Aurlandsfjorden

Aurlandsfjorden er ein fjord i Aurland og Sogndal kommunar i Vestland fylke, og er ein djup og trong arm av Sognefjorden.

Aurlandsfjorden skjer seg mellom bratte sider mot sør, og etter rundt tolv kilometer går sidearmen Nærøyfjorden mot sørvest, inn mot tettstaden Gudvangen. Ved innløpet av Nærøyfjorden ligg fjellet Beitelen på venstre side. Fjorden held først fram i søraustleg retning, og seinare i sørleg retning i ei lengd av 17 kilometer inn mellom mektige, opptil 1800 meter høge, bratte fjell. Mot botnen smalnar fjorden av. Ytst i fjorden er han 962 meter djup, ni kilometer frå fjordbotnen er han 414 meter djup, medan han grunnar opp inst.

På vestsida av fjorden, på veg inn mot Aurland, ligg staden Undredal. På austsida av den indre fjorden ligg tettstaden og bygdesenteret Aurlandsvangen. I botnen av fjorden ligg tettgrenda Flåm.

Kart

Aurlandsfjorden
Aurlandsfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg