Audnedal
Audnedal var ein kommune i Vest-Agder fylke og blei oppretta i 1837 då det lokale sjølvstyret blei innført, då under namnet Undal. Kommunen blei 1845 delt i dei to kommunane Sør-Undal og Nord-Undal. Frå Sør-Undal blei Spangereid sokn 1899 utskilt som eigen kommune, og 1911 blei Nord-Undal delt i dei to nye kommunane Vigmostad og Konsmo. I 1964 blei Audnedal kommune oppretta gjennom samanslåinga av dei to tidlegare kommunane Konsmo og Grindheim, samt ein mindre del av Bjelland.
Hele artikkelen
Sist oppdatert
- Audnedal - tidlegare kommune: Steinar Kristiansen godkjente et endringsforslag fra Geir Thorsnæs
- Audnedal - tidlegare kommune: Stine Hovdenakk redigerte og publiserte et endringsforslag fra Eirik Helleve
- Audnedal - tidlegare kommune: bilde oppdatert av Stine Hovdenakk
- Audnedal - tidlegare kommune: oppdatert av Stine Hovdenakk