Eindride er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ein-d-ríði. Forleddet Ein- tyder ‘aleine, eineståande, mens etterleddet -riði er avleidd av verbet ríða (‘ride’) eller ráða (‘råde’) i norrønt.
Namnet kan som heilskap ha hatt ei meiningsfull tyding: ‘han som rir aleine’ eller ‘han som rår aleine’. I dette namnet fanst opphavleg ikkje [d]-en midt i namnet, men denne lyden vart sett inn for å lette overgangen mellom [n] og [r] i norrønt.
Namnet har fleire variantar: Eindride, Einride.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.