Faktaboks

Frode Grodås
Fødd
24. oktober 1964, Hornindal, Sogn og Fjordane (no Volda, Møre og Romsdal)
23. juni 1998 vert rekna som ein merkedag i norsk fotball. Det var den dagen Noreg slo det legendariske landslaget til Brasil 2-1 i dei innleiande rundene til VM. Her er dåverande landslagssjef Egil Olsen framom troppen på 22 mann som blei med til VM i 1998.
Bak frå venstre: Kjetil Rekdal, Stig Inge Bjørnebye, Gunnar Halle, Egil Østenstad, Ståle Solbakken, Henning Berg, Håvard Flo og Erik "Myggen" Mykland. I midten frå venstre: assistentrener Bjørn Hansen, Tore André Flo, Jostein Flo, Ronny Johnsen, Dan Eggen, Vidar Riseth, Erik Hoftun. Framom frå venstre: Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonhardsen, Espen Baardsen, Frode Grodås, Thomas Myhre, Roar Strand, Vegard Heggem og Jahn Ivar "Mini" Jakobsen.
/NTB Scanpix.

Frode Grodås er ein norsk fotballtrenar, tidlegare profesjonell fotballspelar og målvakt. Han har 50 A-landskampar for Noreg og var rekna som ein av berebjelkane på landslaget under stordomstida på 1990-talet. Han spelte òg alle kampane for Noreg under VM i Frankrike i 1998, der Noreg blant anna slo Brasil 2–1 i ein historisk siger for Noreg. Grodås var Noreg sin kaptein under VM i 1998.

Bakgrunn

Frode Grodås frå Grodås i Hornindal i Sogn og Fjordane vart fødd i Volda i Møre og Romsdal. Han er utdanna ved Sogndal lærarhøgskule (1983–1986).

Spelarkarrieren

Klubbfotball

Grodås starta fotballkarrieren i Hornindal IL før han drog til Sogndal IL i 1982. I 1986 bytte han klubb til Lillestrøm SK og vann seriegull i 1989. I 1996 skreiv han under for Chelsea i Premier League. Høgdepunktet i England er sigeren i FA-cupen i 1997. Grodås var også innom Tottenham, før turen gjekk vidare til Tyskland og Schalke 04. Her var han med på å vinne to cupmeisterskap. Grodås var også på eit kort låneopphald i den spanske klubben Racing Santander i 1999. Frode Grodås avslutta spelarkarrieren i Hønefoss i norsk 1. divisjon.

Landslaget

Grodås vart teken ut i A-landslagstroppen for fyrste gong i 1989. I den fyrste delen av landslagskarrieren var han mest reserve for Erik Thorstvedt. Grodås debuterte på landslaget i 1991 og fekk eit gjennombrot i VM-kvalifiseringskampen mot PolenUllevål i 1993. Grodås var med som reserve i VM-sluttspelet i USA 1994, men vart ikkje fyrstekeeper på landslaget før etter kvalifiseringa til EM-sluttspelet i England 1996.

I perioden 1996 til 1999 var Grodås Noreg sitt fyrsteval på keeperplassen. I VM-sluttspelet i Frankrike i 1998 spelte Grodås alle kampane. Han var kaptein i 26 kampar, bidrog til at Noreg vann kvalifiseringa til VM i 1998 og til at Noreg tok seg til åttandedelsfinalen, der det blei 0–1-tap mot Italia. Etter VM var han ikkje sjølvskriven som A-landslagskeeper meir, sidan han ikkje spelte fast på klubblaget. Han stod ein handfull kampar før det vart stopp tidleg i 1999. Grodås fekk to landskampar i 2002. Med det runda han av landslagskarrieren med 50 A-kampar.

Spelestil

Grodås sine sterkaste sider som keeper var reaksjonsevne og den sikre framferda i feltet. Hans svake sider var utryggleik ved tilbakespel og med ballen i beina. Som sisteskanse etter at utanlandskarrieren starta i 1996, hadde han større tillit på landslaget enn på klubblaga, der han ofte var andrekeeper.

Trenarkarrieren

Grodås hadde eit kort vikariat som keepertrenar i Schalke 04 i 2005. I 2006 fekk han sin fyrste trenarjobb, då han vart hovudtrenar i Ham-Kam. Grodås slutta etter eitt år, sidan laget enda på nedrykksplass.

I 2007 vart han keepertrenar i Lillestrøm, og i 2009 fekk han same stilling på landslaget. Grodås gav seg som keepertrenar for LSK vinteren 2010, for å konsentrere seg om arbeidsoppgåvene for landslaget.

Personlege merittar

Grodås blei tildelt Kniksenprisen som årets keeper i 1991 og 1993. Av VG blei han kåra til Årets keeper i 1993. Med 26 kampar som norsk landslagskaptein vart han nummer 8 på statistikken.

Våren 2011 var han programleiar for keeper-realityserien ”Nummer 1” på NRK. Vinteren 2017 deltok Grodås i Mesternes mester på NRK 1.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jan Holm og Drillo: Eventyret Drillos. Oslo 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg