Faktaboks

Bjørn Eidsvåg
Fødd
17. mars 1954, Sauda
Verke
Sanger, gitarist, komponist og tekstforfatter
Familie

Foreldre: Baker Einar Eidsvåg (1926–) og Evelyn Fredriksen (1933–).

Gift med Ragnhild Idsøe (1954–), datter av Rolf Idsøe og Solveig Ledaal.

Bjørn Eidsvåg.
Av /Pudder Agency.

Bjørn Eidsvåg er ein norsk songar, gitarist, komponist og tekstforfattar. Han har etablert seg som ein av landets mest folkekjære og anerkjende artistar, ikkje minst på grunn av dei personlege tekstane sine. Musikalsk er han i grenselandet mellom rock og viser.

Bakgrunn

Bjørn Eidsvåg vaks opp i Sauda i Rogaland. Han tok examen artium ved Sauda gymnas i 1973 og flytta deretter til Oslo for å studere teologi ved Menighetsfakultetet. Eidsvåg var ferdig utdanna prest i 1980. Han arbeidde som sjukehusprest og familieterapeut ved Lier psykiatriske sykehus utanfor Drammen frå 1981 til 1988.

Musikkarrieren

Bjørn Eidsvåg

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Debutplata, Inn for landing, kom i 1976. Musikkforma og tekstane til Eidsvåg strid mot forventningane til den tradisjonelle kyrkjelege musikken, og han fekk raskt tilnamnet «rockepresten». Tekstane hans er prega av sterke bodskapar, ærlege og modige spørsmål om tvil og tru og kritikk av både kristelege og ikkje-kristelege miljø. Musikken har viseform, men Eidsvåg kombinerer viseforma med element frå til dømes rock, pop, gospel og jazz.

Gjennombrotet kom med den femte plata, Passe gal (1983), som også vart nominert til Spellemannprisen. Songen «Eg ser», ein av dei viktigaste songane til Eidsvåg, var med på denne plata. Sidan 1980 har Eidsvåg turnert jamt, med om lag 80 konsertar årleg dei siste tjue åra.

Eidsvåg slo igjennom som folkeartist og vart allemannseige i 1993 med plata Allemannsland, som på kort tid vart seld i over 60 000 eksemplar. Den neste plata, Landet lenger bak, kom i 1995 og vart seld i 100 000 eksemplar i løpet av hausten 1996. Etter denne plata er nesten alle platene selde i over 100 000 eksemplar. Tålt, som kom i 2002, er seld i langt over 200 000 eksemplar.

Samarbeid

Eidsvåg har samarbeidd med ei lang rekkje av dei viktigaste norske artistane dei siste 30 åra, men han har òg engasjert seg utanlands, særleg i samarbeid med svenske og danske musikarar. I 2003 vart Tålt (2002) utgitt i Danmark, og Eidsvåg vart for alvor omfamna av det danske folket. Suksessen vart følgd opp med ei plate spesielt for det danske publikummet, Skyfri himmel, i 2004. Skyfri himmel fekk draghjelp av danske gjesteartistar, og sidan 2004 har Eidsvåg turnert fleire gonger i Danmark.

Teater og andre litterære uttrykk

I 2006 vart songane til Eidsvåg presenterte for eit teaterpublikum, då Rogaland Teater sette opp framsyninga Skyfri himmel, med manus av Olaug Nilssen. I 2016 var det premiere på det sjølvbiografiske teaterstykket hans, Etterlyst: JesusDet Norske Teatret. Han stod sjølv på scena og hadde skrive nye songar til det. Desse vart gitt ut på eit minialbum. I 2019 kom sjølvbiografien Tro og trass.

Anna engasjement

Eidsvåg har òg brukt musikken i samarbeid med mellom anna NORAD om prosjektet «OBENDA», leidd fjernsynsprogram for Kirkens Nødhjelp frå fangeøya Robben Island i Sør-Afrika og engasjert seg ved å setje søkjelys på overgrep mot mayaindianarane.

Eidsvåg er aktiv i musikkmiljøet og musikkbransjen og var vore med i styret for Norsk Forening for Komponister og Tekstforfattere (NOPA), Gramo og TONO, og Norsk Artistforbund.

Utmerkingar

Eidsvåg toppa Norsktoppen med Gammal drøm i 1985, Dansere i natten og Hjelp uten grenser i 1986, Vertigo i 1988, Teddybjørnens vise og Tre minutt i 1997, Mysteriet deg (duett med svenske Lisa Nilsson) i 2002–2003 og Frøken hjerteknuser (duett med Jan Eggum) i 2007.

Frå og med Dansere i natten (1986) og til 2014 kom alle Eidsvåg sine album inn på Topp 15.

Eidsvåg har fått fleire Spellemannsprisar, mellom anna Årets spelemann i 1997, og Spellemannprisens heiderspris i 2006. I 2006 fekk han òg Norsk Artistforbunds Ærespris.

Album

  • Inn for landing (1976)
  • Bakerste benk (1978)
  • Endelig voksen (1980)
  • Live in Ny York (1981)
  • Passe gal (1983)
  • På leit (1984)
  • Bjørns beste (1985)
  • Dansere i natten (1986)
  • Vertigo (1988)
  • Tatt av vinden (1989)
  • Alt du vil ha (1990)
  • Allemannsland (1993)
  • Landet lenger bak (1995)
  • På svai (1997, listetopper)
  • Tapt uskyld (1999)
  • Hittil og littil (2000, live)
  • De beste (2009)
  • Tålt (2002listetopperen )
  • En vakker dag (2004, listetopperen )
  • Nåde (2006, listetopperen ),
  • Pust (2008, listetopperen),
  • Rundt neste sving (2010)
  • Far faller (2013)
  • Klassisk Bjørn Eidsvåg (2014), sett saman av gamle songar innspelt med Kringkastingsorkesteret.
  • Tapt paradis (2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005
  • Randi Berge Svendsen: Bjørn – en biografi. Nesøya 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg