Faktaboks

Innbyggjartal
569 (SSB, 2023)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
3151 Dalen
Tokke

Dalen ligg ved vestenden av Bandak.

Av /KF-arkiv ※.
Dalen hotell
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Dalen er ein tettstad i Tokke kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 569 innbyggjarar (2023).

Dalen er administrasjonssenteret i Tokke kommune, og ligg ved vestenden av innsjøen Bandak. Tettstaden ligg på det flate deltaet som elva Tokke har danna ved utløpet i Bandak.

Staden er endepunkt for kanal- og innsjøruta frå Skien, som frå Skien til Norsjø heiter Skien-Norsjøkanalen og frå Norsjø til Dalen heiter Bandak-Norsjøkanalen. Desse to kanalane utgjer Telemarkskanalen. Dalen utvikla seg som ein turiststad da kanalfarten tok til.

Dalen bygdesentrum voks sterkt i 1950-åra på grunn av kraftutbygginga, men gjekk tilbake i 1960-åra. Tokke kraftverk, som nyttar fallet frå Vinjevatnet, ligg i Dalen. I Dalen er det reist ein minnestein over dei i alt 23 arbeidarene som omkom i arbeidsulykker i anleggsperioden for Tokke-utbygginga. Viktigaste næringsverksemd er verkstadindustri og kjemisk industri. Dalen hotell, som vart bygd i 1894 og restaurert i 1992, er ein av Noregs største trebygningar.

Kart

Dalen
Dalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg