Nore og Uvdal er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Numedal. Den austre delen av kommunen, det tidlegare Nore, ligg omkring øvre delen av Numedal med dei store sjøane Pålsbufjorden og Tunhovdfjorden. Ved Rødberg deler hovuddalføret seg. Herfrå fører Uvdal vestover, opp mot Hardangervidda. Kommunen, som strekkjer seg innover Hardangervidda til fylkesgrensa mot Vestland i vest og Telemark fylke i sør, er klart størst i fylket målt etter areal. Hele artikkelen