Faktaboks

Anne-Sofie Strømnæs
Anne-Sofie Østvedt
Fødd
2. januar 1920, Oslo
Død
16. november 2009, Sande, Vestfold
Verke
Kjemikar og motstandskvinne
Familie

Foreldre: Apotekar Ole Johan Østvedt (1887–1968) og Julie Elisabeth Ruud (1894–1983).

Gift 1946 med førsteamanuensis Øistein Strømnæs (1914–1980).

Systerdotter til Johan Tidemand Ruud (1903–1970).

Anne-Sofie Østvedt
Anne-Sofie Østvedt, XU-sentralens nestleiar frå 1943 og fram til frigjeringa i mai 1945. Ukjend datering, men biletet er truleg tatt ein gong i 1942. Østvedt gifta seg seinare med Øistein Strømnæs.
Anne-Sofie Østvedt
Norges Hjemmefrontmuseum.

Anne-Sofie Strømnæs var ei norsk motstandskvinne og kjemikar. Ho var sentral i XU, den største illegale etterretningsorganisasjonen i Noreg under andre verdskrig.

Etter den tyske invasjonen av Noreg kom ho med i illegalt arbeid. I 1943 blei ho, 23 år gamal, nestleiar i XU, medan han som seinare blei ektemannen hennar, Øistein Strømnæs, var leiar. Posisjonen som nestleiar hadde ho til krigen var slutt. I lag etablerte dei eit hovudkvarter på St. Hanshaugen i Oslo, der store mengder etterretningsdata blei handsama.

Bakgrunn

Anne-Sofie Strømnæs som ung. Foto: Norges hjemmefrontmuseum

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Anne-Sofie Østvedt, som ho opphavleg heitte, voks opp i Bærum, Jessheim, Larvik og Lillesand, og ho tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1939. Same året byrja ho å studere realfag ved Universitetet i Oslo.

Etter den tyske invasjonen av Noreg i 1940 deltok i utgjevinga av undergrunnsavisa «Eidsvoll» i lag med nokre andre Blindern-studentar. Ved utgangen av 1941 vart ho rekruttert av til hemmeleg arbeid for XU saman med studiekameraten Bjørn Reinertsen.

XU

Østvedt hadde, til liks med mange i XU ikkje noko forhold til krig og militærvesen. Det vart ein brattlæringskurve, for organisasjonen ho gjekk inn i hadde som si hovudoppgåve å kartlegge den tyske krigsmaktas flyplassar, kystfestningar, luftvernstillingar, forlegningar og forsyningslagre. Rapportane frå agentane ute i distrikta inneheldt også opplysningar om troppetransportar, styrketallet til avdelingane, samt kva slags våpen og materiell dei ulike stridseiningane var utstyrt med.

Østvedt kom med i XU i 1941, vart teken opp i sentralleiinga januar 1943 og vart nestleiar kort tid etter. Hausten 1942 vart ho ettersøkt av Gestapo, og sidan levde ho med falsk identitet i to og eit halvt år. Den lyshåra Anne-Sofie vart til mørke «Åse Berge» eller «Astrid Ødegård». Innan XU gjekk ho under dekknamnet «Aslak», og svært få visste at nestleiaren var ei kvinne. Ho heldt seg også skjult for familien, som trudde ho var trygt i Sverige. Våren 1943 fekk Østvedt difteri og var livstruande sjuk. Likevel nekta ho XU-legen å informere foreldra, fordi det kunne sette både etterretninga og familien i fare.

Saman med XU-sjef og seinare ektemann Øistein Strømnæs etablerte Østvedt eit nytt hovudkvarter ved St. Hanshaugen i Oslo. Det vesle huset i Geitmyrsveien 48 vart våren 1943 ombygd for føremålet, med ei rekke hemmelege rom og avanserte låsesystem. Bygningen fungerte også som ein mottakssentral for etterretningane som kom inn frå gruppene i dei underlagde distrikta. Her vart etterretningsmaterialet kontrollert og klargjort for vidare ekspedisjon som kurerpost til etterretningskontoret i Stockholm. Østvedt utførde mykje av dette arbeidet saman med Strømnæs og innsektforskaren Astrid Løken.

Det store omfanget av verksemda gjorde det også naudsynt og å utveksle opplysningar med ei rekke av de militære og sivile motstandsgruppene, og oppgåva med å halde kontakt med dei andre heimefrontorganisasjonane vart tildelt Østvedt. I lange periodar var det arbeid døgnet rundt. Verken dei tre eller hovudkvarteret vart avslørt av Gestapo. Det fortel om svært gode sikringsrutinar.

Da ho gjekk inn i motstandsarbeidet, var det ein nærmast instinktiv reaksjon. «Det var berre noko som måtte gjerast,» har ho sagt. Bak dei enkle orda låg ein sterk vilje til å kjempe for fridom, demokrati og menneskerettar, mot fascismen og okkupasjonsmakta. Den grunnfesta humanismen heldt ho fast ved sjølv i alle dei åra ho var i dagleg livsfare. Det var den nazistiske staten som var fienden, ikkje det tyske folket. Ho var også sterk motstandar av likvideringar under krigen: «Eg var livredd vi skulle bli som nazistane.» I fleire år hadde ho alltid blåsyretablettar på seg, for å kunne ta sitt eige liv dersom ho vart arrestert. Men ho bar så å seie aldri våpen. Ho ville ikkje kunne drepe eit anna menneske, om han var fiende aldri så mykje.

Etter krigen

Sjukdom, den voldsomme arbeidsinnsatsen og det daglege psykiske presset tærte hardt på kreftene. Ved krigsslutt var ho utsliten. Ho takka ja til eit amerikansk stipend og reiste allereie sommaren 1945 til University of California, Berkeley. Der kom ho til hektene og fortsette studiane som krigen hadde brote av. XU-leiaren Øistein Strømnæs kom etter 1946, og dei to gifta seg kort etter. Anne-Sofie Strømnæs tok mastergraden i næringsmiddelkjemi ved Berkeley. Paret vendte tilbake til Oslo i 1951.

Anne-Sofie Strømnæs unngjekk dei psykiske problema som mange i motstandsrørsla sleit med i ettertid, men hadde drive seg sjølv så hardt at det kom til å prege den fysiske helsa. Ho avslo å bli tildelt dekorasjonar for krigsinnsatsen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fodstad, Bjørg: Brystkaramellene. Fra XU til Grini, Jomfruland 2001
  • Gjelsvik, Tore: Snart kommer vår dag, 1999
  • Jonassen, Mari: Norske kvinner krig 1939-1945, 2020
  • Kramish, Arnold: Griffen. Den største spionhistorien, 1987
  • Norsk krigsleksikon, 1995
  • Studenterne 1939, 1964
  • Sæter, Svein og Sæter, Einar: XU. I hemmeleg teneste 1940–1945, 1995
  • Sæter, Svein: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Ulstein, Ragnar: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45, 3 bind, 1989–92

Faktaboks

Anne-Sofie Strømnæs
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002653628

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg