Gausdal er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen svarer omtrent til Gausas dalføre med sidedalar. Grensa i aust går øvst i dalsida mot Gudbrandsdalslågen (Øyer kommune), og i sør tek Lillehammer den nedste delen av dalføret. Resten av sørgrensa går over fjellviddene mot Valdres (Gausdal Vestfjell, også kalla Langsua). Nordgrensa går også over fjellvidder i 1000 meter-nivået og deler Espedalsvatnet med Sør-Fron. Hele artikkelen