Faktaboks

Administrasjonssenter
Føresvik
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
855 (2022)
Landareal
45 km²
Høgaste fjell
Boknafjellet (293 moh.)
Innbyggjarnamn
boknar
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Bokn kommune i Rogaland
Bokn kommune i Rogaland fylke.
Kart: Bokn kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sunnalandsstraumen kanal

Bokn er ein kommune i Rogaland på nordsida av Boknafjorden innanfor Karmøy. Bokn består av til saman 125 øyar, holmar og skjer. Der bur folk på fire av dei: Vestre Bokn og Loten, til saman 35,2 kvadratkilometer (km²), som er forbunde med bru over den smale Sunnalandsstraumen, og dessutan Austre Bokn (7,5 km²) og Ogn eller Ognøy (2,2 km²).

Kommunen blei oppretta i 1849 ved utskiljing frå Skudenes kommune. Sidan har grensene vore uendra.

Natur

Bokn

Boknafjellet med fjernsyns- og radiosendaren på toppen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Strandflata er tydeleg utvikla på Vestre Bokn og dannar ein brem av dels myrlendt, nokså flatt land av vekslande breidde. Her finst ei rekkje småvatn. Elles har øyane eit relativt kupert terreng med høgaste punkt Boknafjellet (293 meter over havet) på Vestre Bokn.

Berggrunnen på Vestre Bokn/Loten, og dessutan i ei smal stripe på vestsida av Ognøy og Austre Bokn, er eldgamle gneisar, truleg av grunnfjellsalder («botngneis»). Over dette er det heilt i søraust på Vestre Bokn ei smal stripe av yngre skifrar, mest glimmerskifer, av kambrosilurisk opphav, men omdanna i kaledonsk tid (sjå den kaledonske orogenese). Desse skifrane dominerer berggrunnen på Ognøy og Austre Bokn. Alle øyane i kommunen er for det meste utan tre eller skog.

Kommunen har to naturvernområde:

  • Brennevinsskjeret naturreservat, sjøfugl, 13,0 dekar, verna i 1982
  • Nautøy, Longholmen og Bukkholmen naturreservat, sjøfugl, 510,4 dekar, verna i 1982

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 2,0 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,7 °C. Mest nedbør er det i november med normal på 189,0 millimeter, og minst er det i mai med normal på 79,0 millimeter. Målingane er gjorde ved Sigmundstad målestasjon.

Busetjing

Det aller meste av busetjinga ligg på strandflata, men enkelte gardar finst opp til vel 50 meter over havet. Busetjinga er tydeleg konsentrert til Vestre Bokn. Ein vesentleg del av denne finn ein langs Boknasundet mellom Vestre og Austre Bokn. Her ligg begge tettstadene i kommunen, Føresvik (kommunesenter) og Bokn. Austre Bokn/Ognøy har om lag ein fjerdedel av befolkninga i kommunen, denne finn ein særleg sør og vest på Austre Bokn.

Folketalet i kommunen har halde seg relativt stabilt gjennom heile 1900-talet. Det viste tilbakegang i perioden 1960–1980, men har sidan auka noko, ikkje minst etter opninga av fastlandssambandet i 1990 (Austre Bokn og Ognøy) og 1991 (Vestre Bokn). I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,8 prosent årleg, mot 1,6 prosent i fylket samla sett.

Kart over Bokn kommune
Kart over Bokn kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Det er 428 sysselsette i kommunen (2020). Av desse er om lag 16 prosent sysselsette i primærnæringane. Hovudvekta i jordbruket er laga på mjølkeproduksjon og sauehald. Fiskeoppdrett er og ei viktig næring i kommunen, medan fisket elles for det meste blir drive som heimefiske etter torsk og liknande, og dessutan skaldyr/blautdyr. Berre ein mindre del av fangsten blir ilandført i kommunen.

Om lag 29 prosent av dei sysselsatte i Bokn arbeider i sekundærnæringane (2020). Industrien i kommunen er dominert av gummi-, plast- og mineralsk industri. Det største firmaet er Bokn Plast AS, som mellom anna produserer tankar og kar til oppdrettsnæringa.

Tertiærnæringane i Bokn hadde om lag 55 prosent av dei sysselsette (2020). Viktigaste næringar er varehandel, hotell og restaurant, samferdsel, finanstenester og forretningsmessige tenester med totalt om lag 26 prosent av dei sysselsette, og helse- og sosialtenester med om lag 21 prosent.

Pendlinga i kommunen er betydeleg. I 2021 pendla 213 personar ut av kommunen og 85 inn. Dei fleste som pendlar ut gjer det til Haugesunds-området (Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord).

Samferdsel

Vegnettet har blitt vesentleg utbygd sidan slutten av 1980-åra. Stamvegen langs vestlandskysten, E39, kjem nordfrå over bru til Ognøy (opna i 1988) og går vidare over bruer til Austre Bokn (opna i 1990) og Vestre Bokn (opna i 1991). På Vestre Bokn knytar fylkesvegane 4764 og 4766 vestsida av øya saman med E39 på austsida. Det går bilferje frå Arsvågen lengst sør på Vestre Bokn til Mortavika på Rennesøy. Herfrå er det ferjefritt samband til Stavanger.

Det ligg føre planar om ferjefri kryssing av Boknafjorden frå Arsvågen til Randaberg nord for Stavanger, sjå Rogaland.

Boknafjellet på Vestre Bokn er det montert ein hovudsendar for radio og fjernsyn.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bokn høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Bokn er del av Haugaland næringsregion saman med Haugesund, Karmøy, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Bokn kommune svarer til soknet Bokn i Haugaland prosti (Stavanger bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bokn til Ryfylke fogderi (futedøme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bokn

For statistiske føremål er Bokn kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman fem grunnkrinsar: Austre Bokn, Føresvik, Alvestad, Vatnaland og Hognaland.

Historikk og kultur

Klepp kystfort

«Humraparken» ligg søraust for Austre Bokn på Nordre Vågaholmen og er det viktigaste kulturminnet i Bokn kommune. Staden er nemnt første gong i 1607. Frå cirka år 1660 kom hollandske brønnbåtar hit og kjøpte opp levande hummar for eksport. I 1839 kjøpte den engelske hummareksportøren Groom & Son staden og bygde ein av dei første og eldste hummarparkane i landet. I hamna på nordsida av øya blei det bygd store steinbryggjer og sju sjøhus. Her var det også ishus, handel og bakeri. Eit par hundre meter opp frå hamna blei det reist eit stort hovudhus. På det meste skal det ha gått sju fartøy i fast fart mellom England og Nordre Vågaholmen. Heile anlegget blei lagt ned og fråflytta i 1890-åra. I dag ligg heile hummarparken nokså intakt. I hamna ligg framleis restar etter bryggjeanlegga, og eit av sjøhusa står framleis.

I nordenden av Boknabergsvatnet går Kvednabekken ned til Boknasundet, der det er kvernhus og opparbeidd møteplass. Her ligg også tusenårsstaden til kommunen. På garden Laupland er røykstova frå omkring 1600 den eldste i regionen. Bokn bygdemuseum ligg i det gamle ungdomshuset på Håland og gir eit mangfaldig innblikk i livet på Bokn i perioden 1850–1900.

Sunnalandsstraumen mellom øyane Vestre Bokn og Loten er ein kanal som blei bygd i 1870 for å gjera det lettare for små fartøy å ta seg trygt mellom Karmsundet og Boknasundet.

På øya Loten etablerte tyskarane Klepp kystfort (Heeres Küsten Batterie 2/978) i 1941. Det blei sett opp med fire franske K332-kanonar med ei rekkjevidde på 16 kilometer for mellom anna å dekkja Boknafjorden og Karmsundet. Fortet hadde eit mannskap på vel hundre personar og var i drift resten av andre verdskrigen. I dag er det mange restar igjen etter verksemda, som er eit mykje besøkt kulturminne.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har ein varde beståande av seks sølvfarga sirklar mot ein blå bakgrunn. Sirklane symboliserer Boknafjellet, som er eit kjent sjømerke, og blåfargen illuderer tilknytinga kommunen har til havet. Valet av sølvfarge på varden viser også til fiskerikdommen i havet.

Namnet Bokn har usikker tyding, truleg er det ei avleiing av eit eldre, germansk ord med tydinga ‘merke, teikn’, og viser i så fall til Boknafjellet som sjømerke. Hollendarane og hanseatane kalla til dømes dette seglmerket Bück (eller Buch) van See.

Ei mindre sannsynleg forklaring er at namnet er ei avleiing av norrønt boka, ‘støyte, slå’, altså ‘øy som bølgjene slår mot’. Det er også sett fram forslag om å knyta namnet til trenamnet bøk, men dette er heller ikkje rimeleg.

Bokn har gitt namn til Boknafjorden, den breie, opne fjordstrekninga som går inn frå havet på sørsida av kommunen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Lindanger, Birger: Bokn: gard og ætt, 2001–2002, to bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg