Faktaboks

Francis Galton
Sir
Uttale
gˈå:ltən
Fødd
16. februar 1822
Død
17. januar 1911
Francis Galton

Francis Galton var ein britisk antropolog, psykolog og statistikar, og ein ivrig forkjempar for eugenikk.

Galton var sterkt påverka av utviklingsteorien, og særleg oppteke av variasjonane innanfor arten menneske. Spesielt ville han kartleggje skilnader i evner og anlegg, som han meinte var arveleg bestemd. Han utvikla òg statistiske metodar for å skildre variasjon og samvariasjon mellom eigenskapar.

I fleire bøker gav han grunnleggjande bidrag til differensialpsykologien, og han fekk òg stor innverknad på genetisk forsking i Storbritannia, særleg på den såkalla biometriske retning, kalla opp etter tidsskriftet Biometrika, som han gav ut saman med matematikaren Karl Pearson.

Galton gjekk òg kraftig inn for «raseforbetringa», som han kalla eugenikk. Han testamenterte heile den store formuen sin til eit laboratorium for eugenikk, knytt til London University.

Han var fetter av Charles Darwin.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg