Aleksandersdotter (1261–1283).

Trulova 18.7.1290 med prins Edvard (den seinare kong Edvard 2.) av England (1284–1327), son til kong Edvard 1. (1239–1307) og Eleonore av Castilla (død 1290).

Margaret, queen of Scotland and daughter of Norway
Glassmaleri av Margrete i Lerwick Town Hall, Shetland.

Margrete var ei norsk prinsesse og dronning av Skottland fra 1286 til 1290. Ho var dotter av kong Eirik Magnusson og Margrete Aleksandersdotter. Mora var dotter av den skotske kongen Aleksander 3.

Margrete Eiriksdotter vart november i 1289 godkjend som Skottlands dronning og arving etter morfaren, som døydde i 1286. Sommaren året etter vart det inngått traktat om ekteskap mellom henne og den engelske tronarvingen prins Edvard (seinare Edvard 2.), men Margrete døydde før ekteskapet kom i stand. Hennar tragiske lagnad som brikke i eit storpolitisk spel har gitt «the Maid of Norway» ein heilt unik plass i skotsk og norsk folkeleg tradisjon.

I 1300 dukka ei tysk kvinne opp i Bergen og utgav seg for å vere Margrete. Ho vart brend på Nordnes året etter. Mange trudde ho var uskyldig dømd og tilba ho som helgen. Den falske Margrete gav rik næring til folkefantasien, og dannar den historiske kjerna i fleire Margreteviser.

Arving til Skottland

Margretes mor døydde truleg i barselseng, og barnet vart derfor frå fødselen arving til restansane av moras medgift, i samsvar med foreldras ekteskapskontrakt. Bevarte kjelder syner at denne delen av traktaten vart følgd opp så lenge Margrete levde. Etter at morfaren, den skotske kongen Aleksander 3., døydde i mars 1286, var Margrete også næraste arving til Skottlands trone. Den formelle skotske godkjenninga av arveretten trekte noko ut i tid, blant anna fordi ein ville avvente om kong Aleksanders nye dronning var gravid. Seinare skulle denne utsetjinga føre til store erstatningskrav frå Margretes far, kong Eirik Magnusson.

Det eldste kjende vitnemålet om Margretes faktiske posisjon som skotsk dronning er eit pavebrev frå april 1288. Eitt år seinare sende kong Eirik sin første delegasjon til kong Edvard 1. av England for å drøfte Margretes stilling, og straks etter utferda Edvard ein petisjon til paven om dispensasjon for giftarmål mellom Margrete og den engelske tronarvingen Edvard (seinare kong Edvard 2). Slik dispensasjon var nødvendig fordi prins Edvard var søskenbarn til Margretes avlidne mor.

6. november 1289 vart det i Salisbury inngått ein norsk-skotsk-engelsk traktat om godkjenning av Margrete som Skottlands dronning og arving, og kort tid etter kom pavens dispensasjon for hennar engelske ekteskap. Etter Salisbury-avtalen skulle Margrete komme til Skottland innan 1. november 1290, og i mars 1290 godkjende ei skotsk stormannsforsamling at ho gifte seg med prins Edvard. Ekteskapstraktaten vart inngått i Birgham 18. juli same år. Her vart det bestemt at Margrete skulle få inntekter av engelske jordegods som morgongåve, og kong Edvard lova henne 400 pund sterling årleg inntil fylte 15 år.

Det har vore vanleg å rekne med at kong Edvard 1. var sjølve drivkafta for å få i stand det norsk-engelske ekteskapet, og det er rimeleg å sjå hans disposisjonar som del av ein langsiktig politikk for engelsk kontroll med Skottland. Kong Edvard ønskte at Margrete skulle sendast frå Noreg til England, noko verken skottar eller nordmenn aksepterte. Kring månadsskiftet september-oktober 1290 vart så Margrete Eiriksdotter send frå Bergen med kurs for Skottland. Dei fremste i følgjet hennar var biskop Narve av Bergen, baron Tore Håkonsson og Tores kone, Ingebjørg Erlingsdotter.

Død

Straks etter ankomsten til Orknøyane spreidde det seg rykte om at Margrete var død, og eit seinare brev opplyser at ho døydde «i biskop Narves hender». Liket vart ført tilbake til Bergen, identifisert av faren og gravlagt i KristkyrkjaHolmen, ved sida av mora. Dødsdagen er ikkje kjend, men det er rimeleg å datere den til sist i september eller byrjinga av oktober. Dersom ho ikkje døydde om bord i skipet, er bispegarden i Kirkwall sannsynleg dødsstad.

Margrete Eiriksdotter kom i fleire år etter sin død til å versere som rettssubjekt i skotsk-norske tvistemål. Blant dei norske forhandlarane var lendmannen Audun Hugleiksson. I 1292 vart det fremma norske krav om at kongeriket Skottland skulle betale ei større erstatning fordi Margrete ikkje straks vart tatt til Skottlands dronning og frue da Aleksander 3. døydde. Samtidig vart det reist krav om at Skottlands riksinntekter i interregnet før Margretes godkjenning skulle tilfalle kong Eirik. Begge desse fordringane må karakteriserast som lite rimelege. Det gjeld også Eirik Magnussons krav på den skotske trona som Margretes livsarving. Kravet vart avvist med den føydalrettslege grunngjeving at tronarven berre galdt i nedstigande linje.

Dei samla tvistemåla om arven etter mor og dotter Margrete skulle i midten av 1290-åra få avgjerande konsekvensar for sjølve grunnkonseptet i norsk utanrikspolitikk. Sjølve berebjelken i norsk utanrikspolitikk hadde lenge vore eit vennskapleg og alliert forhold til England. At Eirik prøvde å vinne Skottlands trone for seg sjølv, forverra imidlertid tilhøvet mellom Noreg og England. Då riksstyret hausten 1295 gjekk inn i ein vidløftig antiengelsk allianse med Englands erkefiende Frankrike, var det eit dramatisk brot med tidlegare utanrikspolitikk. Noreg allierte seg i tillegg med Skottland (som no var i krig med England), og Eirik gifta seg med ei ny skotsk dronning, Isabella Bruce.

Myter og folketru

Både i norsk og skotsk historieskriving har Margrete Eiriksdotters tidlege og tragiske død invitert til kontrafaktisk tenking: Korleis ville den politiske utviklinga i dei tre nordsjøstatane ha sett ut dersom dronning Margrete hadde levd opp og ekteskapet med prins Edvard var blitt realisert? Særleg i Skottland, som i 1296 vart okkupert av engelskmennene, har refleksjonar av dette slaget vore mange. Ein flora av myter og anna tradisjonsstoff kring «the Maid» grodde raskt fram i Skottland. I folkeviser og episk dikting vart ho tema, mellom anna i den omtykte balladen om Sir Patrick Spens.

I Noreg vart folkefantasien helst knytt til «den falske Margrete», ei kvinne frå Lübeck som dukka opp i Bergen i 1300 og utgav seg for Margrete Eiriksdotter. Den historia ho fortalde var åpenbart eit falsum, og både ho og mannen hennar vart avretta på Nordnes i Bergen i 1301. Likevel meinte mange at denne Margrete var ei heilag kvinne. Trass i geistleg motstand begynte folk å valfarte til rettarstaden, og kring 1370 vart det reist ei kyrkje til minne om henne på Nordnespynten. Denne Margretekyrkja var ei valfartskyrkje som kan ha eksistert like til reformasjonen, og som fekk økonomisk underhald særleg av tyske kjøpmenn i Bergen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anderson, Alan Orr: Early Sources of Scottish History, bind 2, Edinburgh 1922/1990, s. 694–696
  • Barrow, Geoffrey W. S.; Helle, Knut; Prestwich, Michael og Crawford, Barbara E.: «Studies Commemorative of the Anniversary of the Death of the Maid of Norway», i Scottish Historical Review, bind 69, 1990, s. 120–184 (fire separate artiklar)
  • Bjørgo, Narve: «Makt og avmakt», i Norsk utenrikspolitikks historie, bind 1, 1995
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Helle, Knut: Bergen bys historie, bind 1, 1982
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 9, 1940
  • Munch, P.A.: Det norske folks historie, del 4, bind 2, 1859
  • Nicholson, Ranald: Scotland. The Later Middle Ages, Edinburgh 1974
  • Regesta Norvegica, bind 2 og 4
  • Reid, Norman: «Margaret ’Maid of Norway’ and Scottish queenship», i Reading Medieval Studies, bind 8, 1982
  • Solheim, Svale (1973). «Historie og munnleg historisk visetradisjon». I Norveg 16, side 96-115.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg