Faktaboks

Gaustatoppen

Gausta

Etymologi
Gausta var opphavleg namn på garden Svadde i Vestfjorddalen. Førsteleddet er ikkje sikkert forklart, sisteleddet er stø, ‘båtstø’
Gausta

Gausta. Gaustatoppen sett frå Haddeland i aust. I fjellsida til venstre ligg Kvitåfossen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Gaustatoppen
Gaustatoppen er ein populær destinasjon for fotturar. Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte.
Av /Shutterstock.

Gaustatoppen er det høgaste fjellet i Telemark. Gausta har ei høgd på 1883 meter over havet, og ligg like sør for Rjukan i Tinn kommune.

Fjellet er bygd opp av Telemarksuiten, som består av hard kvartsitt. Fjellmassivet går vidare søraustover på den slakare Gaustadråen (1570 moh.) og Gaustakne (1525 moh.).

Historikk

Gaustatoppen er eit av dei beste utsiktspunkta i landet, med fri synslinje til Jotunheimen i nord, Oslomarka og Linnekleppen i Østfold i aust, havet mellom Kragerø og svenskekysten i søraust og Hardangervidda i vest, i alt eit område på cirka 50 000 kvadratkilometer. Dei første som ein veit gjekk til topps var Christen Smith og Jens Esmark, i 1810.

Telemark Turistforening har ei betent hytte ein kilometer sør for høgste toppen, bygd i 1893. Det var vêrvarslingsstasjon på Gausta frå 1935 til 1974. I samband med eit NATO-anlegg vart det bygd ein kabelbane i tunnel som stod ferdig i 1959. Banen går frå Langefonn opp til den gamle radiolinjestasjonen. Etter fire års prøvedrift vart Gaustabanen opna for allmenn ferdsel frå 2010. Gausta hovudsendar for radio og fjernsyn vart opna i 1970.

Samferdsle

Det går fylkesveg frå Vestfjorddalen til Svineroi seter og turisthytte (1019 meter over havet), cirka 1 kilometer i luftlinje aust for foten av Gausta. Det høgaste punktet på vegen er Flistjønnskaret 1275 meter over havet. Vegen held fram vidare sørover til Tuddal og til E134 ved Sauland kyrkje.

Namn

Tydinga av det første leddet i namnet Gausta er uviss, men det kan vera gaut, «flaum». Det andre leddet, «sta», kjem av norrønt stoð, som tyder «landingsplass, båtstø».

Kart

Gausta
Gausta
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Erlend Hammer

Hei Espeland, ang. kabelbanen som er nevnt i artikkelen om Gausta: Jeg regner med det siktes til Forsvarets togsystem (el. tog og 2 x "funicular"/"fløybane) som går fra Langefonn opp til den gamle radiolinjestasjonen? Den ER åpnet for allmennheten; først prøvedrift i fire år før offisiell drift kom i gang i ... 2010, tror jeg det var (er temmelig sikker). Mvh. Erlend Hammer, fagansvarlig for no. festninger og mil.anlegg.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg