Klepp er ein kommune i Rogaland fylke, ved kysten på den midtre delen av Jæren. Kommunen strekkjer seg austover til Frøylandsvatnet og ligg såleis på Låg-Jæren med høgaste punkt 102 meter over havet (Tinghaug mellom Bryne og Kleppe). Klepp grensar til kommunane Hå i sør, Time i aust, og Sandnes og Sola i nord. Klepp er ein av to kommunar i Rogaland med uendra grenser sidan det lokale sjølvstyret blei innført i 1837. Hele artikkelen