Faktaboks

Einar Johannes Lundeby
Fødd
3. oktober 1914, Spydeberg
Død
7. mars 2011, Asker

Einar Johannes Lundeby var ein norsk språkforskar og professor. For ein generasjon av norskfilologar var han eit førebilete som formidlar.

Bakgrunn

Einar Johannes Lundeby var fødd i Spydeberg i Østfold, og voks opp i Hobøl. Han var odelsgut, men valde ein akademisk livsveg. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1940, var lektor i den høgre skulen frå 1941, så lektor i norsk ved universiteta i Göteborg og Lund 1945–50 og sekretær for bokmål i Norsk språknemnd 1952–1958.

Språkvitskapleg arbeid

Frå 1961 var han universitetslektor ved Universitetet i Oslo, frå 1967 dosent i nordisk språkvitskap og i 1971–1984 professor same staden. Doktorgraden tok han i 1966 på avhandlinga Overbestemt substantiv i norsk og de andre nordiske språk.

Lundeby gav ut fleire lærebøker og ordlister, mellom anna Norsk språklære for svensker (1951), Språket vårt gjennom tidene (første utgåva 1956, saman med Ingvald Torvik), Norsk ordliste (første utgåva 1969) og Lexi. Nye ord, vanskelige ord, fremmedord (1973). Han skreiv om hobøldialekten i Hobølboka (1994) og skreiv studien Østfoldmål, utgitt av Østfold Mållag (1995). Nokre av dei vitskaplege arbeida hans er samla i festskriftet til 80-årsdagen i 1994.

Lundeby var medredaktør av tidsskriftet Maal og Minne i 1967–1995, formann for Den internasjonale sommerskole i 1981–1985 og medlem av Norsk språkråd i 1980–1987, der han skiftevis var formann og varaformann i fagnemnda. Han var medlem av Det Norske Vitskapsakademiet frå 1972.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bernt Fossestøl (red.): Festskrift til Einar Lundeby 3. oktober 1984. Oslo 1984
  • Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
  • Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
  • Einar Lundeby: De norske lærernes kamp i 1942. Oslo 1992
  • Einar Lundeby: Norsk og nordisk. Femten studier i språkhistorie og språknormering. Festskrift på 80-årsdagen 3. oktober 1994, Redigert av Ernst Håkon Jahr og Geirr Wiggen. Oslo 1994
  • Einar Lundeby: Østfoldmål. Østfold Mållag, Gressvik 1995
  • Einar Lundeby: «'Ånd må vinna på troll til sist'», i Andreas Skartveit: Vi valgte det vi ikke kjente. Norske krigsdeltakere dengang og nå. Oslo 1995
  • Leif Mæhle, Einar Lundeby, Oddrun Grønvik (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987

Faktaboks

Einar Johannes Lundeby
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003151939

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg